Harald Hegstad tek feil!

04.01.2016
Øyvind Samnøy
Vranglære Homofili

I Dagen 18 desember har Harald Hegstad ein kronikk med overskrifta ”Kirkesplittende?”.

Det avgjerande er at ein er samd når det gjeld evangeliet om frelsa i Jesus Kristus, og at usemja i synet på homofilt samliv er problematisk, men ikkje ”kirkesplittende”. Her vert det vist til Augustana art. 7. (”til sann kristen enhet i kirken er(…) nok å være enig om evangeliets lære og forvaltning av sakramentene”. Det vert òg påstått at ”bibelsynet i seg selv aldri har vært noen trossannhet i den lutherske tradisjon”.

For det første er det ei feil forståing av Augustana. Med uttrykket evangeliets lære, meinast både lov og evangelium, ikkje berre evangeliet. Difor er dei ti boda også ein del av det som her vert nemnd som evangeliets lære. Å vera samstemt i læra er naudsynleg i motsetning til å vera samstemt i kyrkjeskikkane. Difor var nikolaittane vranglærarar, og splitta kyrkja, når dei lærte ein falsk fridom i forhold til lova. Det var i forholdet til første og sjette bod dei veik av.

Det er og misvisande å visa til usemja om å eta kjøt mellom dei første kristne. Der handla det ikkje om eit verkeleg brot på Guds lov, men om veike samvit som ikkje makta til fulle å dra konsekvensane av evangeliet, slik at dei unødig var bundne til ulike menneskelege reglar. Dette står ikkje i klasse med ekteskapsbrot og synd mot naturen.

Heller ikkje hjelper det å visa til ulikt syn på det femte bod og militære ol. Den usemja som dette kjem av er at den same Herre som lærde at ein ikkje skal slå i hel, sjølv har gjeve påbod om dødsstraff i både Noahpakta og i Moselova. Heller ikkje bad døyparen Johannes soldatane om å slutta i hæren når dei vende om. Ein finn ingen tøddel i Skrifta som antydar at det under noko omstende var rett med homofil lyst eller handling.

At det ikkje er eigen artikkel om Skriftsynet i den lutherske vedkjenning, kjem ikkje av at dette ikkje er viktig. Det kjem heller av at det var sjølvsagt at Skrifta var bindande. Det sto ikkje strid om det. Konkordieformelen, det lutherske vedkjenningsskriftet, seier som kjent: «Vi tror, lærer og bekjenner, at den eneste regel og rettesnor, hvoretter alle lærdommer og lærere skal bedømmes, er alene Det gamle og Det nye testamentes profetiske og apostoliske skrifter.» Dette er bibelsynet! Fordi heile Skrifta er inspirert av Gud (2.Tim 3. 16.) kan den kristne kyrkja skal ikkje ha anna syn på Bibelen, enn det Bibelen har på seg sjølv.

Hegstad kan ha rett i at det har vore mange bibelsyn i den lutherske kyrkja gjennom tidene. Når Satan skapar seg om til ein ”ljosengel”, kan jo bibelfornektarar kalla seg lutheranarar. Ein skulle kome til Luther eller forfattarane til Konkordie-formelen med forslag om samkjønna ekteskap. Då tenkjer eg ein skulle få høyra!

Å tillata homofilt samliv er meir enn kyrkjesplittande. Dei som gjer slikt skal ikkje arva Guds rike. Der ein bryt med Guds ord er det ikkje lenger Jesu Kristi kyrkje. Sjå 1. Kor. 6. 9-10 og Rom. 1. 18-28! Dette er åtvarande ord. Det er alvorleg når Gud overgjev eit menneske eller eit folk til lygna!

(Tidligere stått i Dagen 29.15.15)