Reformasjonen i perspektiv

22.09.2017
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Martin Luther Reformasjonen

Dei mange bøkene som kjem ut ved 500-årsjubileet for reformasjonen, gjev oss ulike innfallsvinklar til og perspektiv på sjølve reformasjonen og på Martin Luther og hans teologi.

Forsiden til "Reformasjonen".

Dette viser at reformasjonen og Luther hadde mange sider ved seg, og fekk mange og ulike konsekvensar. Det å lesa dei nye Luther- og reformasjonsbøkene gjev difor allsidig og interessant kunnskap både med tanke på teologi og kyrkje, samfunn og individ, kultur og politikk.

Denne boka frå Samlaget, på godt nynorsk, ser på mange måtar reformasjonen og verknaden av denne i perspektiv. Framstillinga her er i lita grad av dogmehistorisk karakter, altså kva som teologisk skjedde ved reformasjonen sett opp mot den katolske kyrkja, sjølv om det naturleg nok er teologiske perspektiv med i boka. Det er kva reformasjonen førte med seg for kyrkjeordninga og for Noreg som nasjon som står i sentrum her.

Ulike historiske hendingar og ulike historiske periodar vert ofte tolka og presentert ulikt av historikarane, og vi har ulike skuleretningar innan historiefaget. Sigrun Høgetveit Berg startar med ei oversikt over korleis reformasjonen er presentert og forstått i historieskrivinga frå 1600-talet og fram til vår tid. Ho gjev deretter ei oversikt over den bakgrunnen reformasjonen hadde i mellomalderen, før ho presenterer Martin Luther og går gjennom sjølve reformasjonsutbrotet i Tyskland. Ho har også eit kapittel om Europa etter Luther, der ho særleg tek opp det som gjeld kalvinismen og den reformerte kyrkja, samt England og den angelikanske kyrkja.

Hovudtyngda i framstillinga ligg på innføringa av reformasjonen i landet vårt, både kyrkjeleg og politisk. På mange måtar var reformasjonen i Noreg uttrykk for eit kupp av kongen, slik at Noreg vart eit lydrike under Danmark – åndeleg som politisk. Samstundes som reformasjonen vart «påført» folket av kongen, tok det lang tid før reformasjonen gjennomsyra folket læremessig og slo seg ut i samfunnet.

Vi får på denne måten eit godt oversyn over det som høyrer reformasjonen og innføringa av denne til. Held ein denne framstillinga saman med Steinar Imsen si bok «Da reformasjonen kom til Noreg», der han går meir konkret og detaljert til verks, og Terje Ellingsens bok «Kirkeordinansen av 1537», som meir viser læra og kyrkjetenkinga, får vi til saman eit godt bilete av det som skjedde. Så får ein lesa bøker om Martin Luther for å få enda meir teologi på dei reformatoriske beina.

Kort sagt: Dette er ei bok som på ein god måte set reformasjonen i perspektiv og skaper oversikt på eit sidetal som er overkommeleg for dei fleste.

Sigrun Høgetveit Berg

Reformasjonen

Samlaget 2017

Hft. 182 sider

 

(Bokanmeldelsen har tidligere stått på trykk i Dagen)