Å preike sanning

21.08.2022
Egil Morland
Aktuell kommentar Sannhet Falskhet Teknologi Verdidebatt Verdikamp Verdigrunnlag Abortgrense Abortdebatt Pride Kirken Forkynnelse

Aktuelt

Egil Morland

Eg skriv frå Budapest, ein by i det som fram til «vendinga» kom i 1989, var ein del av det forhatte Sovjet-regimet. Konferansen her handlar om å forkynne «mot» sanning, dvs. i positiv tyding: «toward truth».

Det skulle jo all forkynning ha som mål. Men her ser vi nok av døme på kor vanskeleg det har vore, og kor finurleg kyrkjer under skiftande regime har måtta ordleggja seg, slik at sanninga i det minste kan sleppa fram i glipene i tjukke murar.

Døma er, som sagt, mange. Og poenget er at sanninga ALLTID er truga, i statar der styresmaktene gjer seg lekre overfor kyrkjene (ei ikkje heilt elegant formulering om det som no faktisk skjer i det ny-liberale Ungarn), så vel som i statar som opptrer med knytte nevar mot kyrkjene.

Og så er det relasjonen til «folket», i det sekulariserte Norden og «religiøse» Brasil og India. Frå Brasil høyrer vi historier om så grove seksuelle overgrep mot kvinner at dei knapt kan bli sett på prent. Det skjer i ein såkalla kristen kultur.

Innimellom alt dette høyrer vi om «falske sanningar», «alternative sanningar», manipulasjon, forvrenging og fornekting av det som faktisk skjer rett for augo våre.

Det er ikkje minst den teknologiske utviklinga (populært kalla 4IR – den fjerde industrielle revolusjon) som har potensiale i seg til å klussa med hovuda våre, slik at det ikkje er lett å skilja sanning frå løgn. Og kva gjer du den dagen kontantane dine ikkje er gangbare og kontoar og andre personlege data vert stengde med eit tastetrykk?

Spørsmålet er sjølvsagt: Er den individuelle moralen og den institusjonelle makta og styringskontrollen i stand til å takla dette, slik at også tekniske framsteg er til den enkelte – og statar – sitt beste?

Utfordringane er kanskje aller størst i land der kyrkje og folk går opp i ei felles eining av moral og politikk. Anten det er abort i USA eller Pride i den vestlege verda: Desse fenomena kjem som ferdige «pakkar», der den dominerande haldninga forbyr oss å vurdera dei enkelte elementa på ein edrueleg måte: Er folk i Noreg verkeleg for «fri» abort, dersom denne fridommen gjeld nesten fram til naturleg fødsel?

Her ser vi kva som held sanninga nede i ei kollektiv fordumming. «Sanning» står mot «sanning», og larmen overdøyver eit sivilisert ordskifte.

Så ser vi då: Å forkynna i retning av, toward, sanning er ikkje berre ein kamp mot ytre fiendar. Denne kampen står overalt der Guds ord vert forkynt, og oppgjeret tek til med «Guds hus».

Det var Jesus som sa at han var vegen, sanninga og livet.

Det er der all leiting etter sanning må ta til.

Egil Morland