Adam og Eva, 1 og 2

02.08.2014
Asbjørn Hunnes
Jesus

Dei to dagane som utan samanlikning har hatt mest å seie i verdssoga, både for historisk og forhistorisk tid, er utan samanlikning langfredag og første påskedag.

Den langfredagen då Jesus døde og den påskedagen då han stod opp frå dei døde. Skulle alt desse dagane har betydd skrivast opp, trur eg ikkje heile Internett kunne romme alle bøkene som då laut skrivast. Dessutan: vi menneske maktar ikkje å ta imot så mykje informasjon. Men plukkar vi ut ein liten detalj og ser på han, då kan det være at vi plutseleg sit med ein av juvelane i Kristi tornekrone mellom hendene.

Då sabbaten var til ende, altså laurdag kveld etter soleglad, var Maria Magdalena med nokre andre kvinner og kjøpte angande krydder. Og før sola rann den første dagen i veka, altså søndags morgonen, gjekk kvinnene til Jesu grav for å salve liket og slik syne Jesus den siste ære. Då opplevde dei noko rart. Grava stod  open og liket var borte. Kvinnene vart skuffa og forlèt grava, men Maria Magdalena orka ikkje meir, ho vart ståande der og brast i gråt. Var Maria rådlaus allereie, så måtte det gå heilt rundt for henne då ho såg to englar inne i grava. Ho snakka endåtil med dei, så då Jesus sjølv snakka til henne så trudde ho at det var han som vakta hagen.

Men her må vi stoppe, for Børre Knudsen seier at Maria Magdalena tok ikkje feil. Akkurat då, som ingenting var som det pla vere og vi skulle tru at ho var heilt forvirra, såg ho klårare enn nokon av oss. Korleis kunne det henge saman? Jau, det var Adam som fekk i oppgåve å dyrke og vakte hagen (1.Mos. 2,15). Men Adam laut døy, for han vakta ikkje hagen. I staden for å vedgå det han hadde gjort, rømde han frå ansvaret sitt og la det på Eva. Nei, så var det ikkje Adam som stod framfor Maria. Det var den andre Adam. Det var han som krasa hovudet på slangen si ætt, langfredag. Det var han som vakta hagen, slik Gud ville Adam skulle vakte han. Jesus la ikkje skulda på andre trass all den angst og smerte det kosta han. Maria Magdalena såg rett når ho såg han som vakta hagen, men ho gjorde seg skuld i ein annan feil. Vi minnest at Herren let det kome ein tung svevn over Adam, og då han vakna så fann han kona si. Her var det den andre Eva, som stod framfor sin andre Adam, og så trudde ho at han sov framleis. Då han sa namnet henna, kjende ho han og sa: «Rabbuni» - min Herre.

Men den andre Adam som nettopp hadde vakna av den tunge svevnen, kven var det han fann? Jau, det var den andre Eva, Kristi brud. Kven var så ho? Jau, det var Maria Magdalena som  han med krafta frå sin korsdød hadde drive sju vonde ånder ut av. Etter tradisjonen var ho den syndefulle kvinna i farisearen Simeon sitt hus. Ho som elska så mykje fordi ho ved Jesu Kristi soningsdød på korset hadde fått dei mange syndene sine tilgjevne. No stod ho framfor Herren sin, utan flekk eller rukke eller noko slikt, men at han (Kyrkjelyden) kunne vera heilag og ulastande. Ef 5:27

Det er ikkje Maria Magdalena Paulus talar om i Ef. 5:27. Det er kyrkjelyden. Ved grava stod den fallne kvinna, født på ny gjennom Jesu død og oppstode som ein verdig representant for heile Jesu Kristi Kyrkje som er Kristi brud. (Joh. 3;4 – 7.)

Då den første Adam vakna av svevnen, sa han ikkje namnet til kona si. Nei, han kjende henne ikkje slik den andre Adam gjorde. Kristus kjende si brud då han vakna av sin tunge svevn, Ikkje berre Maria Magdalena, men kvar einaste sjel i heile den uteljande kvite skare, kvar einaste som tvetta kjortelen sin i hans blod. Kristus kjende og kjenner dei fordi dei er utvalde frå før verda sin grunnvoll vart lagt. Før Adam og Eva vart skapte, før syndefallet, før profetorda  om han som skulle krase hovudet til slangens etterkomarar.

Det første Adam sa då han møtte kona si var: Dette er då kjøt av mitt kjøt og bein av mine bein. Seinare feira Maria Magdalena sikkert nattverden saman med dei andre i kyrkjelyden. Ho fekk då høyre om lag dei same orda: «Dette er Jesu lekam. Dette er Jesu blod.» Når Paulus talar om Kyrkjelyden som Kristi lekam,  (1.Kor. 12.) er det lite tvil om at det er nattverdsfellesskapen han har i tankane. Det er soleis vanleg at vi seier at nattverdsfellesskapen konstituerer kyrkjelyden.

Den første Adam sa: mitt kjøt og mine bein. Jesus sa: min lekam og mitt blod. Kjøt og Lekam er det same, men bein og blod er ulikt. Legg merke til at når Paulus talar om den første og den andre Adam (Rom.5.) så er dei motsetnader. Død og liv. Legg merke til at bein i G.T. er nesten alltid døde menneske, (t.d. Esek. 37) medan livet er i blodet.(3.Mos.17,11)  Altså er det ikkje berre den første og den andre Adam som er motsetnader, men og den første Eva og Kristi brud. Dette er det Luther forklarar i katekisma i samband med dåpen:

For det fjerde: Hva betyr det å bli døpt med vann?

Svar: Det betyr at den gamle Adam i oss skal druknes ved daglig anger og bot, og dø med alle synder og onde lyster. I stedet skal et nytt menneske komme frem og oppstå hver dag. Dette nye menneske skal leve evig for Gud i rettferdighet og renhet. (Henta frå DELK si katekisme på Internett.)

Desse to storleikane: Det som er født av kjøt, og det som er født av Anden, finn vi og i Ef. 5. Her skal vi berre ta med nokre få vers: 24 Men liksom kyrkjelyden underordnar seg under Kristus, slik skal òg konene underordna seg under mennene sine i alle ting.

25 De menn: Elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkjelyden og gav seg sjølv for han,

31 Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt kjøt.

32 Denne løyndomen er stor – eg talar her om Kristus og kyrkjelyden.33 Men òg kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og kona skal ha age for mannen sin.

Den store løyndomen her er at mann og kone, som er født av kjøt, skal leve saman som Kristus og kyrkja, som er født av Anden. Men det kan dei jo ikkje, for det som er født av kjøt er kjøt. Likevel kjenner vi att grunnmønsteret i alle Paulus sine formaningar: Såleis skal de òg rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus. Lat difor ikkje synda råda i dykkar døyelege lekam, så de lyder lystene hans. Rom 6.11f

Dette er ei umogeleg oppgåve. Ja vel, likevel er det dette vi er kalla til. Vi skal forsake den første Adam sine lyster, slik at Kristus kan vinne skikkelse i oss. Det er dette som ligg i orda frå vigsels- liturgien for brudepar frå 1924: «hjelpe kvarandre fram til det evige livet.» Den gamle Adam vil leve og blomstre til vår døyande deg. Ja vel, men så har vi og lært både å tilgi og å ta imot tilgjeving.

Kanskje levde Maria Magdalena så lenge at ho song Kristushymnen, som Paulus skriv i Fil.2,6-11, saman med kyrkjelyden. Når vi les denne hymnen, er det vanskeleg å ikkje tenke på det den første Adam sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei skal vera eitt kjøt.1Mos 2.24. Så dukkar det opp att: Her er ein skilnad mellom den første og den andre Adam: slutten på Kristushymnen kan berre seiast om den andre Adam, og absolutt ingen andre:

 Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namnet som er over alle namn, så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, deira som er i himmelen og på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære. Fil 2.9-11.

 

Så sluttar vi med håpet. Håpet som ikkje er vårt, men som vart gitt oss ved det Jesus Kristus gjorde Langfredag og 1. påskedag. Det som står fast gjennom alle tider og alle æver:

Lat hugen dykkar vera vend mot det som er der oppe, ikkje mot det som er på jorda. De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de òg verta openberra i herlegdom saman med han. Kol 3.2-4.

Ser du korleis Kristi tornekrone glitrar i lyset frå oppstoda?