Barnets høgtid

02.01.2024
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Jul Tradisjon Tradisjonsformidling Tro og liv Trospraksis Trosformidling Troslære Trosopplæring Jesus

Aktuelt

Rolf Kjøde

Sidan midt på 1800-talet har julefeiringa på mange måtar stått i barna sitt teikn. Det passa godt med den nasjonale og folkelege danninga i tida. Tradisjonen med juletrefest blei til, svært ofte på initiativ frå lærarstanden i bygd og by, og dermed noko som var retta mot barna.

Gustava Kielland gav oss songen «O jul med din glede», tidenes mest brukte songleik rundt juletreet. I det låg òg ein appell til barnet. Samtidig skreiv Marie Wexelsen sin vakre song, «Eg er så glad kvar julekveld», om han som «let opp for alle små sitt vene paradis».

Jula som eg vaks opp med, bar denne forventninga på borna sine premiss. Jula hadde det eine barnet som sentrum, men den næraste kretsen rundt Jesus-barnet var alle oss barna. Det var noko symbolsk fint med at barna alltid utgjorde ringen tettast på juletreet.

Jula som barnets høgtid står framleis sterkt. På spørsmål om tidspunkt for årets julaftangudteneste i Norkirken Bergen, var signala frå nokre barnefamiliar tydelege: ikkje så tidleg at formiddagstradisjonane julaftan blir utfordra!

Barn elskar det trygge, det som skjer igjen. Det er dei ikkje aleine om. I leiarsamanheng snakkar vi ofte om at all endring må ta høgde for at 80% av oss helst søker det trygge.

Om få dagar kan vi seie at vi trass alt lever i 2024. Rett nok er det mangt med 2023 som vi gjerne vil kome bort frå, men kva ligg eigentleg bak den utopiske tanken om at all endring er framgang? Er det evolusjonsideologisk hovmod? Er det rastløyse utan forankring?

Sjølv økonomien vår er bygd på premissen om at forbruket må vekse, og at lykka ligg der. La oss for all del ikkje finne ro! Eller søke vår nestes beste. Eller ha identiteten vår i Gud …

«Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager,» skreiv Sigrid Undset.

Eg har vore nok leiar til å sjå behova for fornying og er jamvel i det mindretalet som kan like endring. Då treng eg dess meir å minnast på at det viktigaste ikkje er i endring.

Gud er den same – til evig tid. Løfta står fast, og kjærleiken er urokkeleg.

Menneskeverdet er «ibuande». Derfor kan Jesus sette fram eit uproduktivt lite barn, erklære det størst, og be dei vaksne finne seg sjølve igjen.

Kulturen vår er i oppbrot frå desse tankane. Gud er det usikre som vi ikkje veit noko om. Kjærleiken er underlagt kjenslene si skifting. Menneskeverdet blir knappast forstått som ibuande, men noko vi definerer inn i livet på eit flytande tidspunkt.

Våre styrande planlegg ei dramatisk utviding av retten til å fjerne barnet frå mors liv. Politikarar, presse og andre opinionsdannarar unngår nøye nemne dei ibuande rettane som barnet i mors liv har. All kommunikasjon skal handle om vaksne sine seksuelle rettar.

Jesu mor, Maria, var tenåring. Økonomisk levde ho under trange kår. Josef var ikkje far til barnet. Situasjonen var skamprega. Dei hadde betre grunnar enn dei fleste til å seie nei til barnet, men dei valde livets veg og tok i mot det med glede og forventning.

Barnet i jula, han som Maria og Josef tok imot, inviterer oss til det tidlause. Midt i tida. Visst er det mangt som skiftar, og vi bør merke oss Forkynnarens ord når han seier: «Sei ikkje: Kva kjem det av at alt var betre i gamle dagar enn no? Du spør ikkje slik om du er vis.»

Forkynnarens poeng er at mennesket, som Gud gjorde «rakt og rett», driv med «så mange slags påfunn». Det er ikkje nytt under sola.

Jula gjer det evige nytt og nærverande for alle oss som lever under sola. For ein uendeleg verdi Gud gir menneske i alle livsfasar når han sjølv stig inn i verda som eit foster, sveipt i ei krybbe, eit liv under enkle kår, ein død i fornedring. Gud med oss. Gud for oss.

La oss ta med oss tilbedinga av barnet i krybba inn i 2024. Som C.S. Lewis skreiv i den siste boka i Narnia-serien: «Ein gong i vår verd, hadde ein stall i seg noko som var større enn heile vår verd». Barna ser det kanskje lettare for seg, men vi treng alle å oppdage underet på nytt.

Det finns ikkje eit kall til å stanse endring, men saman med barna treng vi alle å ha trygg forankring midt i forandring. La oss samlast med barna rundt barnet. På kne i tilbeding.

Godt nytt år!

(Tidlegare publisert i Dagen)