Aktuelt om forkynninga og utfordrande for forkynnarar

12.08.2018
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Etiopia Jesu liknelser Mosebøkene Nicolai Winther-Nielsen C.S. Lewis Søren Kierkegaard Dansk Bibel-Institut Forkynnere Danmark Forkynnelse Antinomisme Nådemiddel Guds Ord

Alt kristent arbeid står og fell med forkynninga. Ordet og forkynninga er nådemiddel, som også gjer dåpen og nattverden til nådemiddel.

"Den kristne forkyndelse"

Sidan forkynninga er nådemiddel, det midlet som Gud gjer si gjerning ved til tru, heilagt liv og misjon, er det avgjerande viktig at forkynning har den rette posisjonen i alt kristent arbeid, og at ho har det rette innhaldet. Det må ein kontinuerleg arbeida med, ellers mister forkynninga automatisk sin sentrale posisjon og ho vert innhaldsmessig utvatna.

Denne boka er ei hjelp til rett forkynning. Det er ikkje ei vanleg preikelære, eller ein systematisk gjennomgang av det som har med forkynninga å gjera. Det er ei bok som tek opp ulike, og nokså forskjellige, tema knytt til forkynninga. Ho orienterer seg både teoretisk og praktisk, ut frå Bibelen og historia, med målet å nå folk med Guds ord til frelse og nytt liv. Forfattarane har tilknytting til Dansk Bibel-Institut, og har ei sterkt bibelforplikta haldning til stoffet og til forkynninga. Boka er altså på dansk, men språket er lett tilgjengeleg også for nordmenn.

Det dreier seg om ei teologisk fagbok, og det pregar framstillinga. Boka inneheld sju etter måten store artiklar, som alle er fagfellevurderte. Artiklane varierer ein god del teologisk med tanke på innhald og språkbruk, og fleire av dei er relativt krevjande å lesa og tileigna seg. Noko av det krevjande går på det faglege, men noko går også på at stoffet utfordrar og verkar til ransaking. Det vil alltid vera slik at bakgrunn og interesse hjå lesaren vil spela inn på kva artiklar ein finn mest interessante og aktuelle.

To av artiklane er om to forkynnarar, som ikkje primært er kjende som forkynnarar. Den eine er Søren Kierkegaard, som er mest kjend som kristen filosof og kyrkjekritikar. Den andre er C. S. Lewis, som er mest kjend som forfattar og kristen apologet. Begge heldt preiker, men heller få. Gjennomgangen av desse er interessant nok, og til inspirasjon og lærdom, men det er andre sider ved desse to som ruvar høgare enn forkynninga.

To av artiklane er direkte knytte til bibeltekstar. Den eine er av professor i GT, Nicolai Winther-Nielsen, og tek opp korleis vi kan bruka Mosebøkene i den kristne forkynninga med tanke på rettleiing i livet. Midt i alle bibelkritikken som for tida rammar GT, er det oppløftande med ein fagmann på professornivå som til dei grader tek Mosebøkene og teksten på alvor, og som utlegg stoffet med tillit. Dette er nok ein av dei fagleg sett mest krevjande artiklane i boka, i alle fall for oss vanlege lekfolk. Innfallsvinklane til stoffet er til dels originale, og dei utfordrar på ein positiv måte med tanke på bruken av boda og forskriftene i Mosebøkene i dagens forkynning

Den andre av desse artiklane er om å tolka og preika over Jesu likningar. Denne er nok meir tradisjonell i form og oppfatning av stoffet, og med det også lettare tilgjengeleg. Her kan ein henta praktisk nytte med tanke på eiga forkynning.

Ein av artiklane er nokså dogmatisk orientert, og tek føre seg kva Guds nærvær i Ordet som lov og evangelium inneber, under stikkordet «verbalpræsens». Artikkelen er skriven av Peter Olsen, som tidlegare har skrive ei bok om bibelsynet. Også denne artikkelen er fagleg krevjande, men innhaldsmessig svært god og aktuell.

For meg var denne artikkelen eit av høgdepunkta i boka, samstundes som han var ein av dei som skapte ransaking og utfordra mi eiga forkynning. Det siste særleg ein del stoff som Olsen hentar fram frå Martin Luther om forkynninga av Guds lov, dom og straff. Her gjeld det at ein ikkje berre har eit rett «syn» på lova og Guds straff og dom, men at dette er ein integrert del av forkynninga, slik at evangeliet, nåden og frelsa får sitt rette lys og si rette kraft. Her er vi ved eit svakt punkt i mykje av dagens forkynning, også innan teologisk konservative leirar. Eg vonar difor fleire let seg utfordra på dette punktet.

Ein annan artikkel som går litt i same gata, særleg med tanke på forkynninga av lova og alt det som dette inneber, tek opp spørsmålet om «funksjonell antinomisme». Dette uttrykket refererer til at ein teoretisk seier at lova skal forkynnast og at ein gjer det, men at ein i praksis tonar det ned eller utelet det. Uttrykker minner litt om redaktør Arthur Berg sitt uttrykk «praktisk ateisme», om at ein trudde på Gud, men i praksis oppførte seg som om Gud ikkje fanst.

Artikkelen tek utgangspunkt i ei stor undersøking som for nokre år sidan vart gjort av forkynninga innan det konservative kyrkjelandskapet i Danmark. Denne avslørte at forkynninga av lova og Guds dom og straff, nok var svakare enn ein tenkte, og at det truleg delvis hadde sin grunn i svikt på det teologiske området. Med det vart denne artikkelen ransakande og utfordrande med tanke på eiga forkynning. Her er også mykje stoff frå kyrkjefedrene om temaet.

Den artikkelen eg i utgangspunktet tenkte var minst aktuell, om omvendinga i Sør-Etiopia, viste seg å vera langt meir aktuell og lærerik enn eg trudde. Det er ei kjend sak at det ofte er demonutdriving og helbreding som fører til omvending og tru på Jesus i Etiopia. Folk vender seg til han som dei opplever er den sterkast, og som set dei fri frå det vonde. I utgangspunktet er det altså ikkje spørsmålet om synd og syndserkjenning som fører til evangeliet og syndstilgjeving. Dette kjem ofte i andre omgang knytt til den undervisninga dei nye kristne får. Det er den kulturelle og åndeleg situasjonen som skaper denne omvendingsprosessen.

Ved at situasjonen i Norden no er slik at folk i utgangspunktet ikkje har nokon relasjon til Gud, er det skapt ein åndeleg og kulturell situasjon som har ein viss parallell til Etiopia. Rett nok er det ikkje forholdet til åndskrefter og frykta for desse, som dominerer hjå oss, men sekulære haldningar og spørsmålet om meininga med det heile. Då kan det vera at omvendingsprosessen kan verta som i Etiopia, at ein kjem til tru på Gud ut frå andre problem enn synda og fortapinga, og at ein må gå ein veg via undervisning før ein kjem til sentrum i kristentrua. Her er det noko vi må reflektera over i bibeltru krinsar i den kultursituasjonen vi lever, og koma til rette med i truskap mot openberringa i Bibelen – og til det det kan denne artikkelen om erfaringa frå Etiopia vera til god hjelp.

Oppsummert: Her er mykje god fagteologi til hjelp i forkynninga – og ein del av det er til nyttig ransaking og utfordring. Ein har att for det arbeidet som krevst for å tileigna seg stoffet i boka.

 

Jakob Valdemar Olsen (red.)

Den kristne forkyndelse

Teori og praksis fra Bibelen, i historien, til verden

Kolon 2018

Hft. 258 sider