Kva opplever vi når vi døyr?

08.02.2017
Asbjørn Hunnes
Aktuell kommentar Døden

Bibelen fortel mykje om døden og om domen, om frelsa og evig liv, men lite om sjølve dødsstunda.

Nedanfor prøver eg å finne innhaldet i ei rekke omgrep som har med liv og død, frelse og fortaping å gjere. Når vi held dette saman, teiknar det seg eit bilete av kva som ventar den som set si von til Jesus. Det viktigaste er likevel at anten vi lever eller døyr, høyrer vi Kristus til.

Ordforklaringar

Liv

– Gud er liv Joh 5:26 For liksom Faderen har liv i seg sjølv, såleis har han gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv. Så kan vi spørje: Kvar har Jesus dette frå? Jau, frå 2M 3:14 Då sa Gud til Moses: Eg er den eg er. Og han sa: Slik skal du seia til Israels-borna: EG ER har sendt meg til dykk.

Dette betyr at Gud er liv og at utanfor Gud er det ikkje liv. Ved syndefallet vart menneska jaga ut or Eden, bort frå Gud, slik kom døden inn i verda. Utgangspunktet er at liv er berre i Gud. Alle menneske er under synde og dødslova. (Rom 1,1 – 3,20)

Sjel

Omgrepet sjel ser ut til å vere summen av eit fysisk liv og eit åndeleg liv: 1M 2:7 Gud Herren forma mennesket av mold frå jorda, og bles livsande inn i nasen hans, og mennesket vart til ei levande sjel.

Guds ande gjer mennesket levande. Det hebraiske ordet «nefesh» betyr noko levande, eit «værande» eller eit «vesen». Det ser ut til at vi kan tale om Ånd og vi kan tale om lekam, kvar for seg, men vi kan ikkje dele det. Sal 41:5 Eg seier: Herre, ver meg nådig! Læk mi sjel! For eg har synda mot deg. Synda øydelegg både kroppen, Sal 32:3 Då eg tagde, tærdest mine bein bort, eg stunde heile dagen. Og ånda, Sal 51:14 hald meg oppe med ei villig ånd!

Sal 16:9 Difor gleder mitt hjarta seg, og mi ære frydar seg. Også mitt kjøt skal bu trygt. Jesus seier: Joh 6:54 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, har evig liv. Og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

Desse skriftvitna viser at sjølv om ein talar om ånd for seg og lekam for seg, så er Ånda frå gud, blåsen inn i nasen vår og lekamen, forma av jord uskiljande.

Livet ser soleis ut til vere tosidig. Ånda, pusten ser ut til å vere livet frå Gud og blodet ser ut til å vere livet i det Gud har skapt: 1M 4:10 Men han sa: Kva har du gjort? Røysta frå blodet åt bror din ropar til meg frå jorda.

Det er blodet som sonar. Det er «skapningslivet» som er soning. 3M 1:3f Er offeret hans eit brennoffer av storfeet, skal han ofra eit hanndyr utan lyte. Han skal føra det fram til inngangen på samlingsteltet, så han kan vera til hugnad for Herrens åsyn.

4 Og han skal leggja handa på hovudet til brennofferet, så vil Herren ha hugnad i det og la det verta til soning for han. 5 Så skal han slakta den unge oksen for Herrens åsyn, og sønene til Aron, prestane, skal bera fram blodet og skvetta det rundt om på det altaret som står attmed inngangen til samlingsteltet.

Og så må vi hugse: Anden og blodet er begge liv, og utan Gud fins ikkje liv. 1Joh 5:7f For dei er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. I vers 11: Og dette er vitnemålet at Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.

Igjen ser vi at liv er det berre hos Den treeinige Gud.

Langfredag - Domedag

2 Kor 1:20 For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor får dei òg sitt amen ved han, Gud til ære ved oss.

Jesus er oppfylling av lovnadane. Difor handlar endetidsprofetiane i GT om Jesus og om langfredag.

Jer 31:31 Sjå, dagar kjem, seier Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus. Langfredag er Den gamle pakts oppfylling og ende. Det er enden på den pakta Israel braut, men som Jesus oppfylte. Så kjem ei ny pakt, etter langfredag.

Jesus er Gud som bur hjå sitt folk, Guds nærvær, midt i Jerusalem var tempelet. Jesus er tempelet. Joh 2:19 Jesus svara og sa til dei: Riv ned dette templet, (langfredag) så skal eg reisa det att på tre dagar. (Langfredag til første påskedag).

Sjølv om Jesus er Gud midt mellom dei, sannar dei ikkje at han er deira Gud, altså står det enno att «ei sabbatskvile for Guds folk». Den kvila Jesus stelte i stand åt oss og som var fastsett før verda sin grunnvoll var lagd. Heb 4:3 For det er vi som kjem inn til kvila, vi som trur. Han sa då: Så svor eg i min vreide: Dei skal ikkje koma inn til mi kvile! – og dette trass i at gjerningane var fullførde frå grunnvollen til verda vart lagd.

Vi er i ei ny pakt og har ei ny tid i vente: Esek 43:7 Han sa til meg: Menneskeson! Dette er staden for trona mi, staden der føtene mine skal stå. (Tempelet) Der vil eg bu mellom Israels-borna til evig tid. Og Israels hus skal ikkje meir gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, med horelivet sitt og med kroppane av dei døde kongane sine og med offerhaugane sine, No er synda borte.

Op 21:3 Frå trona høyrde eg ei høg røyst som sa: Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei og vera deira Gud.

Guds dom over synda var på langfredag. På krossen utsletta Jesus all synd. Ho fins ikkje meir, og kan ikkje døme oss. Likevel er det ein domedag i vente, men det er ikkje ein dom over synda. På den domedagen vi no har i vente, er den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus vår domar: 1Joh 5:12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Joh 11:25 Jesus sa til henne: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.

Joh 5:22 For Faderen dømer heller ikkje nokon, men har gjeve heile domen over til Sonen.

Det er tilhøvet til Jesus, ikkje synda, som avgjer om Jesus kjennest ved oss eller ikkje.

Dødsriket

Enoksbøkene er fem i talet. Den første er tydelegvis den eldste. Dei andre er yngre og av eit anna slag enn den første. Dette er bøker som ikkje er med i Bibelen.

Første Enoks bok er tydelegvis kjent både av Jesus, Peter og Judas. Kap. 22 i Enoksboka skildrar dødsriket detaljert. Både G.T. og N.T. si tenking om dødsriket er om lag som i Enoksboka, men vert aldri framstilt så detaljert som her.

Enoksboka kap. 22 1: Derfra gikk jeg til en annen plass, og han viste meg i vest et stort og høyt fjell av en hård klippe, og innvendig var det fire vakre (hule) rom, som var meget dype, brede og glatte. 2. Tre av dem var mørke og et lyst, og der var det en vannkilde i midten. Og jeg sa: Hvor glatte er disse hulrom og hvor dype og mørke å se på! 3. Da svarte Rafael, en av de hellige engler som var med meg: Disse hule rom (tjener) til å samle de avdøde sjelers ånder. Disse er skapt for å samle alle menneskebarnas sjeler der. 4. Disse rom er blitt laget for å anbringe dem der inntil deres doms dag og inntil deres fastsatte tid. Og denne fastsatte tid varer lenge, inntil den store dom over dem. 5. Jeg så menneskebarnas ånder,

Etter dette er ånda i varetekt i dødsriket, medan lekamen er i grava.

Enoksboka skildrar også ein fortapelsens stad som ein ørken der eldsøyler kjem ned frå himmelen. Kanskje ein tanke frå øydelegginga av Sodoma og Gomorra, men ein slik stad finn vi ikkje i Bibelen. Det som kjem nærast er nok Op 20:14  Og døden og dødsriket vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre døden: eldsjøen.

Bibelen kjenner og ein fortapings stad: Det er skildra som ein saltørken, Sal 107:34

Grøderik jord vart til saltland på grunn av vondskapen til dei som budde der.

Og ein ørken dit syndebukken vart jaga, 3M 16:10 Men den bukken som loddet hadde falle på, den som skal sendast bort, skal stillast levande fram for Herrens åsyn, for at det skal gjerast soning ved han, så skal han sleppast laus for å sendast ut i øydemarka.

Den raude kviga som vert ofra for å lage vatn til reinsing, (4.Mos.19.) vart slakta og brend i øydemarka. Heb 13:11f: For blodet av offerdyra vert bore inn i heilagdomen av øvstepresten til soning for synd, men kroppane deira vert brende opp utanfor leiren.12 Difor leid òg Jesus utanfor porten, for å helga folket med sitt eige blod.

Utanfor leiren, i øydemarka, på fortapingsstaden.

Himmelen, eller himlane

Bibelen brukar ordet «himmel» oftast i fleirtal: himlane. Himmelkvelven, eller himlane er det vi forstår som himmelrømda. Gud har reist si trune over himlane eller i himlane.

Enok og Elia vart tekne opp til Himmelen i live, men elles er omgrepet «himlane» ikkje ein stad for døde. Det eskatologiske (framtidige) Gudsriket er at Gud skal reise si trune på Sion og bu mellom folket sitt. Slik vi såg ovanfor. Det er Guds frelse: At Gud skal ta bort synda og sjølv bu midt mellom folket sitt. Her skal alle dei rettferdige i Herren bu. Slik har vi forventinga om oppstoda av lekamen og at dei rettferdige frå alle tider skal ta del i dette framtidige Gudsriket.

Den endelige domen

Joh 5:28f Undra dykk ikkje over dette! For den timen kjem då alle dei som er i gravene, skal høyra røysta hans. 29 Og dei skal koma ut, – dei som har gjort godt, for å stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, for å stå opp til dom.

Op 20:12 Og eg såg dei døde, små og store, stå for Gud, og bøker vart opna. Og ei anna bok, som er livsens bok, vart opna. Dei døde vart dømde etter det som var skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

Dette passar godt saman med det vi las i Enoksboka. Ånd og lekam vert sameina i ein framtidig dom.

Vi skal altså dømast etter gjerningane våre. Kvart eit unyttig ord vi har sagt skal vi stå til rekneskap for, og likevel: Kva gjerning er det då Gud vil vi skal gjere? Joh 6:28f Jesus svara og sa til dei: Dette er Guds gjerning at de skal tru på den som han har sendt.

Den domen som vert sagt over kvar einskild av oss på domedag er altså avhengig av vårt tilhøve til Jesus, om han kjenner oss eller ikkje. Matt 10:32f  Difor, kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

Den som trur, kjem ikkje for domen

Joh 5:24 Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Den som høyrer ordet mitt og trur han som har sendt meg, har evig liv. Han kjem ikkje til doms, men er gått over frå døden til livet.

Det femte og det sjette kapittelet hos evangelisten Johannes er fulle av slike ord, og vi skal ta med eit til: Og eg såg dei døde, små og store, stå for Gud, og bøker vart opna. Og ei anna bok, som er livsens bok, vart opna Dei døde vart dømde etter det som var skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

Dei døde vert dømde etter det som står i Bøkene. Livets bok derimot, er ei anna bok. Vi kjenner henne frå Openberringa kapittel fem. Det er den boka som berre Lammet, Jesus, kan opne. Den han opnar ved domen, og Jesus kjenner heilt tydeleg alle namna som står der. Og ditt namn er det namnet som vart nemnt over deg ved dåpen. Det er namnet Jesus kjenner deg ved og nemner deg med.

Alt no, enno ikkje

Gjennom alt dette, går eit alt no, og samtidig eit enno ikkje.

Dødsrike, slik Enoksboka skildrar det, gir ein tanke om ei oppbevaring av sjeler fram til domen. På same tid har vi langfredag der Jesus tek dødsriket i si varetekt og tek «eigedomsretten» til det og set dei som er fanga der fri. Joh.Op.1,18 Og eg har nyklane til døden og dødsriket.

Salmen Påskemorgen slukker sorgen, seier dette så kort og klart som berre mogeleg:

Bøtt er brøden, død er døden. Død er døden som syndens sold.

Nå ligger graven midt i gudshaven, midt i gudshaven i Jesu vold.

Alle menneske skal fram for Guds domstol, men dei som er i Kristus var for domen på langfredag. Her «kjøpte» Kristus domsretten over alle menneske og kan difor seie:

Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Den som høyrer ordet mitt og trur han som har sendt meg, har evig liv. Han kjem ikkje til doms, men er gått over frå døden til livet, Joh 5:24.

Ikkje berre dei som har namna sine i livsens bok er i Jesu vold, men alle dei som skal for domen. Domen som kjem seier at det er noko i vente, eit «enno ikkje» Allereide Daniel-boka vitnar om dette: Dan 12:2 Og dei mange som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, somme til skam og evig avsky.

For oss som set vår lit til Jesus Kristus, er dette «alt no» ein fred og ei kvild som overgår all forstand. Men for dei som skal for domen, er dette ein redsel.

Kva opplever vi når vi døyr?

At vi opplever noko i døden høyrest nok veldig ulogisk ut, men som vi har sett fortel Jesus  at livet held fram, sjølv om vi døyr. No talar eg til oss som set vår lit til Jesu lovnader og har håpet om at alt vil hende som han har sagt.

Lat meg difor først seie at det er mi inderlege bøn at eg i døden vil oppleve å høyre Jesu røyst seie: Vel gjort, du gode og trufaste tenar! Du har vore tru over lite; eg vil setja deg over mykje. Gå inn til gleda hjå herren din! Matt 25:23

Den einaste som fortener å høyre desse orda i dødsstunda, er Jesus Kristus. Men eg døyde saman med Jesus, hans død er min død, difor vonar eg å høyre dei orda som gjeld Jesus.

Difor vert døden ei «verkeleggjering» av dåpen akkurat som overgangen over Jordan skjedde på same måten som overgangen over Raudehavet. Det som tok til ved Pi Hakirot vart fullført i kryssinga av Jordan. Vi vil oppleve at det gamle mennesket er borte med alle sine synder og lyster, Livet vi då lever i Kristus er heilagt og reint.

No skal vi trø varleg. I langt større grad enn Paulus har eg all grunn til å seie: For no ser vi som i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg sjølv fullt ut er kjend, 1Kor 13:12.

Og endelig: Slik eg kan drage saman det vi har sett på ovanfor, så ser det ut for meg som om sjela vår i døden vert delt. Ånda lever hos Jesus. Joh 17:24 Far, eg vil at dei som du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei kan sjå herlegdomen min, som du har gjeve meg, av di du elska meg før verda vart grunnlagd. Detter er eit: «alt no» Slik Stefanus vitna: Og han sa: Sjå, eg ser himmelen opna, og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand! Apg 7:56.

Lekamen vår vert ikkje med. Han vert lagd i grav. Men på den siste dagen vil Han høyre Guds sons røyst og sjela vert heil igjen. Fil 3:21 Han skal omskapa fornedringslekamen vår og gjera han lik herlegdomslekamen sin ved den krafta han har til å leggja alle ting under seg.

Då møter vi det som enno ikkje er: Men det seier eg dykk: Mange skal koma frå aust og vest og sitja til bords med Abraham, Isak og Jakob i himmelriket, Matt 8:11.

Dette er ikkje bilettale for å skildre ei glede som vi i våre jordiske liv ikkje kan forstå. Då Jesus hadde stått opp og var i herlegdomslekamen sin, gav dei Jesus eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkake. Og han tok det og åt det medan dei såg på, Luk 24:42f.

Kvar er vi i døden?

Vi skal vere i Kristus, han som sit ved Faderens høgre hand. Han vekte oss opp med han og sette oss i himmelen med han, i Kristus Jesus, Ef 2:6.

Bibelen fortel oss at Gud har reist trona si over Himlane. Men han bur og hjå den som er nedbøygd og knust. Å plassere Gud «geografisk» let seg ikkje gjere.

Guds nærvær er skildra som ei sky. Alt frå Pakta med Abraham der ein rykande omn, og logande eld fór fram mellom stykka av offerk