Eit storverk om diakoni

17.05.2018
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser

Med denne boka har Alf B. Oftestad fullført eit storverk og eit nybrotsarbeid innan diakonien, både sett i lys av omfanget og kor viktig saka er.

Forsiden til "Kirke Fellesskap Omsorg: Diakoniens historie IV"

Det er tredje og siste bindet om diakoniens historie (bind nummer to er to bøker i eitt), totalt 1300 sider godt dokumentert med litteratur og noter. Her er mykje kunnskap til opplysning og inspirasjon. Dette er viktig stoff, ikkje berre for folk som har spesiell interesse for kyrkjehistorie og diakoni, men for alle som er opptekne med misjon og det å byggja kristne forsamlingar, og for omsorgsdimensjonen i samfunnet generelt. Diakoni er ein integrert del av alt kristent arbeid, og diakonien må gå hand i hand med Ordet og forkynninga.

Verket tek føre seg diakonien frå aposteltida, altså slik vi møter denne i NT, og fylgjer diakoniens historie gjennom oldkyrkja, mellomalder, reformasjonen, ortodoksien, pietismen, opplysningstida og heilt fram til vår tid. Dette skjer ved at utviklinga også vert fylgt inn i dei ulike kyrkjesamfunna og åndsretningane som etter kvart oppstår. Det er primært utviklinga i Vesten vi får fylgja med ekstra vekt på Norden, men også med glimt til andre verdsdelar og misjonen.

Framstillinga set diakonien inn i eit stort perspektiv ved at vi får innføring i premissar som påverkar diakonien. Dette gjeld særleg dei viktigaste filosofiske, naturvitskaplege og ideologiske retningane, og sjølvsagt teologien og den åndeleg utviklinga, samt samfunnsutviklinga generelt. Det er med det ei framstilling med mykje aktuell kunnskap og profil. Totaliteten i framstillinga er imponerande, ikkje minst ved forfattaren no er 86 år.

Dette siste bindet er kanskje særleg aktuelt for det kristne arbeidet i dag, og aller mest for lekmannsarbeidet. Det har bakgrunn i pietismen som vaks fram på 1700-talet, og går gjennom utviklinga frå år 1800 og fram til dagens velferdsstat og kyrkjesituasjon. Med det får vi fylgja den tida dagens misjonsorganisjonar og frikyrkjer har virka i. Norden, og spesielt Norge, har her fått ekstra godt med plass. Framstillinga er både oversiktleg og detaljert.

Om eg skal ha ein kritisk merknad, er det at Lars L. Læstadius og den læstadianske vekkinga ikkje er nemnt. På Nordkalotten har det vore ei vekkingsrøsle med store sosiale fylgjer, særleg i forhold til alkoholbruk og fattigdom. Sjølv om læstadianismen ikkje er organisert som andre vekkingsrørsler, og med det ikkje har organisert diakonalt arbeid, har det vore ein viktig del av forkynninga og praksisen. Dei kristne organisasjonane sitt omfattande diakonale arbeid i Nord-Noreg kunne også vore meir omtalt.

Det vil føra for langt å gje att innhaldet i boka, men her er viktige spørsmål som forholdet kyrkje og stat, og kyrkja sine ordningar, strukturar og embete med tanke på diakonien. Her er mykje om vekkingane og foreiningane og kva desse fekk å seia for diakonien, ikkje minst med tanke på den omfattande kvinnelege diakonien. Uttrykk som at «vekkingane og foreiningane førte til fornying av diakonien», går stadig att, ikkje minst for Norden. Det same gjeld pietismen og misjonen.

Ein gjengangar er også forholdet mellom forkynninga av Guds ord og diakonien, og at der diakonien løyser seg frå forsamlinga og forkynninga, taper han makt og vert sekulær. Dette er eit moment som alle som er opptekne med diakoni, bør merka seg. Tilsvarande bør alle som er opptekne med misjon for forsamlingsbygging, merka seg den positive funksjonen diakonien har hatt gjennom heile kyrkjehistoria, når han har stått i eit rett forhold til Ordet.

Framstillinga er sakleg og nøkter, men ein merker samstundes heile vegen forfattaren sin teologisk konservative ståstad. Dette kjem aller tydelegast til uttrykk mot slutten av denne boka når han går gjennom velferdsstaten og diakoniens utfordringar i dagens situasjon. Tidlegare talte ein om velferdssamfunnet, der familien var orienteringspunktet. No talar ein om velferdsstaten, der staten er orienteringspunkt og premissleverandør. Her er mykje aktuelt stoff til ettertanke og utfordring. Velferdsstaten sluker og omformar diakonien, og frå kristent hald tilpassar ein seg lett dei sekulære premissane staten legg – av økonomiske grunnar.

Alf B. Oftestad er førsteamanuensis, og han har gjennom eit langt liv undervist i alle sider ved diakonien, også med undervisningsoppdrag internasjonalt. Han har dessutan vore med og bygd opp diakonalt arbeid i kyrkjer i ulike land. Det er godt at han langt inn i pensjonisttilværet har fått helse og krefter til å fullføra det pionerverket som denne framstillinga av diakonien er. Det er å vona at mange tek mot verket og let seg utfordra og rettleia av det stoffet vi her får del i – ja, av den bodskapen vi her vert utfordra av. Takk både til forfattar og forlag for dette eineståande historieverket!

Alf B. Oftestad

Kirke Fellesskap Omsorg

Diakoniens historie IV

Luther Forlag 2017

Hft. 482 sider