Av nåde

27.09.2017
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Nåde

Nåden er på timeplanen. Men er idag i skvis på fleire vis. Han vert både misbrukt og misforstått. Ikkje er det lett å lære moderne menneske at noko vert gitt dei av nåde. Og ikkje er det lett for kyrkjene å setje nåden i sin rette samanheng.

Av nåde har Gud frelst oss, seier apostelen, reist oss opp frå døden og sett oss i himmelen. Det kviler ikkje på gjerningar, men er gjort for å føre til gjerningar, alternative og ferdiglagde.

Nåde-religionen har idag minst tre store konkurrentar: Menneske let seg lett freiste til å leve for seg sjølv. «Fordi eg har fortent det» er individualismens grunnsetning. Når den set seg fast, vel mennesket å nyte sitt eige liv og leve som om Gud ikkje fanst. Det mennesket treng ikkje nåde. Det treng berre seg sjølv. Og trivst som konsumentdriven entertainment-robot.

Nært i slekt med individualismen står materialismen. Alt er så lett i velferdssamfunnet. Så mykje å fylle livet med. Det er tilgong på alt, og det meste går av seg sjølv. Ingen grunn til å ha Gud attåt. Mammonismen er ei åndeleg kraft som ikkje bygg på nåde, men på nyting.

Ein tredje konkurrent til nåde-trua er ei åndeleg kraft som har flytta inn i samfunnet vårt siste generasjonen og idag har sterk dragning på moderne menneske: Islam. Der den islamske kulten flyttar inn, vert også nåde-religionen sett til sides. Det er flusst med gode grunnar for det individualistiske og materialistiske notidsmennesket å velge underkastings-trua framfor nåde-trua. Difor foregår det ein åndskamp på djupet i vår kultur i vår generasjon.

Nåde-religionen vert også sett opp imot gjernings-religion. Men apostelen nemner gjerningane i same åndedrag som nåden. Menneske kan ikkje fortene nåden ved eigeninnsats. Av nåde vert menneske frelste, ved tru. Men nåden vert gjeven for at vi skal leve rett, gjere gode gjerningar, tilrettelagde av Gud sjølv: «… eit liv i rettferd, heilagdom og sanning».

Guds nåde-plan la Han i løynd før verda vart skapt. Denne nåde-religionen har ingen alternativ. Det er ingen andre vegar til frelse enn denne, ved Han som døydde for oss og som stod opp for oss.

Og Gud er i arbeid. Guds viktigaste arbeidsmiddel for å få mennesket til å kome til seg sjølv, er «heilag uro». Guds Ande plagar forbrukarmenneska med heilag uro i menneskesinnet. Heilaganden arbeider med menneskeånda. Somme vel å dempe uroa med pillar og seier «Mi sjel er uroleg til ho får ein valium». Men salmisten seier «… til ho finn kvile i deg».

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Tidligere på trykk i Dagen