Å leva som Jesu etterfylgjar

28.07.2019
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Kristenliv Etterfølgelse Lidelse Oppstandelsesliv Kamp Korsfestelse

Det å vera ein kristen, er å vera ein Jesu etterfylgjar. Det kristne livet er å vandra i lag med Jesus. Det har sitt utgangspunkt i Jesu død og oppstode, i forsoninga og syndstilgjevinga, og det ber i seg mange konsekvensar.

Korsvagen og uppståndelseslivet: Om att leva i Jesu efterføljd

Det er mykje likt, men også ein god del som er ulikt i ulike menneske sitt kristenliv. På mange måtar kan kristenlivet sjå ut som ei rekkje med sjølvmotseiingar, eller i det i det minste bera i seg mange paradoks. Dette har sin grunn i at det er eit liv under krossen, samstundes som det er eit liv i kraft av Jesu oppstode.

Det er dette denne boka handlar om. Kristenlivet er ein krossveg og eit oppstodeliv. Vi får ei innføring i kva det vil seia å vandra på krossvegen. Det vil bera i seg mykje kamp og liding, alt frå dødinga av vårt gamle menneske til martyriet. Oppstodelivet ber i seg mange velsigningar og gleder, frå utfriing og helbreding til oppstode og herlegdomsliv. Alt er djupast sett ei teneste for Herren, og det ber i seg løn i det evige.

Vi får i denne boka på fleire måtar ei overraskande framstilling av det kristne livet, og kva det inneber å vera Jesu etterfylgjer, men det er di meir lærerikt og utfordrande. Boka kan skapa anfekting med tanke på eige kristenliv, men ho vil også vera eit kall til djupare samfunn med Kristus i hans død og oppstode.

Det er ei god og nødvendig bok. Problemet er at ho er på svensk. Dei fleste vil likevel klara språket bra, om ein berre får tak i boka. Eg vonar ho vert omsett til norsk. Forfattaren, Olof Edsinger, er generalsekretær i Svenska Evangeliska Alliansen, og er ein markant kristenleiar i Sverige. Mange her i landet vil også kjenna han, både som skribent og forkynnar. Han har skrive ei rekkje bøker, og eit par av dei er omsette til norsk. Det er teologisk sett solide saker som kjem frå Olof Edsinger.

Olof Edsinger
Korsvagen og uppståndelseslivet: Om att leva i Jesu efterføljd
Livets ords forlag 2019
Hft. 203 sider

(Artikkelen har tidligere stått på trykk i Dagen)