Eit liv som endra Noreg

28.01.2015
Ole Fredrik Kullerud
Bokanmeldelser

Ottar Grepstad gav i 2013 ut ei bok om Ivar Aasen i høve 100-årsminnet for hans fødsel. Me skal gje henne ei stutt omtale på denne heimesida og særskilt spørja kva Grepstad skriv om den kyrkjelege tilknytinga Aasen hadde.

Omslaget til boken "Historia om Ivar Aasen" av Ottar Grepstad.

Ivar Aasen var fødd på garden Åsen i Ørsta 5. august 1813 og døypt i Volda kyrkje. Han budde i Kristiania frå hausten 1847. 23. september 1896 døydde han 83 år gamal, og han vart gravlagd 29. september det året. I tida 1831-42 var han anten i lære eller lærar på Sunnmøre. Me høyrer til dømes om då han frå 1833 var privatstudent i Stokksund hos prost Thoresen. Forholdet mellom dei to var ikkje hjarteleg. Men her var han eit års tid kjærast med tenestejenta Berte Paulsdotter Vike, eit forhold prosten fann upassande og som han difor fekk stoppa.

Forholdet til den tre år eldre Berte då han var 20 år var, meinte Aasen sjølv seinare, den beste – og einaste kjærleiken hans. Og på Sunnmøre har historia om Iver og Berte vore levande tradisjon, legg Grepstad til. Nokre andre damer dukkar likevel opp i teksta. Aasen gjorde eit par framstøyt på denne fronten, men hadde ikkje lukka med seg i dette. Kvinnene hadde til felles at dei kom frå Sunnmøre.

Ivar Aasen skreiv dikt frå ung alder, dei første publiserte han som 19-åring, seinare dikta han berre på nynorsk. Til saman gav han ut 95 dikt. Det var likevel etableringa av eit skriftspråk bygt på det norske folkemålet som skulle verta livsverket hans. Og dette arbeidet sette han seg tidleg føre å gjera, faktisk allereie 20 år gamal. Og frå han er 39 år har han ein plan for arbeidet frametter, kva bøker og studiar han må forfatta for å verkeleggjera prosjektet sitt: «Det var eit regelmessig, planlagt, organisert liv» han førte, skriv Grepstad. Reisene landet over var eit viktig element i dette. I 1842-46 fann fyrste reisa stad. Det vart fleire, og han reiste til 1868.

Aasen gjekk altså systematisk i gang i 1842. So kom publikasjonane hans, til dømes den fyrste grammatikken i 1848. I Morgenbladet 5. januar året etter gav Aasen ut den fyrste trykte teksten på landsmål.

Grepstad syner kor epokegjerande innsatsen til Aasen var. Han var på høgd med den faglingvistiske utviklinga i samtida, og han åtte ei imponerande boksamling. Eit einsidig studium av språkleg tilstand vart no avløyst av undersøkingar av korleis språk hadde endra seg. Denne historiske tilnærminga og jamføringa gjorde at ein så samanhengar som hadde vore løynde. Nordmenn talte ikkje forvrengd dansk, slik det var vanleg å tenkja. Det gjekk ei line attende til norrønt mål. For mange var det ei ny oppdaging. Det vanta ikkje på motstand mot nynorskprosjektet. Teologen Marcus Joacob Monrad så Aasens prosjekt som eit «uudførligt svermeri». Aasen på si side var kritisk til fornorsking og gjekk ikkje inn på noko samarbeid med Knud Knudsen, han som skulle verta far åt bokmålet.

Forfattaren evnar å setja verket til Aasen inn i større samanhengar. Det var språkreising i fleire land, mellom anna i Slovakia der L'udovit' Štúr skapte ei skriftform. Andre gjorde språkreiser for å observera språket. Aasen var ikkje den einaste som reiste Noreg rundt på 1800-talet. Eilert Sundt drog ikring for å gjera sosiologiske studiar. Truleg var det berre Hans Nielsen Hauge som reiste like mykje som dei i Noreg på 1800-talet.

Om Aasens forhold til kristendomen seier framstillinga noko. Aasen kom frå ei haugiansk sunnmørsbygd, men heimen hans var ikkje haugiansk. Her fanst ein dansk bibel frå 1744, nokre bøne- og salmebøker og ein postill av opplysningsteologen Hans Strøm. Ivar Aasen hadde mykje kontakt  med Berte Kanutte Aarflot.

I Kristiania gjekk Aasen i alle kyrkjene i byen, får me høyra, òg i den katolske. Han var gjerne i kyrkja frå fire til seks  gonger i året, og helst ved dei store høgtidene. Under aftansongen i domkyrkja på reformasjonsfesten 31. oktober var han ganske fast gjest.

Aasen var frisinna både politisk og religiøst. Gudstrua forlèt han ikkje, men religiøse dikt skreiv han helst i yngre år då han enno brukte dansk. Kristendomen hans låg langt borte frå Pontoppidans forkynning. Han var ikkje pietist og kunne i motsetning til Pontoppidan lesa oppdikta historier med utbytte. Ei tid las han frå katekismen kvar morgon, og som 80-åring gjekk han regelvisst gjennom sundagsteksten på gresk.

Ivar Aasen fekk allereie på 1850-talet fleire oppmodingar om å få omsett Bibelen til nynorsk. Han var med på å omsetja Det nye testamentet i 1880-åra. Og med Landstad samarbeidde han om salmebok allereie frå 1855.

Til slutt: framstillinga skjemmest av fleire språklege klisjear. Her er og ei rekke gjentakingar. Men boka er jamt over god å lesa. Grepstad gjev eit levande møte med Ivar Aasen, mannen som meistra ti språk skriftleg, men aldri var utomlands, og som ifølge Grepstad «var ein taktisk bereknande strateg, men hadde eit skjørt sjølvbilete». Ja, han var smålåten på eigne vegner. Men òg ein halden mann, mellom anna på grunn av forteneste på bøkene han skreiv. Han hadde ry for å vera raus mot tiggarar.

Grepstad gjev att mange detaljar om dagleglivet til Aasen og formidlar slik eit levande bilete. Strevet med reisene sleit på han så lenge dei varte. Me får høyra om kva han gjorde på fritida, i nokon grad om friluftslivet hans og ikkje minst korleis Aasen nytta kulturtilbodet i hovudstaden. Sunnmøringen fekk kjærleik til livet i Kristiania.

«Historia om Ivar Aasen er ei forteljing om det å skriftfeste eit språk som alt var der, som ein hundre år lang talemålstradisjon», konkluderer Grepstad, og me får i boka innblikk i nokre av dei strategiske vala Aasen gjorde. Det gjeld til dømes kva prinsipp og kva delar av landet han prioriterte i oppbygginga av den nye skriftforma. Her nyttar Grepstad mellom anna statistiske data som framstillinga allment har ei interesse for. I vala til Aasen ligg kan henda òg årsaka til at nynorsk ikkje kom til å fortrengja bokmålet som det førande skriftspråket i Noreg.

Ottar Grepstad (2013), Historia om Ivar Aasen, Oslo: Det Norske Samlaget, 375 s.