Ja til Stålsett-utvalet

08.06.2017
Egil Morland
Aktuell kommentar Den norske kirke

Ei høyring om kyrkja sine valordningar er i innspurten, og det verkar som om dei viktige spørsmåla dette handlar om går under radaren hos folk flest.

Egil Morland

Ei høyring om kyrkja sine valordningar er i innspurten, og det verkar som om dei viktige spørsmåla dette handlar om går under radaren hos folk flest.

To av dei prinsipielt mest sentrale elementa heng saman: Samanblandinga av politiske og kyrkjelege val og tilhøvet mellom direkte og indirekte val.

Først litt om samanblandinga. Då det såkalla Stålsett-utvalet la fram utgreiinga om det livssynsopne samfunnet, stod heile utvalet samla bak ei tilråding om IKKJE å halda kyrkjelege val samstundes med og i tilknyting til politiske val. Det er ei ordning som diskriminerer Den norske kyrkja, men den er sjølvsagt blitt til på grunn av eit politisk mas om å «demokratisera» kyrkja. Ordninga diskriminerer sjølvsagt også alle andre kyrkjesamfunn, som må stilla seg undrande til at politikarane på denne måten held oppe kyrkja sin hegemoniske status – i eit livssynsope samfunn.

Men det er dette grepet som skal til for å omskapa folkekyrkja frå ei vera ei kyrkje for alt folket, til å bli ei kyrkje av folket. Det er denne valordninga som gir eit skin av legitimitet til den teologiske snuoperasjonen i kyrkja. Eit skin av.

Den andre saka om direkte eller indirekte val heng på det nøyaste saman med denne endringa. Fram til dei siste vala skjedde val til bispedømeråd, og dermed til Kyrkjemøte, ved at sokneråda og deira medlemmer røysta på sine kandidatar. Dette var sjølvsagt ikkje godt nok for dei progressive. For soknerådsvala hadde låg oppslutnad, og valet, som gjekk føre seg i kyrkjene etter ei gudsteneste, var eit sant uttrykk for kva dei som samlast i kyrkjene omkring ord og sakrament, stod for. Det var ein teologisk grunn til denne ordninga, for lutherske kyrkjer lærer at kyrkja er forsamlinga der Ordet vert reint forkynt og sakramenta ret forvalta..

Lat meg skyta inn: Det er denne ordninga stort sett all verdsens kyrkjer har. Det er denne ordninga også Fotballforbundet og husmorlaga og alle slags interesseorganisasjonar i sivilsamfunnet har når dei skal velja sine delegatar til landsmøta. Desse organisasjonane kan nok bli kritiserte for ikkje å vera demokratiske, som vi har sett, men ikkje grunna valordninga si!

No kjempar Åpen Folkekirke for at det berre skal vera tillate med direkte val til bispedømeråda (og Kyrkjemøtet). Slik kan dei mobilisera passive, døypte medlemmer, som gjerne let seg mobilisera, så sant det finst ei sak der kyrkja og Skrifta utfordrar gjennomsnittsmoralen. Slik bryt den ytre organiseringa opp det indre samhaldet. Kvifor sitja i sokneråd eller røysta i bispeval, når dei som representerer den lokale kyrkja nettopp ikkje gjer det, men vert rekrutterte på grunnlag av splitting og partivesen, som i følgje Skrifta er noko ein skal halda seg borte frå?

Valforskarane hevdar at det ikkje går an å seia at indirekte val er mindre demokratiske enn direkte. Men pytt! Kven bryr seg om det, så lenge påstanden vert halden i live av at mange nok vil det?

Egil Morland

 

(Tidligere stått på trykk i Dagen i spalten: I fokus)