Metadata

RessursprÄk:
 
Kategorier:
eksterneressurser 
NĂžkkelord:
 
FilstĂžrrelse:
105.8 KB 
Filtype:
html (text/html)
 
28.09.2009

Egil Morland - Kirkens grunn - en grunn aa staa paa en kurs aa foelge


INNLEIING

"Den stilling Den norske Kirke nÄ er kommet i, tvinger kirkens folk til Ä legge fram sin bekjennelse og erklÊring i det som gjelder kirkens grunn."

Slik lyder fyrste setningen i det dokumentet som fekk namnet Kirkens Grunn (KG), med undertittel "En bekjennelse og en erklÊring". Temaet for dette innlegget har eg teke som ein arbeidstittel; i det eg straks sÄg trong for ei nÊrare presisering av oppgÄva. Den kan nemleg tolkast i fire retningar - minst:

1.     Utgjorde KG det faktiske rettsgrunnlaget som kyrkja bygde pĂ„, dĂ„ biskopane og prestane tok til att i stats-embeta sine etter krigen?

2.     Fekk KG eit statsrettsleg nedslag som pĂ„ noko vis nydefinerte kyrkja sin status andsynes Staten?

3.     Fekk kyrkja etter krigen formelle (rĂ„ds)organ som stod i ein faktisk eller sakleg kontinuitet med innhaldet i KG?

4.     Har utviklinga i kyrkje/stat-tilhĂžvet (teologiske eller kyrkjepolitiske spĂžrsmĂ„l) etter krigen nyaktualisert innhaldet i KG, slik at vi pĂ„ den mĂ„ten kan seia noko om dokumentet sin lagnad i kyrkja?

Eg kjem til Ä tangera alle desse punkta, med hovudvekt pÄ det siste. Men aller fÞrst litt om dokumentet og situasjonen det vart til i, som bakgrunn for refleksjonen etterpÄ.

"Kirkens Grunn mĂ„ altsĂ„ betraktes som en temporĂŠr kirkelig bekjennelse". Slik sluttar Torleiv Austad avhandlinga si.1) Han gjer det etter Ă„ ha slĂ„tt fast at KG er ei partikulĂŠrvedkjenning, i det berre dei spĂžrsmĂ„l som var pĂ„trengjande under okkupasjonen, vart handsama. Austad slĂ„r fast at skriftet lĂŠremessig ligg innanfor luthersk tradisjon, ogsĂ„ i det vanskelege spĂžrsmĂ„let om synet pĂ„ styresmakta. KG reflekterer her Eivind Berggrav si kondisjonale statsforstĂ„ing.2) Dokumentet fekk ein tilfredsstillande kyrkjeleg resepsjon. For Ă„ slutta ringen: "Det er med hjemmel i denne kirkelige nĂždrett vi kan slĂ„ fast at KG var en forpliktende kirkelig bekjennelse i Den norske kirke fra 5. april 1942 til 8. mai 1945".3) Fordi kyrkja etter denne dato vende attende til "normale " statskyrkjelege tilhĂžve, blei den kyrkjelege naudretten sett ut av kraft, og KG fekk ingen statsrettslege konsekvensar. Av dette sluttar Austad (indirekte i det minste) at KG heller ikkje fekk kyrkjerettslege konsekvensar, trass i at Den midlertidige kyrkjeleiinga, bispane og prestar flest ynskte det.

FAKTISK RETTSGRUNNLAG - HISTORISK PARANTES?

 Likevel er det relevant Ă„ spĂžrja: Utgjorde KG det faktiske rettsgrunnlaget kyrkja bygde pĂ„ dĂ„ freden kom? Reflekterte det kyrkja si sjĂžlvforstĂ„ing ved inngangen til den nye tida?

Ja, det er det ingen tvil om. Fleire dÞme kunne nemnast, men viktigast er det som Berggrav skriv, at "det er altfor meget blitt oversett eller fortiet at da de norske prester og biskoper etter frigjÞringen sendte sine erklÊringer inn til kirkedepartementet om at de igjen tok opp bestyrelsen av sine embeter, sÄ tilfÞyet de at dette skjedde idet de 
 fortsatt erklÊrte seg Ä stÄ pÄ det som var hevdet i Kirkens Grunn".4)

SĂ„ seint som i 1954 skreiv Berggrav, i kontroversen med Castberg, og i det han viser til KG sine ord om ordinasjonen: "Det lyder (ikke lĂžd - for Kirkens Grunn er gyldig den dag i dag.)".5)

Men denne intensjonen for livet etter krigen fekk ein krank lagnad, bĂ„de i lovverket og mellom kyrkjehistorikarane. I boka "Statskirke og Jesu Kristi kirke", som kom ut same Ă„ret, gjev prof. Einar Molland KG ei reint parentetisk rolle.6) PĂ„ knappe to sider vert dokumentet sĂ„ vel som kyrkjekampen omtala, og det inntrykket sit att at reformrĂžrsla sig vidare i same sporet som fĂžr krigen. Rett nok med ei ekstra tilskunding av krigens rĂžynsler, sjĂžlvsagt, men effektivt dempa av tilvand statskyrkjeideologi. Dei nemnde erklĂŠringane frĂ„ 1945, "innebĂŠrer ingen forandring i det statskirkelige forhold som nĂ„ blir gjenopprettet".7) Det er verd Ă„ merka seg at Molland sjĂžlv vurderte Kirkens Grunn svĂŠrt hĂžgt. Men dette skriv han altsĂ„ etter Ă„ ha site i den viktige kyrkjeordningsnemnda frĂ„ 1945, saman med m.a. Berggrav og Hallesby. Innstillinga frĂ„ nemnda, som kom i 19488) vart kraftig barbert og redusert i Stortinget, og fĂžrte fram til den Lov om den norske kirkes ordning frĂ„ 1953, som vi kjenner til. Det endelege resultatet var langt mindre omfattande enn naudsynt, endĂ„til om ein heldt seg innanfor ei bastant statskyrkjeforstĂ„ing - framleis ifylgje Molland.9) Terje Ellingsen vurderer det sameleis: "Resultatet av denne omgangen i kirkereformarbeidet, som skulle utnytte erfaringene og tenkningen fra de skjebnetunge 1940-Ă„rene, ble altsĂ„ temmelig magert".10)

Men teologisk og sakleg har saka heilt andre dimensjonar over seg. I boka "Kirkens ordning i Norge", som Berggrav laga skissa til i 1943 og offentleggjorde i 1945, trekkjer forfattaren opp samanlikningar som kan ta pusten frÄ nokon kvar. For Berggrav var det slik at Kirkens Grunn simpelthen sette ein ny kyrkjerettsleg standard i Noreg. Med breid penn samanliknar han 1942 med 1537, dÄ Olav Engelbrektson gav opp Noreg som katolsk land! "Den periode som ble innledet i 1537 varer til 1942. Hverken 1814 eller 1905 gjÞr noen forskjell. Vi skiftet fra enevelde til demokrati - det forandret ikke den ting at staten hadde kirken i sin hule hÄnd..." I 1942 "ble kirken for fÞrste gang siden 1537 tvunget til igjen Ä trekke opp skillet mellom kirkens grunn og statens. Det ble Äpenbart for alle at kirkens siste basis ikke er staten".11)

Det lÞpet Berggrav trÞstig inviterte kyrkjefolket med pÄ, i det det no var naudsynt Ä fÄ ordningar som svara til den trong livet sjÞlv hadde dokumentert, bruka han dette biletet om: "Det er ganske enkelt spÞrsmÄl om Ä la en fÞdsel bli naturlig fulbyrdet eller ikke."

"REIN" SITUASJON

 Det er ingen tvil om at kyrkja stod overfor ein gylden anledning etter krigen. Eg har heller ikkje sett nokon anfekta Berggrav sin pĂ„stand om at: "Den situasjonen kirken har i dag, er usedvanlig ren. Det er ikke skygge av makttendenser med i spillet. De organer kirken i disse Ă„r har utbygget eller nyskapt, har uten Ă„ eie ringeste statlig makt skullet representere Ă„ndelig myndighet. For sĂ„ vidt kunne en nesten si at stillingen har vĂŠrt ur-kristelig".12)

PÄ bakgrunn av denne "reine" situasjonen (uttrykket er godt; overfÞrt pÄ samfunnsvitskapleg forsking kunne vi sagt at det er det nÊraste vi kjem ein laboratorie-situasjon, der utanforstÄande variablar er eliminerte) grunngjev Berggrav den trongen kyrkja no har for reformer. Han stÄr pÄ god luthersk mark nÄr han seier at Ändeleg, "virkelig myndighet trenger en hevdelsesform".13)

Dersom vi ser pÄ dei organ kyrkja har fÄtt i seinare Är, sÄ er det ingen tvil om at kyrkja eit stykke pÄ veg har fÄtt slike hevdelsesformer. Det som ikkje kom i 1953, kom i 1984. Vi har fÄtt lovfeste bispedÞmemÞte, vi har fÄtt svÊre fullmakter overfÞrt til bispedÞmerÄda, og KyrkjemÞtet er oppretta. Den treledda fridomen det var tale om i 1945: Fridom for forkynning, vedkjenning og kallsrett, er i stor grad overfÞrt til kyrkjelege organ.

Det formelle - vi kunne ogsÄ seia det utvortes - aspektet ved dette vil eg ikkje gÄ inn pÄ. Men eg vil retta sÞkelyset mot to sider ved sakskomplekset, og spÞrja om det som har skjedd etter krigen ligg innanfor den prinsipielle tankegangen vi finn i Kirkens Grunn, og den statsrettstenking dei forfekta som skulle fÞra arven frÄ denne vedkjenninga vidare. Dei to sidene er

  • situasjonen kyrkjereformene blei til i, har den tildekka eller framheva kyrkja sin eigenart?, og
  • fĂžresetnadene for ei fortsatt statskyrkjeordning, finst det ei overskridbar, men neglisjert, grense for denne ordninga?

KYRKJEREFORMKLIMAET

Det er grunn til Ä gje Berggrav rett i at situasjonen den gongen var rein. Var det ogsÄ tilfelle sidan? Korleis var det pÄ midten av 80-talet? Var situasjonen slik at dei prinsipielle og grunnleggjande spÞrsmÄla i trekant-tilhÞvet stat/kyrkje/samfunn blei klÄrlagde fÞr ein nÄdde fram til semje i reformspÞrsmÄla? Eller var det motsett: Vart semja nÄdd berre - eller i hovudsak - avdi ein utsette Ä diskutera dei viktigaste spÞrsmÄla, i det ein lÞyste saker administrativt, der det eigentleg var trong for teologiske oppgjer?

Vi meiner det siste er tilfelle. For Ä ta konklusjonen fÞrst: Reformene kom i ein grumsete situasjon. I dei mange aktuelle konfliktsakene kyrkja har kjempa med det siste ti-Äret, er det den politiske rÞyndommen som har avgjort utfallet. Den "veggen" kyrkja har spela ball imot og fÄtt svar attende frÄ, er ikkje teologien, men politikken. Reformene kyrkja har fÄtt er stort sett ikkje vunne pÄ kyrkjeretsleg legitime premiss, men dei er nÞlande gitt kyrkja, akkompagnert av utilslÞrte forventningar om at kyrkja maktar Ä rydda opp i eige hus pÄ same smidige, opne og tolerante mÄten som staten til no har gjort.

I si skildring av framveksten av "kontorpavedÞmmet" i mellomkrigstida, skreiv Berggrav i 1943/45 at kyrkja hadde, "i sin trang til selvhevdelse overfor staten forsett seg pÄ ytre maktposisjoner. Kirken ble delvis holdt i blinde ved sine egne forsÞk pÄ "frigjÞrelse". Disse var i sterk grad politisk betont. FÞlgen var at kirkens spÞrsmÄl ble mÞtt av de statlige politikere som om det ogsÄ her bare galdt politiske resonnementer".14)

PĂ„ 80-talet vart nok "kirkens egenart som trossamfunn" (uttrykket er ofte brukt i offentlege utgreiingar, innstillingar og reformforslag.15)), registrert, men ein kjem sjeldan nĂŠrare ei presisering av kyrkja sitt vesen og hennar oppgĂ„ve enn dette: "Å forkynna evangeliet og forvalta sakramenta for flest mogleg menneske." ..."Dette mĂ„ og innebera at det innan kyrkja vert gjeve arbeidsvilkĂ„r for ulike organisasjonar, institusjonar og teologiske syn. Eit av fĂžremĂ„la med reformene mĂ„ vera Ă„ sikra ei open og inkluderande fokekyrkje".16)

Demokratiseringa av kyrkja er drivande motiv nĂ„r ein ser det som "sterkt Ăžnskeleg at fleire tek del ved soknerĂ„dsvala ... desse vala er opne for alle kyrkjemedlemmer med rĂžysterett. Det mest nyttige tiltaket for Ă„ styrkja demokratiet vil ... vera Ă„ mobilisera dei breie lag av kyrkjemedlemmene til stĂžrre ansvar for si eiga kyrkje .. Auka tilslutnad kunne ein fĂ„ ved Ă„ halda val pĂ„ fleire stader i kyrkjelyden og ved Ă„ opna for hĂžve til fĂžrehandsrĂžysting".17) Alt dette er sitat frĂ„ den innstillinga som "selde" reformene til Stortinget.

Riset bak spegelen er ei ny vurdering "etter t.d. to valperiodar. Ein viktig del av den samla vurderinga ein dÄ kan gjera pÄ grunnlag av rÞynslene, vil vera om valordninga har makta Ä gje ei dekkjande avspegling av breidda i kyrkja, m.a. korleis kjÞnnsfordelinga har kome til uttrykk".18)

Lengst i retning av Ă„ formulera den totalitĂŠre, demokratiske staten sine krav til kyrkja, gjekk St. meld. 40 (80-81): Å lĂžysa banda mellom stat og kyrkje, ville "med rette kunne oppfattes som om Staten trakk seg fra vesentlige forpliktelser til Ă„ ivareta folkets religiĂžse og Ă„ndelige tarv", og: "Staten bedre kan hjelpe til Ă„ fylle rettmessige krav om religionsfrihet forstĂ„tt som "frihet til religion" gjennom Ă„ opprettholde statskirkerelasjonene enn gjennom Ă„ trekke seg fra det ansvar som ligger i disse relasjonene".19) Det er Castbergs Ă„nd igjen; han hevda som kjent at ei vesentleg grunngjeving for staten sitt engasjement i kyrkja var Ă„ sikre religionsfridom i kyrkja.20)

Dersom vi byter om dei to siste sifra i desse viktige Ă„rstala, og skriv 1948 i staden for 1984, og samanliknar formuleringane i reform-innstillinga med framlegget frĂ„ den offentlege kyrkjekommisjonen som vart lagt fram i 1948, anar ein litt av kva som pĂ„ desse fĂ„ Ă„ra har hendt med Berggrav sin "reine'' situasjon. I 1948 skreiv ein slik om kyrkja, i Statens offisielle nemnd: "Kirken blir opprettholdt av noe som mennesker ikke stemmer ja eller nei til. All tjeneste i kirken beror til sist pĂ„ den fullmakt eller det oppdrag som Kirkens Herre har gitt sin menighet. Å ordne disse tjenester slik at oppdraget blir best mulig fremmet blir da en kirkeorganisasjons oppgave".21)

I dei siterte skriftene av Berggrav har den prinsipielle tilrettelegginga av kva det ligg i det faktum at fyrsten etter reformasjonen er kyrkja sit fĂžrste medlem ikkje fĂ„tt sĂ„ stor plass. Etter luthersk kyrkjerettslĂŠre kviler fyrstens makt i kyrkja ikkje primĂŠrt i den styrande si makt, men i hans dĂ„p.22) Konsekvensen av dette skulle vera - og er prinsipielt -, at det er kyrkja som kan trekkja attende den delegasjonen av styringsmakt som vart gjeven fyrsten eller staten. I rĂžynda er det blitt annleis, som vi straks skal sjĂ„. Eg er framleis forundra over at kyrkja kunne ta imot kyrkjereformene pĂ„ det grunnlag som m.a. Stortingsmeldinga (Nr.40) la opp til.

Men fyrst tilbake til Berggrav: I sak hadde han dette aspektet med. Nettopp ved Ä samanlikna 1537 og 1942, i det han hevda at 1942 vann attende det kyrkja (prinsipielt) tapte i 1537, ser vi det klÄrt: For i 1942 trekte kyrkja seg ut av Statens sitt famntak, og gjorde krav pÄ sine eigne "hevdelsesformer". Fordi Staten gjekk ut over Sitt mandat (sjÄ nedanfor), kuttar kyrkja banda, og tek sjÞlv hand om styringa. Delegasjonen vert trekt attende.

Det var denne fĂždselen kyrkja ynskte Ă„ fullbyrda etter krigen. I striden om dei evige helvetesstraffene og Castberg si utgreiing, ei utgreiing som har skapt spissformuleringa "Staten er kirken", seier Berggrav indignert: "Kirken skal nektes husbondsrett endog innenfor sitt eget kirkeroms fire vegger".23) Til dette svarar Molland, og ein mĂ„ undrast pĂ„ kva han lĂŠrte ti Ă„r tidlegare: "Det er en statskirkes kĂ„r. SĂ„ blottet for makt er denne kirke. Den er henvist til Ă„ tjene".24)

Omsnudd delegasjon.

Kva er det som har skjedd med delegasjonen? Den er snudd pĂ„ hovudet. I den statsrettslĂŠrde si utgreiing er det som om historia og kyrkja fyrst tek til med eineveldet, for sĂ„ Ă„ bli stadfest i 1814. I realiteten har ein glĂžymt kva det eigentleg ligg i uttrykket om at kyrkja "forbliver".25) Fylgjande avsnitt frĂ„ Stortingsmeldinga fĂžr dei siste reformene syner oss i eit nĂžtteskal kva som i rĂžynda er kyrkja sin juridiske status: "Det organ som delegerer (Stortinget, Kongen) gir ikke sin myndighet definitivt fra seg. Organet kan fortsatt nĂ„r som helst utĂžve tilsvarende myndighet selv, kan instruere og overprĂžve de delegerte avgjĂžrelser, hvis ikke noe annet er bestemt pĂ„ en mĂ„te som binder ogsĂ„ det organ som delegerer. Dette organ kan ogsĂ„ tilbakekalle delegasjonen".26) Reformene skjer altsĂ„ pĂ„ ein mĂ„te som ikkje kjem kyrkja sitt krav pĂ„ Ă„ vera eige rettssubjekt i mĂžte. Vi lever vidare med eit prinsipielt gap mellom kyrkja si sjĂžlvforstĂ„ing og det mandatet som hennar styringsorgan har.

Eg tillet meg ein liten profeti her, (fordi ting utviklar seg sÄ fort er den allereide dels av tilbakeskodande art): Det skal ikkje stor fantasi til for Ä fÞrestilla seg at alt dette kan fÄ konsekvensar for kyrkja sin eigen forvaltningspraksis nÄr teologi stÞyter mot folkeopinion i framtida. (Her skulle omgrepet kyrkjedemokrati vore drÞft, m.a. meiner eg det er mogleg Ä pÄvise at reformrÞrsla sine "sigrar" har gÄtt parallellt med ei devaluering av dei opphavlege ideal som sette denne rÞrsla i gang - spesielt nÄr ein granskar det reformistane stod for kring Ärhundreskiftet.)

GRENSELAUS STATSKYRKJE?

 Eit saksforhold som i sĂŠrleg grad blir aktualisert i Kirkens Grunn, er dei grensene som tilhĂžvet mellom stat og kyrkje lyt utfalde seg innanfor. Berre i medvitet om desse grensene kan ordninga framleis forsvarast.

Austad konkluderer med at "Kirkens Grunn tolker statskirkeordningen annerledes enn de fleste statsrettslĂŠrde har gjort det bĂ„de fĂžr og etter okkupasjonen".27) KG ser pĂ„ tilhĂžvet som ein tosidig avtale, basert pĂ„ tillit, der Staten meir er forvaltar enn herre. Vi har sĂ„vidt nemnt at KG byggjer kristenmenneskets og kyrkja si plikt overfor staten pĂ„ ei betinga, kondisjonal statsforstĂ„ing. KG fĂžreset ein annan statsrĂžyndom enn Augustana. Dokumentet representerer ei teologisk nytolking, men det er ikkje nokon fundamental teologisk sprik mellom Augustana og KG.

I art. V i Kirkens Grunn, stÄr det: "Om statens kall uttaler vÄr bekjennelse at staten ikke har noe med sjelene Ä gjÞre, men skal "verge legemene og de legemlige ting mot Äpenbar urett og holde menneskene i tÞmme for Ä opprettholde borgerlig rettferd og fred." Etter ei aktualisering av dette, stÄr det: "Av alt dette fÞlger den rette lydighet som de kristne skal vise overfor staten, men ogsÄ grensene for denne lydighet." Og: " ...hvor statens makt skiller lag med retten, der blir staten ikke Guds redskap, men en demonisk makt." I art. VI: "Bare nÄr statens organer virker til beste for evangeliets rette forkynnelse og til menighetens oppbyggelse, kan den rettsgyldig utÞve sin del av styremyndigheten i kirkeadministrasjonen."

Med desse sitata er to saksforhold trekte inn, nemleg statens mandat generelt og statens mandat som kyrkjeleg styringsorgan. Men begge hÞyrer heime og ilag innanfor vÄrt tema.

Kirkens Grunn la grunnlaget for det som biskop Berggrav seinare formulerte slik: "Enhver statskirkeordning mĂ„ (derfor) vĂŠre basert pĂ„ bruddets mulighet. Bruddet er og blir vĂ„r ultima ratio".28) SĂ„ kvalifiserer han dette vilkĂ„ret, og dermed gjorde han alle seinare slekter ei teneste: "Det mĂ„ gjelde livsspĂžrsmĂ„l. Bruddet skal koste".

FÞresetnaden for samvirket etter krigen er: "For Statens vedkommende er vi gÄtt ut fra at den er grunnlovsstaten og at den er suveren nok til ikke Ä tro om seg selv at den er livets herre".29)

I sak var det nÞyaktig det same biskop LÞnning hevda i 1975: "Vi kan ikke og skal ikke forlange av en politiker at han bekjenner et personlig kristent trosstandpunkt, men sÄ sannelig skal vi forlange at hans stemmegivning ikke krenker grunnleggende menneskerettigheter og selve livets hellighet. Under okkupasjonsÄrene var dette akkurat det grunnprinsipp Den norske Kirke mÄtte reise seg for Ä verge..".30)

Til Berggravs vilkÄr at eit brot mÄ skuldast livsspÞrsmÄl, siterer vi litt frÄ Per LÞnning sitt avkilshyrdebrev i 1975: "Grunnene (til min avskjed) er at den nye lov krenker Skaperens livslover og rokker ved rettsstatens grunnlag; respekten for menneskeverdet. Videre at Den norske kirkes gjentatte og alvorlige henstillinger i saken er latt upÄaktet av Stortinget".31)

Dei to siste sitata illustrerer at kyrkja har fÄtt saker pÄ bordet som i sÊrleg grad har aktualisert Kirkens Grunn. Men vi har fleire. Schelderup-saka er tidlegare indirekte nemnt. Castberg si utgreiing i 1953 om regjeringa si plikt til Ä rÄdspÞrje og eventuelt til Ä spele hÞyringsorgana ut mot ein annan, fekk Berggrav til Ä utbryta: "Det fÞrste som slÄr meg er at hvis denne avhandling hadde foreligget fÞr okkupasjonen, sÄ ville Den norske kirkes kamp i den epoke vÊrt umulig".32)

I denne striden stod det om ordinasjon og kollats, om staten ogsÄ rÄr over kyrkja sin guddommelege rett. Castberg skriv m.a.: "Rettslig kan det ikke vÊre noe i veien for at bestemmelsene om ordinasjon og kollats helt oppheves om dette skulle anses nÞdvendig".33)

PÄ bakgrunn av dette spÞr Berggrav om ikkje kyrkja i denne situasjonen burde ta konsekvensen og handla - som i 1942. Det er tydeleg at for han er statskyrkja sitt ultima ratio passert, dersom Castberg sine tankar vinn fram. SjÞlv svarar han at Castberg sÄ langt berre har lansert teoriar, og bles til juridisk kamp mot han. Samstundes oppmodar Berggrav til "skjerpet beredskap, Þket vÄkenhet."

Utfallet av denne saka blei likevel nedslÄande, og fekk ein frapperande parallell i Hognestadsaka: Ved Ä visa til ei hÞyringsfrÄsegn, den tradisjonelt liberale, vart samtlege kyrkjelege organ overkÞyrde, og Castbergs teori i praksis stadfest.

Den stÞrste konfliktsaka som har gÄtt parallellt med arbeidet med kyrkjereformene er likevel BÞrre Knudsen-saka, fordi denne saka knyter saman tre ulike trÄdar frÄ Kirkens Grunn: Rettsstaten, statskyrkja og livsspÞrsmÄlet (i dobbel forstand) som Ärsak til brotet. Korkje Hognestad- eller Knudsen- saka fekk ei tilfredsstillande lÞysing sett gjennom Kirkens Grunn sine briller.

HØGSTERETTSDOMMEN - DOM OVER HØGSTERETT...

HĂžgsterettsdommen mot BĂžrre Knudsen slĂŠr fast at paragraf 2 i Grunnlova utelukkande bind staten nĂ„r den utĂžver internt kyrkjestyre. For staten sitt embete elles tyder den ingenting (Samanlikn med formuleringane i paragraf. IV i Kirkens Grunn). PĂ„ andre omrĂ„de kan staten gjerne motarbeida den evangelisk-lutherske religion eller krenka det kristne menneskesyn og sĂ„leis sitt eige guddommelege mandat til Ă„ vera stat, slik det er omtala i Confessio Augustana, art. 16 og 28, og i Kirkens Grunn. Det mest oppsiktsvekkjande er likevel at biskopane34) ikkje har ein einaste kritisk merknad til HĂžgsterett si sjĂžlvforstĂ„ing, slik det gĂ„r fram av domspremissane: "Det tilkommer ikke domstolene Ă„ ta standpunkt til om den lĂžsning av et vanskelig lovgivningsproblem som lovgiveren har valgt ved abortloven av 1978 er den beste. Om dette vil det vĂŠre forskjellige oppfatninger blant dommere, som blant andre".35)

Ord for ord gav HĂžgsterett i 1940 uttrykk for det stikk motsette synspunktet: "Vi vil fremholde at domstolene etter norsk konstitusjonell rett har plikt til Ă„ prĂžve gyldigheten av lover og administrative forordninger".36) Ufriviljug har HĂžgsterett i 1983 kome til Ă„ "sitere" Terbovens ord i 1940, dĂ„ han skreiv: "Det kan ikke hĂžre til HĂžiesteretts befĂžyelser Ă„ ta stilling til gyldigheten av rettsforskrifter."37) Om grensene for kva staten kan rĂ„ over, heiter det i Kirkens Grunn, art. V: "..hvor Statens makt skiller lag med retten, der blir staten ikke Guds redskap, men en demonisk makt". Og dette er sĂ„ visst ikkje det emaste punktet der rettstenkjinga i HĂžgsterettsdomen markerer eit brot med det aktĂžrane i 1940/42 stod for.

...OG OVER KYRKJA

Eg nÞler ikkje med Ä seia at HÞgsterettsdommen mot BÞrre Knudsen, og endÄ meire kyrkja si handsaming av denne dommen, er det eigentlege syndefallet kyrkja har gjort bort frÄ dei berande prinsippa i Kirkens Grunn. Hognestad-saka gav signal om stoda. I den saka tala kyrkja imponerande samla. Men saka vart "lÞyst" i fellesskap med staten. I staden for eit uunngÄeleg styrkeoppgjer mellom kyrkje og stat, der kyrkja ville ha fÄtt alle sjansar til Ä kjempa for sin integritet - eit oppgjer som ville ha involvert strid om dei fleste av Melanchton sine krav til ein kyrkjeleg jurisdiksjon - fekk ein ei harmonisk lÞysing.

I BispemÞtet si handsaming av HÞgsterettsdommen uttrykkjer ein forstÄing for den "uro og anfektelse" mange opplever, men distanserer seg elles frÄ denne uroa. I mine Þyre hÞyrest det nÊrast ut som blasfemi nÄr ein til denne saka kan uttala: "Vi stÄr overfor en situasjon som er rik pÄ lÞfter og muligheter." Det er reformene ein dÄ tenkjer pÄ, og dette er i sanning den moderne reformkyrkja sin mÄte Ä svara pÄ. I same frÄsegna karakteriserer ein attendekallinga av embetseden som at den "ikke gir mening". For Ä kome seg unna ei tidlegare frÄsegn om at det ikkje gjekk an Ä skilja skarpt (!) mellom statleg og kyrkjeleg del i embetet, tek ein no KG til inntekt for at dette skiljet berre er noko ei samla kyrkje kan gjera (ei urett tolking av KG, og av praksis i 1942, etter mi meining), og ein tek dommen til etterretning pÄ det punktet at det i vÄr konkrete kyrkjeskipnad ikkje er mogleg Ä skilja slik. Legg endeleg merke til den distansering som ligg i fylgjande sitat, og korleis bÄde ord og Änd bryt med KG: "Men de fleste av dem (protestprestane) gir uttrykk for at de finner det problematisk Ä opprettholde sin embetsed overfor en stat som etter deres mening har opphÞrt Ä vÊre rettsstat, fordi den vedtar lover som vurderes som stridende mot Guds ord."

Det gjev eit visst perspektiv over dette at aviser og politikarar frÄ mange leirar spekulerte hÞglytt over om det i det heile hadde vorte fleirtal for kyrkjereformene dersom t.d. Hognestadsaka hadde utvikla seg til eit oppgjer i rettssalen.

Konklusjonen pÄ alt dette er at kyrkjesituasjonen i tida dÄ kyrkja "sjÞlv" fekk meire makt var sÄ lite "rein" som rÄd var. Kyrkja vann sine reformer utan at det vart gjennomfÞrt ei naudsynleg loftsrydding parallellt. Men eg vil meina at det ikkje er sÄ kjekt Ä vera herre i eige hus nÄr det spÞkjer der!

I november 1990 drĂžfte kyrkjeleiarar "Kirken mot Ă„r 2000". Det var mykje godt og rett Ă„ hĂžyra, ikkje minst i biskop Aarflot sitt fĂžredrag: "Det tales ofte store ord om at kirken mĂ„ vĂŠre en Ă„pen, varm og inkluderende kirke. Men det vises liten forstĂ„else for evangeliets sprengkraft og den avslĂžrende brodden i Guds lov".38) Det er imidlertid ikkje lett Ă„ fri seg frĂ„ ei kjensle av at den kyrkja som talar slike ord i dag, forspela sjansane sine til Ă„ seia det dĂ„ det kosta, dels ved at ein den gongen aksepterte statens overgrep, dels ved aktivt Ă„ velja feil side i striden. Men dĂ„ er det ogsĂ„ fĂ„re for at dei brave orda i dag ikkje er gyldige ord - i ideologisk eller filosofisk forstand.

Etter mitt skjÞn har alternativa etter krigen vore at anten lever ein med statskyrkja i Berggrav si Änd, og hevdar dette, eller sÄ endar ein uvegerleg i ein eller annan form for castbergiansk kyrkjerÞyndom.

SLUTT

Det mÄ difor vera rett Ä skilja mellom ei formell vidarefÞring av prinsippa i Kirkens Grunn ved at kyrkja fÄr sine "hevdelsesformer", og ein evt. reell kyrkjeleg "resepsjon" av teologien i dette vedkjenningsdokumentet. Min konklusjon er at medvitet om "bruddets mulighet" og statens kompetansegrenser var sterkare i dei fyrste Ära etter krigen enn i dag. Det kan sjÞlvsagt tenkjast eit brot mellom stat og kyrkje i framtida. Men nÄr dei store konfliktsakene pÄ slutten av 70- og heile 80-talet i sÄ stor grad vart personfokuserte (''Hognestad-sak'', "BÞrre Knudsen-sak"), sÄ vart dei samstundes pÄ eit vis ufarleggjorde i forhold til den problemstillinga vi drÞftar no. Dei vart gjorde til intern kyrkjestrid. I Kirkens Grunn sitt perspektiv var dei minst av alt det. Eg vÄgar difor den pÄstanden at i Kirkens Grunn si Änd har siste toget for eit brot forlate stasjonen, og det toget hadde Berggrav sin "ultima ratio" med pÄ lasset! Det blir ein annan "ratio" som kjem til Ä avgjera brotet - nÄr det ein gong kjem.

 


Noter:

1) Torleiv Austad: Kirkens Grunn. Analyse av en kirkelig bekjennelse fra okkupasjonstiden 1040-45. Oslo 1974.s. 232

2)
 Jb. s.104

3)
 Ib. s.230

4)
 Eivind Berggrav: Contra Castberg, Oslo 1954, s.18

5)
 Ib. s.12

6)
 Einar Molland: Statskirke og Jesu Kristi kirke, Oslo 1954

7)
 Ib. s.48

8)
 Innstilling til Lov om Den norske kirkes ordning, Oslo 1948

9)
 Molland s.51

10)
 Terje Ellingsen: Kirkelig visjon - politisk dragkamp, Stavanger 1973, s.84

11)
 Eivind Berggrav: Kirkens ordning i Norge, Oslo 1945 s.9-10

12)
 ib. s.12

13)
 samme

14)
 ib. s.47

15)
 SjĂ„ t.d. NOU 1975/30 s. 83f.

16)
 Innst. O.79.s. 4

17)
 Ib.s.5

18)
 samme

19)
 Stortingsmeld. 40 (1980-81)s. 83

20)
 Frede Castberg: Statsreligion og kirkestyre, Oslo 1953, s.64

21)
 Innstilling.. .1948, s.14

22)
 SjĂ„ t.d. oversiktsart. om ev. kyrkjeforfatning i RGG -(3.utg.), bd.III, Sp. 1570ff

23)
 Contra Castberg, s.5

24)
 Molland: Statskirke...s.94

25)
 Contra Castberg, s.6

26)
 Stortingsmeld. 40, s.38

27)
 SjĂ„ feks. Austad, s.180

28)
 Berggrav, Kirkens Ordning, s.22

29)
 Ib. s.72

30)
 Per LĂžnning: Derfor, Oslo 1975, s.62

31)
 Ib. s.22

32)
 Contra Castberg, s.5

33)
 Ib. s.12

34)
 BM-sak 34/83

35)
 Dom i BĂžrre Knudsen-saken, Norges HĂžyesterett, s.32

36)
 Sitert etter H.C. Christie: Den norske kirke i kamp, Oslo 1945, s.34

37)
 Ib. s.33

38)
 Sitert etter referat i dagspressa