Apostolisk suksesjon

29.07.2015
Ottar Myrseth
Aktuell kommentar Apostolat

Den kristne kyrkja er ikkje menneske-skapt, men Jesus-skapt. Ho vert ikkje bygd med demokrati, arbeidsmiljølov og politisk fornuft. Men ved apostolisk suksesjon.

Åndelege leiarar arvar Peters oppdrag å vere menneskefiskarar som handlar «på ditt ord, Herre». Kva såg Jesus i Peter? Ikkje heltemot, men vilje til etterfylgjing. Ein mann som viljug forsaka fiskegarn og fiskarkarriere. Jesus kunne ta ibruk heile mannen og heile livet hans.

Gjennom kyrkja går ei linje av apostolisk lydnad. Menneske som held lydnaden høgre enn fornuften.

Jesus forsegla deira lagnad som han kalla. ”Legg ut på djupet,” seier han fyrste gongen.  Og dei legg ut på djupet. ”Heretter skal du fange menneske,” seier han andre gongen. Og dei forlet alt og fylgde Jesus. Historia om fiskarane ved Gennesaretsjøen og deira liv, er universell. Jesus kallar menneske til å legge ifrå land, å gi seg i veg frå eit sjølsikra liv til eit etterfylgjarliv.  

Etterfylgjaren seier som Peter: “På ditt ord, Herre!”  Det er ikkje han som har sluttar seg til Jesus, men Jesus som investerer i han. Om prosjektet mislukkast, sit Jesus med tapet. Livet er ikkje i mine hender, men i hans.

Dette er apostolisk suksesjon. Det er aldri noko mål for den kristne kyrkja å vere 'up to date', moderne, motekorrekt. Det spelar inga rolle om Jesu kall bryt med hevdvunne karrierevegar.

Å fylgje Jesus er ikkje alltid det mest fornuftige. Kor fornuftig er det å tru på bønesvar? Er det fornuftig å tru at brød og vin på alteret er Jesu Kristi lekam og blod? Kor fornuftig er det å gå imot den enorme bølgja av homo-ideologi som idag skyllar over Vesten?

Fiskaren Peter lærer oss at velsigninga finst i lydnaden mot den apostoliske suksesjonen. Det himmelske kallet er overordna dei besteborgarlege omsyn. Fornuften er lettlurt og ikkje påliteleg utan han underordnar seg trua.

Stakkars den som prøver kombinere Skriftorda med det som til eikvar tid kjem frå avis-redaksjonane, opinionsdannarane og pressgruppene. Det fører fort til slaveri. Men å gå lydig på Jesu ord, er å tene éin Herre. Og den lydnaden opnar for velsigninga.

Både apostelen Peter og apostelen Paulus enda sine dagar i Roma. Desse føregangs-apostlane fekk betale med sitt liv for lydnaden mot det apostoliske kallet. Ved alle truslivet sine vegkryss, er spørsmålet om å tru som apostlane. Ikkje som dei mange eller dei mektige, men som dei første. Det er apostolisk suksesjon.

(Tidligere stått på trykk i Dagen.)