Lærerikt om ny-kalvinisme

20.09.2014
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Utvelgelse Kalvinisme

Forsiden til boken "Ny-kalvinisme: En orientering" av Arne Helge Teigen.

I Noreg er den evangelisk lutherske læra den dominerande kristendomsforståinga. Til høgre for den lutherske kyrkja har vi den romersk-katolske og den ortodokse kyrkja. Det som er til venstre, slik som pinserørsla, baptismen og metodismen, kallar vi reformert. Strengt tatt er det siste feil språkbruk, fordi den reformerte kyrkja er den som stammar frå Calvin, og som står for kalvinsk lære – og det gjer ikkje desse kyrkjesamfunna. Reformerte kyrkjer, altså slik som er av kalvinsk opphav, har vi aldri hatt i landet vårt, og difor har vi vore lite fokuserte på kalvinsk lære. Ut over det lutherske har vi vore opptekne med spørsmål som vaksendåp og åndsdåp, og katolsk embetssyn og sakramentlære.

I dei aller siste åra har det kome teologiske straumdrag som stammar frå Calvin og den «ekte» reformerte kyrkja også til landet vårt, og det kjem under nemninga «ny-kalvinisme». Denne læra er særleg på sterk framgang i USA. Det er ulike læreretningar og teologiske nyansar innan kalvinismen, men det teologiske dreiepunktet er generelt at Gud frå æva har utvald både kven som skal verta frelste og kven som skal gå fortapte. Ut frå det handlar Gud, og ut frå det må den systematiske teologien forma ut eit heilskapssyn. Denne dobbelte utvelgingstenkinga stammar frå Calvin, men jamnt over hadde ho vorte noko nedtont gjennom åra, slik at ein ikkje merkte så mykje til henne om ein las eller høyrde reformerte teologar. No har læra om den dobbelte predestinasjonen fått vind i segla, og ho er på full fart inn også i landet vårt, særleg blant ein del tenkjande unge kristne. I dette ligg det eit splittande element.

Arne Helge Teigen, førsteamanuensis ved Fjellhaug, har teke tak i dette. Han har orientert seg relativt breitt i problemstillingane og dukka relativt djupt i dei mest sentrale og aktuelle teologiske spørsmåla. Den kalvinske måten å tenkja om utvelginga eller predestinasjonen på, har mange konsekvensar på svært sentrale lærepunkt, som syndefordervet, forsoninga, omvendinga, trua, nåden, helgingslivet og frelsesvissa. Teigen har no gjeve ut ei lita, men ikkje enkel bok om ny-kalvinismen. Dette er ei svært god orientering og innføring i problematikken, og ei like god vurdering i lys av luthersk lære. Dette er heller tung teologi, slik at det er ei tankekrevjande bok, sjølv om framstillinga er gjort så enkel og pedagogisk som mogleg. I tillegg til at vi lærer ny-kalvinismen å kjenna, får vi gjennom parallellføringa med luthersk lære, også ei god innføring i kva klassisk lutherdom er.

Så langt eg veit, finst det ikkje noko tilsvarande på norsk, men det var nødvendig at denne vesla boka kom no. Alle som er interesserte i emnet og alle som møter på utfordringa frå ny-kalvinismen, har her fått eit utmerka hjelpemiddel til å setja seg inn i saka, og til å ta stilling ut frå ein luthersk læreposisjon. Slike teologiske bøker er ikkje så lette å få ut på dei vanlege forlaga, fordi salspotensialet er lite, så Teigen har gjeve henne ut på eige forlag, og ho kan bestillast frå ateigen (alfakrøll) fjellhaug.no.

 

Arne Helge Teigen

Ny-kalvinisme

En orientering

Aguila-forlag 2014

Hft. 100 sider 

 

(Bokanmeldelsen har tidligere stått på trykk i Dagen)