Langt mer enn julestemning

11.09.2016
Vigdis Berland Øystese
Symbolspråk Språk Brorson Pietisme Danmark Diktning Salmer

Hans Adolf Brorson (1694-1764) er for mange kjend som jule-salmediktaren. Fleire av våre mest nytta julesongar er skrivne av han. Det var også juletematikken og julehøgtida som for alvor sette fart i Brorsons salmeskaping.

Forsiden til "H. A. Brorson: Pietisme, meditation, erotik"

Men Brorson er langt meir enn tekstforfattar til stemningsfulle julesongar. Brorson er både ein framifrå diktar og ein framståande talsmann for den kyrkjelege pietismen i Europa. Ser ein nærare på Brorsons salmar, særleg om ein har dei i originalutgåve, vil ein oppdaga eit mangfald av bilete. Dei representerer eit velutvikla ikonografisk språk og forståingsmønster som vi treng hjelp for å ha fullt utbyte av. 

Den danske professoren Erik A. Nielsen er komen med bind tre i serien Billedsprog som set den danske salmediktinga frå 1600- og 1700-talet inn i ein større samanheng. Tidlegare er Kristendommens retorik. Den kristne digtnings billedformer (2009) og Thomas Kingo. Barok, enevælde, kristendom (2010) utkomne, medan Ikonografisk leksikon for dansk og norsk kristen digtning er under arbeid. For den som ønskjer å forstå meir av djupna i eldre salmetekstar, eller meir av kyrkjehistorie, litteraturhistorie eller kunst- og åndshistorie generelt, er desse bøkene av stort verde. Eit stort litteraturhistorisk bokverk som løfter fram den kristne diktinga, er i seg sjølv eit særsyn. Eit verk som gjer det med slik innsikt og så brei kunnskap, og samtidig med ei slik formidlingsglede, er unikt!

Salmen står i fremste rekkja i den lange tradisjonen av bibelfortolking i luthersk tid. Nielsen drøftar pietismens rolle i teologi og samfunn, og den språklege uttrykksforma pietismen får. Pietismens salmespråk er rotfesta i ein lang og gamal tradisjon. Samtidig opnar straumdraga i pietismen for store endringar: «I 1700-tallets første halvdel er pietismen et åndeligt regime, der kommer til at forvandle det nordeuropæiske menneske uigenkaldeligt. Det ‘førpietistiske’ menneske er i alle henseender nutiden fjernere end det ‘efterpietistiske’» (Nielsen, 2013, s. 17).

Brorson lét etter seg to hovudverk: Troens rare Klenodie (1739) og Svane-Sang (1765); her er både eigne tekstar og framifrå omsetjingar, særleg av tyske salmar. Begge samlingane er gjennomkomponerte, den første er pietismens viktigaste salmesamling; den andre vart utgitt posthumt. Men tekstar frå begge bøkene har fått eit rikt og langt etterliv.

Nielsen analyserer og tolkar samlingane og tekstane i dei, men utan at det blir pirk og pedanteri av det. Snarare finn vi ei guida vandring i eit for mange alderdommeleg biletgalleri og ei opning inn til tidlegare avstengde rom. Omvisinga i tekstane er avbroten av det Nielsen kallar fire tematiske kapittel: om pietismen, om «symbolets forvandlinger», «meditation» og «Eros». Gjennom lesinga kan ein fornya og auka kunnskapen sin; men eg blir ikkje overraska om det også lar seg gjera å bli oppbygd på andre måtar gjennom lesinga.

Alle bileta og dei grundige bilettekstane gir verdfull inngang til forståinga av Brorsons salmetekstar og hans teologi, og korleis ikonografien i verbalspråket og biletspråket stør og utfyller kvarandre. Men meir enn det: Dei opnar blikket vårt for kristent bilet- og symbolspråk som omgir oss i kyrkjebygg, bokillustrasjonar, utsmykning osv. og i annan litteratur, ikkje berre den religiøse, men særleg i den. Ein ser den store samanhengen den religiøse biletbruken står i, og den sterke forankringa han har i Bibelen.

Ei oversiktleg og detaljert innhaldsliste og fleire stikkordsregister samt lettilgjengelege fotnotar med m.a. litteraturtilvisingar, gir god hjelp til å orientera seg både i boka og i bokverket elles, og gjer bøkene til verdfulle oppslagsverk. 

 

Vigdis Berland Øystese

 

(Bokmeldinga fyrste gong på trykk i Dagen)