Islands nasjonalskatt omsett til norsk

28.03.2015
Egil Morland
Bokanmeldelser Salmer

Det var eit storverk som blei fullført då boka «Opp, mi sjel, for Herren kved» vart utgjeven like før jul.

Forsiden til "Opp mi sjel, for Herren kved".

OPP, MI SJEL, FOR HERREN KVED

Hallgrímur Péturssons pasjonssalmar

Gjendikta av Arve Brunvoll

Eide Forlag 2014

Hf. 244 s.

Arve Brunvoll hadde då i fleire år – på oppmoding – arbeidd med Hallgrímur Pétursson sine pasjonssalmar. Han har gjort det utan å skjela til andre forsøk på omsetjing. Brunvoll ville ha vekk støykjeldene, slik at Hallgrims eiga røyst i størst mogleg grad skulle nå fram til vår tid, på vårt språk.

Difor kallar han dette ei «gjendikting», ikkje for å stå friare i høve til originalen, men motsett: Vil ein islending oppleva Hallgrims ord og tankeverd – i gjendiktinga?

Denne meldinga kjem seint. Det har to føremoner: For det første veit vi at det er nett slik dei islendingane som har lese boka, tenkjer. Her høyrer dei «sin» Hallgrim. For det andre er vi no midt i fastetida. Hos oss har vi teke boka i bruk, éin salme – 50 salmar i alt – for kvar dag i førebuinga til påsken. Boka har gripe oss!

Vi har  ingenting i Noreg som kan samanliknast med den status desse pasjonssalmane har på Island. Der óg les dei ein av desse salmane kvar dag i fastetida – i rikskringkastinga. Det er ei ære å verta spurd om å lesa dei, og måten oppgåva vert løyst på er allment samtaletema! Den stolte Hallgrimskirkja som trunar over Reykjavik, med Leif Eiriksson speidande mot vest utanfor, er eitt av mange synlege vitemål om arven frå Hallgrim.

Kven var Hallgrímur Pétursson? Levetida hans var frå 1614-1674. Livet vart både eit eventyr og eit mareritt, og det er uråd å referera mykje her. Men lesaren kan gleda seg til å lesa det instruktive føreordet i boka, som tidlegare biskop Karl Sigurbjörnsson har skrive. Sikkert er det at Hallgrim var prøvd som i eld. Kanskje var det den grufulle sorga over å misse dottera Steinunn, tre år gamal, som forløyste denne innlevinga i Jesu liding og død, og som mest 400 år seinare framleis er det islandske folket si eige. Mange, svært mange, kan desse salmane utanatt.

Eg har ikkje faglege føresetnader til å vurdera alle sider ved Brunvoll si gjendikting. Men resultatet vitnar om at det idealet han gjekk til arbeidet med – her skal Hallgrimur sjølv tala! – er gjennomført. Det skjer i gjendiktarens rim og rytme, men i forfattarens ånd. Til og med pasjonssalmane sin særmerkte stil – her er ikkje eit konsekvent regelmessig versemål, dvs. at det kan variera noko med talet på dei trykklette stavingane – greier Brunvoll å formidla.

For dette føremålet har det vore eit poeng for Brunvoll ikkje å gje salmane att i eit arkaisk nynorsk, så nære det islandske som mogleg, om det i det heile hadde vore mogleg. Han skriv eit levande brunvollsk nynorsk, m.a. ved bruk av e-endingar i verba. Salmane skal kunna lesast og forståast av folk flest.

Hallgrim var samtidig med Petter Dass og andre som kunstferdig pynta versa sine i barokkens språklege ornamentikk. Det er sagt at dette også prega salmane til Hallgrim. Når eg les Brunvoll si gjendikting, må eg seia at eg finn lite av dette. Meir kanskje av ei barnleg, naiv tilnærming til Jesu tankeverd, hans sjelsliv og indre dialogar, og i endå større grad: Hallgrims/lesarens eigen ettertanke, når dette skal førast over til livet i dag. Eit mektig døme på det finn vi i den 38. salmen, der det i sjette verset heiter: Bort til din kross, du Kristus, kjær, kjem eg óg som ein framand. Gjev du meg lov å kome nær, så krossen bind oss saman... I det neste verset vert dette knytt både til dåpen og til fall og oppreising seinare i kristenlivet.

Under lesinga må vi stogga stundom, ta opp att og smaka på det vi les. Orda, som vart til ved ein stein, stor nok til at Hallgrim fann livd for alle vindar medan han tenkte og skreiv, tek tak i oss. 

Frå tid til anna kjem det påkosta utgåver av gamle soger i den felles nordiske kulturskatten, som t.d. Flatøybok. Det er årelange prosjekt for ei mengd fagfolk, med føreord av kongar og presidentar. Til samanlikning: Hallgrimurs/Brunvolls bok er i ei enkel, hefta utgåve. Det står ikkje i stil med innhaldet. Til gjengjeld kan ho bli allemanns eige.

(Første gang på trykk i Dagen 12.03.15)