Det er ikkje alt i Bibelen som har like stor vekt og plass, og det betyr at ikkje alt skal like mykje fram i forkynninga. Guds ord har ein spiss og eit orienteringspunkt, og det er Ordet om krossen. Difor skal dette ha størst plass og vera i sentrum i forkynninga. Alt skal orienterast ut frå det, ha sitt mål i det og si kraft i det.
Like fullt skal alt Guds ord forkynnast, alt skal opp på preikestolen. Det idealet og den forpliktinga finn vi hjå apostelen Paulus når han i avskjedstalen sin til dei eldste i Efesus seier: «For eg har ikkje halde noko attende, men eg har forkynt dykk heile Guds råd.» Det er grunnen til at han kan seia at han ikkje er skuld i nokon manns blod, altså at han er utan skuld om nokon i Efesus skulle gå seg åndeleg vill og endatil gå fortapt. (Apg 21, 26f).
No er ingen av oss apostel slik som Paulus, og med det har ingen av oss nådegåveutrustning, bibelsk kunnskap og åndeleg innsikt som han, og med det er det ingen av oss som åleine kan makta ein slik breidde i forkynninga og undervisninga. Gud har difor ordna det slik at han i den kristne forsamlinga har sett ulike nådegåver og han kallar folk med ulik åndsutrustning og innsikt i Guds ord, slik at heile Guds råd samla sett kan forkynnast også i dag. Det er den åndelege leiarskapen sitt ansvar å sjå til at det skjer. Dette er ei svært viktig side ved hyrdetenesta, Det er åndeleg usunt og det kan føra til åndeleg villfaring om alle forkynning ein lyttar til, er frå ein og same personen.
No er det slik at det er ulike arbeidslag i Guds rike, og ikkje alle har same ansvaret for forkynning. Vi har kristne skular, diakonale institusjonar og organisasjonar, ulike typer kristne media, kristne bokhandlar og andre tiltak. Slike arbeidslag har ikkje som oppdrag å formilda heile Guds råd i forkynning og undervisning, men fokusera på det som er deira spesielle kall. Denne typen arbeidslag skal likevel stå i ein samanheng der heile Guds råd vert forkynt, slik at alle som møter Guds ord kan få møta det fullt ut.
Kristne forsamlingar og misjonsorganisasjonar, som har forkynning og undervisning til frelse og kristent liv som mål, er eksplisitt forplikta på apostelens ord om å forkynna heile Guds råd. Vi ser til tider døme på at forsamlingar og organisasjonar seier dei vil opptre samlande, og at dei difor ikkje tek opp og ikkje tek stilling til kontroversielle spørsmål. Dei vil konsentrera seg om det sentrale, vert det gjerne sagt. Det som då i dagens åndsituasjon vert utdefinert, er særleg det som gjeld samliv og ekteskap. Kva som vert rekna som sentralt og samlande, vert då ikkje definert ut frå Bibelen, men ut frå åndssituasjonen. Det er ein måte å tenkja på, som djupast sett korkje er å vera samlande eller sentral – tvert imot. Over tid vil det føra vill.
Den refererte tenkjemåten er uhaldbar, og i strid med kristen tenking. Vi har ansvar for at folk ikkje vert førte vill, og då må forkynna og rettleia slik at det ikkje skjer. Det skjer berre når heile Guds råd vert løfta fram på talarstolen. Går folk seg vill etter å ha høyrt ei mangelfull forkynning, sit vi med skuld. Profeten Esekiel har to svært alvorlege og aktuelle kapittel om dette (kap 33-34). Det kviler eit stort ansvar på alle som har åndeleg leiarteneste og forkynnarteneste. Det gjeld både å forkynna og undervisa det som er positivt og rett, men det gjeld også å åtvara og formana. Det er dette som ligg bak når Jakob skriva at «ikkje mange av dykk må verta lærarar». Dei skal nemle få ein strengare dom (Jak 3,1).
I dagens åndssituasjon er det påtrengjande viktig å seia nettopp dette: Alt Guds ord skal opp på preikestolen – inkludert kontroversielle spørsmål som samliv og ekteskap.
Johannes Kleppa
(Tidlegare publisert på nettsiden til Misjon Sarepta: misarepta.no)