Som i opphavet så no og alltid og i all æva

22.01.2017
Asbjørn Hunnes
Skapelsen

I Bibelen finn vi ofte dette doble at noko er alt no, men det er samtidig ikkje enno. Mest utprega er vel G.T. sin offerinstitusjon.

Syndofferet gav syndstilgjeving der og då, men det var ei mellombels ordning til den hendinga kom som sona syndene: Jesu død på Golgata. Altså var soninga på Golgata til stades i syndofferet før Kristus gav det fullkomne offeret på Golgata, Heb 9:7 – 12.

På same måten er det hos Jesus eit alt no og eit enno ikkje når han talar om døden og det evige livet. Det evige livet er alt no: Jesus sa til henne: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det? Joh 11:25f.

Det ventar ei oppstode frå dei døde: For dette er det Far min vil, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv. Og eg skal reisa han opp på den siste dagen, Joh 6:40

Det ser altså ut som om framtida er transendent til stades i det immanente og at det immanente er transendent til stades i framtida.

Vi er i tida og vi ordnar tankane vår etter det. Gud er ikkje bunden av tida. For tusen år er i dine augo som dagen i går når han fer forbi, som ei vakt om natta, Sal 90:4

Vi leikar ofte med tanken på tidsmaskiner, men slike anakronismar skaper rot i tankesettet og fører til sjølvmotseiingar. Vi kan nesten vere freista til å seie at den «Tidfrie» Gud har det motsette problemet når han skal openberre seg for oss «tidbundne» menneske. Men i motsetning til oss: Stor er vår Herre, han er rik på kraft, hans vit er utan mål, Sal 147:5

Difor skal vi i all audmykt sjå på litt av skapingsfortellinga i Første mosebok og sjå om det transendente vart sett inn i tida alt frå verda vart grunnlagt, eller  om «alt no og enno ikkje» fins allereie der.

Mange er opptekne av å forsvare skapingsfortellinga i Bibelen mot naturvitskapen. Eg hevdar at naturvitskap er det skapingsfortellingane er minst opptekne av.

Vi har to skapingsfortellingar. Den første, Gen1:1 – 2:3, presenterer Gud. Difor er denne fortellinga polemikk mot andre religionar, men ho er meir enn det. Så langt eg kan sjå, bær ho i seg Guds evige rådgjerd, som Bibelen så openberrar for oss frå Gen 3:1 til Op 22:21. Med andre ord: Når Gud presenterer seg i Gen1, så vert heile frelsessoga presentert fordi ho er til stades i Gud.

På same måten med den andre skapingsfortellinga. Etter som Det gamle-, og Det nye testamentet veks fram og vert til, viser Bibelen at i denne fortellinga ligg presentasjonen av mennesket. Mennesket kan etter Gen 2 ikkje forståast utan i tilhøve til Gud. Dette tilhøvet er Kristus. (Rom 5 slik som Adam – han som er eit førebilete på han som skulle koma. Kristus er det Adam skulle vere, men ikkje vart på grunn av synda).

Bibelforståinga som ligg bak dette arbeidet

Når eg les og forstår Bibelen, så er det ut frå følgjande aksiom: Bibelen fortel sjølv korleis han skal lesast og forståast.  Det er to ord av Jesus som vert heilt sentrale i arbeidet med denne artikkelen: De granskar Skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei – og desse er det som vitnar om meg, Joh 5:39 og Jesus svara då og sa til dei: Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Sonen kan ikkje gjera noko av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjera. For det han gjer, det gjer Sonen like eins, Joh 5:19.

Dette må bety at Jesus Mesias og hans gjerning, slik vi finn det forklara i Acta, breva og Apokalypsen, stemmer alt saman med Det gamle testamentet. På same måten den andre vegen. Vi har ikkje forstått G.T. før vi finn forklaringa i N.T.

I denne artikkelen skal vi berre arbeide med to deler av den første skapingsfortellinga: den sjette og den sjuande dagen, og det som var før den første dagen.

Den rabbinske måten å lese første skapingsfortellinga på, og som kyrkja har overteke, stenger for det som NT viser oss. Så først må vi ruske litt opp i vante tankebaner.

Tradisjonell dagtelling

Etter jødisk og kyrkjeleg tradisjonell deling av «dagsverka» i Genesis 1 tek første dag til i v.1, «I opphavet….» Vi får då ei inndeling i dagar, eller verk slik:

  • Første dag: v. 1 – 5. Gud skaper himmel og jord og lyset.

  • Andre dag: v. 6  – 8. Gud skaper himmelkvelven.

  • Tredje dag: v. 9 – 13. Gud skil hav og land. Han skaper gras, tre og planter.

  • Fjerde dag: v. 14 – 19. Gud skaper sola, månen og stjernene.

  • Femte dag: v. 20 – 23. Gud skaper fiskane, sjødyra og fuglane.

  • Sjette dagen v. 24 – 31. Gud skaper dyr og alt levande på landjorda. Gud skaper menneska.

  • Sjuande dagen: kap. 2, 1 – 3 Gud fullendar verket sitt og kviler.

Innvendingar.

  1. Etter bibelsk tidsrekning tek døgnet til ved solnedgang. Det betyr at formuleringa: «Det vart kveld og det vart morgon» gir best meining om vi forstår det som innleiing til eit nytt døger, ikkje som ei oppsummering og avslutting av føregåande døger.

  2. Vi får litt problem med at 2,1. er eit «dagsverk» Himmelen og jorda vart fullenda med heile sin hær.  Det høyrer ikkje saman med kviledagen. Var dette den sjuande dagen så kvilte ikkje Gud heile den sjuande dagen. Vi kan naturleg vis forstå det som at 1,31B og 2,1 er ei oppsummering av heile skaparverket. Og så kjem sabbaten på den sjuande dagen i v. 2. Men etter denne lesemåten kjem «Det vart kveld og det vart morgon» etter konstateringa av at det vart som Gud sa og etter konklusjonen at alt var overlag godt. Dersom dette er ei oppsummering av dagen skulle vi vente ei oppsummering også etter sjuande dagen. Når den manglar betyr det etter mi forståing at dette er ei innleiing til dagane, ikkje ei avslutting.

  3. Det første verket er eit problem. Fordi ljost og dermed dag og natt først vert til i v. 3 – 5. og korleis kan då himmel og jord og ljoset verte skapt på dag ein, før dag fans?

  4. I boka Første Mosebok, en kommentar. (Land og kyrkje 1970) seier Anders Bjørndalen at det fins noko før «dagsverka». Bjørndalen tek då ut v. 1 – 2 og seier at det fins noko før. Han diskuterer om «I opphavet» er eit absolutt startpunkt, eller om versa 1 – 2 viser til ein tilstand før skapinga. Då vert første dag v. 3. med innleiinga: «Då sa Gud: Det verte ljos» (s. 65).

Det vil vere rimeleg å ta v. 3 og 4 inn i denne perikopen om det som var før dagteljinga. Fordi teksten har ein logisk samanheng om at jorda var aud, tom og mørker. Så skapte Gud lyset og skilde det frå mørket, dermed oppstod natt og dag. Himmelen, jorda og lyset skapte han altså før dag og natt vart til.

Alternativ dagtelling.

Denne inndelinga bygg på den føresetnaden at «Det vart kveld og det vart morgon» ikkje er ei oppsummering, men ei innleiing til eit nytt «dagsverk».

  • Før dagdelinga: v. 1 – 5a. Gud skaper himmel og jord. Han skaper lyset og skil lyset frå mørket.

  • Første dagen: 1,5b – 8a. Gud skaper himmelkvelven.

  • Andre dagen: 1, 8b – 20. Gud skil hav og land. Han skaper gras, tre og planter.

  • Tredje dagen: 1, 13 – 21. Gud skaper sola, månen og stjernene

  • Fjerde dagen: 1, 19 – 22. Gud skaper fiskane, sjødyra og fuglane

  • Femte dagen: 1, 23 – 31 a. Gud skaper dyr og alt levande på landjorda. Gud skaper mennesket.

  • Sjette dagen: 1.31b - 2,1. Gud fullendar skaparverket med heile sin her.

  • Sjuande dagen:   2, 2 – 3. Gud kviler.

Den sjette og den sjuande dagen:

Det enklaste er no å arbeide bakanfrå og vi tek til med den sjette og den sjuande dagen. Desse to dagane er ikkje skilde med «standarduttrykket» «Det vart kveld og det vart morgon». Så det første eg merker meg er at desse to dagane ser ut til å vere ein einskap. Men, «Gud fullførde» vert no eit sjølvstendig dagsverk. At dette verket vert «repetert» på den sjuande dagen stadfester einskapen mellom dei to dagane.

Bibelteksten etter Norsk Bibel 1988: 1Mos 1:31-2:3

Gen. 2,31b: Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

1 Så vart himmelen og jorda fullførde med heile sin hær.

2 På den sjuande dagen fullførde Gud det verket han hadde gjort, og på den sjuande dagen kvilde han frå alt sitt verk, som han hadde gjort.

3 Gud velsigna den sjuande dagen og helga han, for den dagen kvilde han frå alt sitt verk, det Gud hadde skapt og gjort.

Og den hebraiske teksten

  וַֽיְהִי־עֶ֥רֶב וַֽיְהִי־בֹ֖קֶר י֥וֹם הַשִּׁשִּֽׁי׃ פ

(Gen 1:31 WTT)

 וַיְכֻלּ֛וּ הַשָּׁמַ֥יִם וְהָאָ֖רֶץ וְכָל־צְבָאָֽם׃ (Gen 2:1 WTT)

 וַיְכַ֤ל אֱלֹהִים֙ בַּיּ֣וֹם הַשְּׁבִיעִ֔י מְלַאכְתּ֖וֹ אֲשֶׁ֣ר עָשָׂ֑ה וַיִּשְׁבֹּת֙ בַּיּ֣וֹם הַשְּׁבִיעִ֔י מִכָּל־מְלַאכְתּ֖וֹ אֲשֶׁ֥ר עָשָֽׂ (Gen 2:2 WTT)   וַיְבָ֤רֶךְ אֱלֹהִים֙ אֶת־י֣וֹם הַשְּׁבִיעִ֔י וַיְקַדֵּ֖שׁ אֹת֑וֹ כִּ֣י ב֤וֹ שָׁבַת֙ מִכָּל־מְלַאכְתּ֔וֹ אֲשֶׁר־בָּרָ֥א אֱלֹהִ֖ים לַעֲשֽׂוֹת׃ פ  (Gen 2:3 WTT)

Det første vi skal legge merke til i v. 31 er ordetוַֽיְהִי־   .:

 וַֽיְהִי־   .  har prefikset jod. Det innebær at dette er futurum. Det første prefikset: vav har vokalteiknet a. Det gjer at verbet skal forståast som fortid. Skulle dette vere ein konjunksjon, så laut vokalteiknet vere e. Difor er det ikkje samanheng mellom vår perikope og teksten framfor. Punktumet etter «overlag godt.» Heilt rett, medan «Og» med fordel kunne takast bort. Det same gjeld for «Så» som innleiing til 2,1.

Det neste ordet som fangar merksemda mi er ordet:  וַיְכֻלּ֛וּ (Gen 2:1 WTT) (Vi ser her igjen at verbet står i imperfektum med vav og vokalteiknet a. Dette er oversett med perfektum fullførde). Men det er å fullføre på same måte som vi gjer i stand eit verktøy til bruk. Det kan soleis og omsettast med laste eller lade. Slik du lastar ein lastebil eller lader eit gevær slik at det er klart til bruk.

Ei omsitting kan aldri verte anna enn ei omsetning, men Septuaginta har alltid hatt ein spesiell plass i forståinga av G.T. Her er ordet:  συνετελέσθησαν (Gen 2:1 BGT). Jesu siste ord på korset var i følgje apostelen Johannes «Det er fullført» Τετέλεσται (Joh 19:30 BYZ). Dei grammatiske formene er ulike, men vi kjenner att det greske verbet «teleå» = eg fullfører. Det er sjølvsagt uråd å vite om Jesus som snakka arameisk, brukte same ordet som Gen 2:1. Likevel er Johannes sitt ordval verdt å legge merke til.

Kva er det så himmelen og jorda sin hær vart førebudd til?

Eit anna ord vi må sjå på er ordet «hær» i kap. 2, v.1 Ein god gamaldags krigshær hadde både krigarar, kvinner, born, dyr og alt slag som følgde med.

Himmelen sin hær kjenner vi ikkje fult ut, men vi veit at her er englar, kjerubar og mest interessant for oss: Den store kvite flokken. Op. 7,9. Jorda sin hær er nok alt levande, alt som har ande. Inklusive Jesu kristi kyrkje. Etter denne lesemåten: ferdig med skapinga av mennesket, femte dagen.

Den kvite skaren og kyrkja er menneske som vart skapte den femte dagen. Men på grunn av syndefallet lyt dei gjerast i stand (ladast) til å verte ein del av himmelhæren.

Poenget mitt med dette er at denne lesemåten gjer rett mot at G.T. vert openberra i N.T. og mot Paulus sitt ord om at Gud valde oss ut i Kristus før verda vart grunnlagd. Etter N.T. er altså langfredag og «skapinga av den store kvite flokken» ein del av skaparviljen, som låg fast før alle tider.

Dette fell saman med den bibelforståinga eg har som føresetnad for bibelarbeidet.

Den immanente langfredag er altså transendent til stades i fredagen i skapingsveka. Eit anna poeng er at når langfredagen er transendent til stades i skapinga, så vert syndofferet i G.T. meir enn ei førebilete på Golgata. Offeret er gyldig i og med den sjette dagen i skapingsveka.

No er det tid til å late dei to siste dagane i skapingssoga ligge og gå til det som hende før første dagen.

N.T. har to uttrykk for dette.

a. Før verda vart skapt

b. Før verda vart grunnlagt.

Det ser ut til å vere fleire greske ord som  vert omsett til norsk med «før verda vart skapt.

πρὸ τοῦ τὸν κόσμον εἶναι  (Joh 17:5 BYZ) Før verda vart til.

ἀπὸ κτίσεως κόσμου (Rom 1:20 BYZ) Frå skapinga åt verda.

ἀπ᾽ ἀρχῆς κτίσεως.  (2Pe 3:4 BYZ) Frå første skapinga.

Uttrykket «før verda vart grunnlagt πρὸ καταβολῆς κόσμου. (Joh 17:24 BYZ) ser ut til å vere ei heilt fast formulering. Denne formuleringa er brukt av Matt, Luk, Joh, Paulus og Peter.

Så langt eg kan sjå, er uttrykket brukt i samband med utveljinga i Kristus.

Far, eg vil at dei som du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei kan sjå herlegdomen min, som du har gjeve meg, av di du elska meg før verda vart grunnlagd,

Joh 17:24

For i han har han valt oss ut før grunnvollen til verda vart lagd, så vi skulle vera heilage og ulastande for hans åsyn, Ef 1:4

Når var så grunnlegginga i høve til skapinga?

Det ser ut som Johannesprologen gir oss ei utgreiing nettopp om det:

I han var liv, og livet var ljoset åt menneska. Og ljoset skin i mørkret, og mørkret tok ikkje imot det, Joh 1:4f . «Livet var ljoset åt menneska». Her er det ikkje snakk om sola, men om Ordet. Mørket tok ikkje imot det; Gud skilde mørket frå ljoset.

Det sanne ljoset, som gjev ljos (= liv) til kvart menneske, var i ferd med å koma til verda, Joh 1:9

Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av blod, heller ikkje av kjøts vilje, heller ikkje av manns vilje, men av Gud. Joh 1:12f

Vitnemålet frå apokalypsen stør denne forklaringa av Verdas grunnlegging: Op 13:8 Alle som bur på jorda, skal tilbe det, (dyret) kvar den som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som er slakta, frå verda vart grunnlagd.

Soninga som er lys og liv for menneska er ein transendent realitet då lyset vart skapt.

Ut frå dette ser det for meg ut som Gen.1,1 er eit absolutt første punkt for alt som er skapt. Då vert mellom anna Joh 17:5: Og no, Far, herleggjer du meg hjå deg sjølv med den herlegdomen eg hadde hjå deg før verda vart til!  Eit vitnemål om at Den treeinige Gud  som ikkje er skapt, er til før Gen.1:1.

Det faste uttrykket καταβολῆς κόσμου verdas grunnlegging (som dessverre også har fleire omsettingar, men «verda vart grunnlagd» er den vanlegaste) må vere Gen 1:3f. No er ljoset skapt, det er skilt frå mørket, vi har natt og dag. No går tida og med det er verda grunnlagd. Tida vil gå heilt til: Portane hans skal aldri verta stengde om dagen, for natt skal ikkje vera der. Op 21:25. Då er vekslinga mellom natt og dag slutt. Frå då av er det berre lys.

Utveljinga i Kristus

Han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga,1Tim 2:4. Dette seier at i Kristus er alle menneske utvalde til frelse i Kristus frå før verda vart grunnlagd.

Paulus hevdar eit bibelforståings prinsipp når han seier at lova som kom etter lovnaden ikkje kan gjere lovnaden om inkje, (Gal. 3,17. Matt. 22,45). Det første har prioritet. Det første er størst.

Då står det fast at syndefallet ikkje kan gjere utveljinga om inkje. Soleis er Jesu soningsdød for alle menneske. Altså, liksom éin manns brot vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og éin manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske, Rom 5:18.

Likevel ser det ut som om ikkje alle er utvalde, t.d. Op13,18 (sjå ovanfor). Å gå inn på dette her vil ta altfor mykje plass. Lat meg berre seie at eg stør meg til Luther si forståing av «Den enkle predestinasjonen».

Er den sjette og den sjuande dagen i skapingsfortellinga langfredag og påskeaftan?

Lat oss summere litt:

  1. Den sjette dagen i veka er fredag. Jesus døde på ein fredag.

  2. Den sjuande dagen er laurdag. Jesus kvilte i grava på laurdag.

  3. Den sjette og den sjuande dagen er ikkje skilde med formuleringa: «Det vart kveld og det vart morgon». Jesu liding og død har alltid vore nemnde i same andedraget.

  4. Menneska som vart skapte femte dagen kan ikkje verte ein del av himmelhæren før utveljinga vert fullførd, og den store  kvite flokken vert sett i stand ved å vaske kjortlane sine i lammets blod og slik bu seg til bryllaupet åt lammet. Op 19:7 For no skal Lammet halda bryllaup, og brura hans har budd seg.

  5. Dette betyr at immanent var himmelen og jorda med heile sin hær vart fullførd på Golgata langfredag. Transendent før verda vart grunnlagd og på den sjette skapingsdagen.

Er det slik at langfredag og påskeaftan er den sjette og den sjuande dagen i skapingsfortellinga, så vert den sjuande dagen, då Jesus låg i grava opphavet til sabbaten. Då gir det meining til eit litt underleg ord av Jesus. Og han sa til dei: Sabbaten vart til for menneska skuld, og ikkje menneska for sabbaten skuld. Så er då Menneskesonen herre over sabbaten òg, Mark 2:27f.

Å skilje mellom transendent og immanent er eit klønete forsøk på å sette ord på noko eg ikkje har ord for, så ber over med manglande ordforråd.

Kva lesemåte er den rette?

At jødedomen les skapingssoga på den tradisjonelle måten er forståelig. Den alternative lesemåten føreset at Jesus er Messias, noko jødedomen nektar for.

Utifrå Gen.1:1 – 5 og Gen. 1:31 – 2:3 har eg prøvd å vise at Jesus og apostlane las skapingssoga på den alternative måten.

Vi er bundne av tida og kronologien, men Gud er ikkje det, Sal 90:4.

Guds rådgjerd, nåde og lovnader ligg faste frå verda vart grunnlagd, Herre, kom i hug di miskunn og dine miskunnsame gjerningar, for dei er frå æva, Sal 25:6. Og: For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor får dei òg sitt amen ved han, Gud til ære ved oss, 2 Kor 1:20. Dette urikkeleg faste gir oss som er utsette for urett, vonde lagnader, syndeskuld og kva det måtte vere, ikkje berre ei von om ein ny himmel og ei ny jord. Det har alltid vore der. Det er her no. Dette som Luther prøver å sette ord på med «simul justus & peccator» er ikkje berre ei teologisk læresetning. Det er ein fysisk realitet. Det er så fysisk reelt som barnet i mors liv, og dei lidingane vi har skildrar Jesus som føderider: Når ei kvinne skal føda, har ho sorg, av di timen hennar er komen. Men når ho har født barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, i glede over at eit menneske er født til verda.

Såleis sørgjer de òg no. Men eg skal sjå dykk att, og hjarta dykkar skal gleda seg, og ingen tek gleda dykkar frå dykk, Joh 16:21f.

Paulus vitnar at slik synda har konsekvensar for all skapningen, slik har forsoninga forløysing for all skapningen: For vi veit at skapningen heilt til denne stunda sukkar saman og styn saman som i føderier. Ja, ikkje berre det, men vi òg som har fått Anden som fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve, medan vi lengtar etter barnekåret vårt, utløysinga av lekamen vår, Rom 8:22f. Legg merke til at det står utløysing av lekamen, ikkje frå lekamen.  τὴν ἀπολύτρωσιν τοῦ σώματος  (Rom 8:23 BYZ) (Lekamen si utløysing).

Bibelen er den immanente historia om - og openberringa av Guds transendente rådgjerd til frelse for oss menneske. Difor gjeld dette alt no, og enno ikkje. Eller: som i opphavet, så no og alltid og i all eve.

Denne lesemåten set mange vanskelege ord av Jesus og apostlane Johannes, Peter og Paulus inn i ein samanheng.

Heile denne artikkelen kan samlast i eit bibelvers: Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste og den levande. Eg var død, og sjå, eg er levande i all æve. Og eg har nyklane til døden og dødsriket, Op 1:18.

Likevel er det eit spørsmål eg ikkje kjem til rette med

Korleis kunne kyrkja miste ein slik skatt, ein så stor løyndom. Korleis kunne kyrkja gå attende til den rabbinske lesemåten?

Er svaret rett og slett at den alternative lesemåten aldri har eksistert? Men er det sant at Bibelen sjølv fortel korleis vi skal lese han, at N.T. ligg løynt i G. T, og at G.T. er openberra i N.T.? Korleis kan vi då kome unna den alternative lesemåten?