Stor bok om Thomas Kingo

25.09.2016
Vigdis Berland Øystese
Bokanmeldelser Enevelde Ortodoksien Thomas Kingo Barokk Danmark Diktning Salmer

Thomas Kingo (1634-1703) er ein ruvande salmediktar, både i dansk og norsk samanheng. Men Thomas Kingos forfattarskap omfattar ikkje berre salmar. Han har skrive ei lang rekkje tekstar innanfor mange sjangrar. Ved å ta utgangspunkt i Kingo, gir Erik A. Nielsen eit verdfullt møte både med litteraturen, åndshistoria, kyrkjesoga og samfunnsforhold på 1600- og første delen av 1700-talet.

Omslaget til boken "Thomas Kingo: Barok, enevælde, kristendom."

Den danske professoren Erik A. Nielsen (f. 1941) er kjend som ein framifrå føredragshaldar, lærar og forfattar. Mykje av arbeidet hans har omhandla litteratur frå tida då Noreg var i union med Danmark, mellom anna har han skrive om Holbergs komikk. Men han er også mellom dei forholdsvis få litteraturforskarane i Norden som har vigd særleg merksemd til den religiøse diktinga og det kristne biletspråket. Nielsen meiner at mykje av den litteraturhistoriske framstillinga av 1600- og 1700-talet lir under manglande forståing både av bibelens bilete og den særlege  retorikken som har vakse ut frå desse. 

Bokverk i fire bind

Dette er noko av motivasjonen bak bokverket Billed-sprog  i fire bind som Erik A. Nielsen no er i ferd med å gi ut. I 2009 kom introduksjonsbindet Kristendommens retorik. Den kristne digtnings billedformer, og året etter Thomas Kingo. Barok, enevælde, kristendom (2010) på dansk Gyldendal. Bindestreken i samletittelen Billed-sprog ønskjer å vekkja merksemd omkring sambandet mellom bilete og språk, eit samband som Nielsen meiner er både eldgamalt og høgst levande. Å gi ei samla framstilling av den kristne biletbruken er samtidig å gjera ei samanfatning både av den kristne teksthistoria, av kyrkjesoga og av forholdet mellom samfunnsliv, åndsliv og kyrkjeleg tru og tanke. Biletspråk er noko meir enn berre utvendig pynt på formuleringar av djupare saksinnhald. Bileta rommar innsikter som ikkje utan vidare lar seg omformulera i abstrakte vendingar. Det sanselege, eller sansbare, opnar for erkjenninga på anna vis enn det abstrakt språk gjer. Å finna fram til eit sanseleg språk kan vera avgjerande for om kyrkja kan kommunisera med menneske i ulike situasjonar og med forskjellig bakgrunn. 

Ei bok om den pietistiske salmebiskopen Hans Adolph Brorson (1694 -1764) og eit Leks-ikon, ikonografisk leksikon for dansk og norsk kristen digtning, gjenstår. Den siste blir eit oppslagsverk over den kristne ikonografien eller biletlæra, som er framand for så mange i vår tid. 

Det manglar opplagt eit salmediktarnamn i eit slikt oversynsverk, noko forfattaren også gjer merksam på, nemleg Nikolaj Frederik Severin Grundtvig (1783 - 1872). Erik A. Nielsen seier han har innsett at det vart eit for stort og ambisiøst arbeid å presentera Grundtvigs på alle vis omfattande forfattarskap på same måten som dei andre. Grundtvig er likevel med gjennom heile bokverket, både som referanse og inspirasjonskjelde. Det er difor perioden frå Kingo til Grundtvig som blir sentrum i verket, endå det har utsyn både bakover og framover i historia, og har ei rekkje både eldre og yngre døme.

Frå huslærar til biskop

Thomas Kingo starta si karriere som huslærar og enda som adla biskop på Fyn. Han skreiv ulike typar tekstar gjennom store deler av livet, og dei fleste av dei finst framleis, utgitt i Kingos Samlede Skrifter som også finst i nettutgåve. E. A. Nielsens bok om Kingo kan brukast som eit utfyllande kommentarverk til heile Kingos forfattarskap. Kjennskapen til Kingos forfattarskap og den perioden han levde i, er avgrensa. Berre eit lite utval av tekstane har plass i litteraturhistoriske framstillingar, eller i det offentlege rom i det heile, og dei blir ikkje alltid rett forståtte.

Ungdomsdikta til Kingo viser hans sterke sanselegdom, endå han ikkje er usømeleg. Han slepper seg meir laus i denne uforpliktande diktinga enn han seinare gjorde i tekstar som var tilpassa den posisjonen han både ønskte, og etterkvart fekk, i forhold til maktapparatet. Kingos karriere som embetsmann kan avlesast i forfattarskapen hans. Den eineveldige stats- og kyrkjemakta stilte strenge krav også til diktekunsten. Men den innsnevra fridomen gjer ikkje Kingo til ein dårlegare diktar, paradoksalt nok tvert om, meiner Nielsen.

SiungeKoor

Jamvel om Kingos verk omfattar både kjærleiksdikt, parodiar, topografiske dikt, høvesdikt (f.eks. til hendingar i kongehuset, bryllaup og gravferder), likpreike og meire til, er det først og fremst som salmediktar han er kjend i vår tid. Hans ”Aandelige Siungekoor”, første og andre del, er skrivne for husandakta, også den regulert av eineveldet. Den første samlinga (1674) har tre salmar til kvar dag: Ein morgonsalme, ein kveldssalme (og mellom desse er somme av Kingos best kjende) og ein botssalme. I seinare utgåver kom det til bøner på vers, såkalla ”Morgen- og Aften-Sukke”. Aandelige SiungeKoors Anden Part (1681) er ei velkomponert bok som i sitt innhald peikar framover mot pietismens merksemd mot dei sjelelege erfaringane. Men også desse 20 salmane (17 av dei med ”Hierte-Suk”) var meinte for andakta og ikkje for gudstenesta, jamvel om fleire av dei no høyrer til kjernerepertoaret i vår gudstenestesong.

Nederlag med salmebok

I 1683 fekk Thomas Kingo kongeleg ordre om å utarbeida ei ny salmebok for tvillingmonarkiet Danmark-Noreg. Salmebokprosjektet var ledd i ein samla gjennomgang og fornying av eineveldets autoriserte bøker, både kyrkjelege og verdslege. Thomas Kingo utarbeidde salmar for alle gudstenester i halve kyrkjeåret, den såkalla Vinterparten. Boka vart trykt og godkjend til bruk i alle rikets kyrkjer, men autorisasjonen vart trekt attende før boka var teken i bruk. ”Sommarparten” vart aldri laga. Ein kommisjon fekk til sist oppdraget med å laga den Den Forordnede Nye Kirke-Psalme-Bog (1699) som seinare har vore kalla Kingos salmebok , eller jamvel berre ”Kingo”.

Kingos salmebokutkast var på mange vis radikalt, ikkje berre fordi så mange av salmane var hans eigne, men fordi han framheva både dei og tekstane til sine samtidige, og skauv dei eldre tekstane i bakgrunnen. Salmane frå reformasjonsåra kan for oss verka temmeleg hjelpelause i forma; dei var skrivne i stor iver og hast; dei første danske lutherske salmebøkene kom på marknaden før reformasjonen var innført i Danmark-Noreg (i 1536). Mange av salmane var omsette frå tysk, dei gjævaste var Luthers. Salmane kom til mange år før ein kan tala om ei eigentleg kunstdikting på morsmålet i Danmark-Noreg; det fanst ikkje reglar for dikting på nasjonalspråka og ingen praksis for noko slikt utanom den munnlege folkediktinga. Dei reglane som fanst for den  lærde latindiktinga, kunne vanskeleg overførast til morsmålet. Men desse eldre salmane var velkjende for den jamne mann og kvinne i kyrkjebenkene, og kongens ordre understreka difor at ein ikkje skulle endra for mykje på dei, endå diktinga på Kingos tid, ikkje minst hans eiga, gjekk på langt stødigare og meir kunstferdige føter enn tidlegare tiders kyrkjesong. 

Det var nok fleire grunnar til at autorisasjonen for Vinterparten vart trekt tilbake. Sjølv om den endelege salmeboka fekk mange Kingo-salmar, førte forkastinga av Vinterparten til at mange av gudstenestesalmane hans ikkje vart brukte, noko Nielsen meiner er eit tap. Likeins var det eit tap for dansk-norsk salmetradisjon at Kingos opprinnelege salmebokplan ikkje vart realisert og dermed mange salmar til kyrkjeåret ikkje skrivne. 

Barokk

Thomas Kingo levde i det som gjerne er blitt kalla ”barokken”, eit omdiskutert namn på ei tid og ein stil ofte karakterisert som overlessa, kunstla og særs motsetnadsfull og mangfaldig. Erik A. Nielsen meiner likevel barokkomgrepet er tenleg, og påviser at det finst noko som ein kan karakterisera som ei særleg barokk tidskjensle eller mentalitet. Våre merkelappar på fortida kan føra til innsnevra oppfatningar av det som var, og til at vi går glipp av andre aspekt ved historia enn dei som karakteriserer periodeomgrepet. Men dei kan også minna oss om det som er felles over tidsavstandar. I studiet av 1600-talets barokk kan vi kjenna att barokke særdrag ved vår eiga tid. 

God formidling

Erik A. Nielsens bok gir ei grundig og mangesidig innføring i Kingos forfattarskap, og i sider ved livet hans. Nielsen deler av sine store kunnskapar ikkje berre frå litteraturvitskapen, men frå kunsthistoria i det heile. Boka er rikt og omtenksamt illustrert. Illustrasjonane er både opplysande og opplyste. Boka er rik på biletanalysar; særleg dei emblematiske framstillingane blir presenterte på fyllestgjerande og interessant vis. Dei ulike registra gir gode rettesnorer både for lesinga av boka og for å orientera seg vidare på ulike felt. Sidene er forsynte med fotnotar; også dei gode og informative, utan at noteapparatet forstyrrar lesinga av teksten.  Tonen er, boka igjennom, engasjert og personleg; dette er dansk og grundtvigsk formidling på sitt beste. Sjølvsagt kan ein peika på somme små feil i eit stort verk som dette, men det ville vore urettvist å bruka omtalen til det når så overlag mykje godt materiale vert gjort tilgjengeleg for oss på så gjennomført vis.

Dei fleste framandspråklege sitata vert omsette eller forklarte, men ikkje alle. Likeins enkelte ord i dei gamle danske tekstane. Boka er sjølvsagt skriven på dansk, men det danske skriftspråket er ikkje avskrekkande for ein norsk lesar. Ei bok om den dansknorske ortodoksiens dominerande salmediktar, vil sjølvsagt også vera ei bok med eit teologisk innhald. Denne meldaren har korkje kompetanse eller frimod til å uttala seg om forfattarens teologiske synsmåtar, men finn det forfriskande å sjå det teologiske stoffet presentert gjennom dikting og biletanalyse.

Bibelavtrykk i språket

Den danske salmearven frå reformasjonen og fram til utpå 1800-talet, tilhøyrer for ein stor del også vår salmehistorie. Til Landstads salmebok kom i 1870, brukte vi hovudsakleg danske salmebøker i gudstenestene i Noreg. Mykje av stoffet derifrå har også gått vidare. Difor er det nyttig for ein norsk salmesongar å kjenna opphavshistoria til salmane, ikkje minst fordi salmetekstane endrar seg frå bok til bok. Men salmesoga er også kyrkjesoge og samfunnssoge. 

Også den ”verdslege” litteraturen frå 1600- og 1700-tal er i store deler ”kristeleg” både ved at han føreset ein guddommeleg realitet og aksepterer ein luthersk kyrkjeleg dominans, og fordi diktingas biletspråk er så prega av det bibelske. Dei bibelske avtrykka i språket vårt, både daglegtalen og kunstspråket, er framleis tydelege, endå mange ikkje lenger veit kvifor og korleis avtrykka er sette. Dette gjer det endå meir interessant å lesa Erik A. Nielsens bok. Boka handlar ikkje utelukkande om Kingo og salmesongen, men bidreg til auka forståing for heile den kyrkjelege tolkingstradisjonen  som t.d. er levande framleis på ei rekkje norske bedehus. Ein får utvida forståinga for sitt eige språk og for kyrkjespråket.  Det er opplysande i vidaste forstand og i somme høve jamvel oppbyggeleg. 

Hele værket er komponeret over en berømt treleddet formel fra kirkefaderen Ambrosius (ca. 340-97): «Skyggen gik forud, billedet fulgte, sandheden skal komme; skyggen i loven, billedet i evangeliet, sandheden i himlene.» Billedet er altså navnet på vores egen livsverden, gennemstrålet af Kristus-lyset, men ikke «forklaret», før billedet på den yderste dag falder væk, og vi skal se sandheden ansigt til ansigt. Billedtalen er et nødvendigt, men foreløbigt sprog, fordi mysteriet først ved tidernes ende kan lyse frem i billedløst nærvær. Billedet er grundbestemmelsen af den uendeligt lange kristne mellemtid. Tiden, hvor billedet taler i sproget (E.A. Nielsen: Kristendommens retorik (2009), s. 18).

 

Vigdis Berland Øystese

 

(Bokmeldinga fyrste gong på trykk i Dagen)