Bibelens betydning for Vesten

28.07.2019
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Bibelen Kirkehistorie Apologetikk Påvirkning Samfunn Teologi Kirke og misjon India Vesten

La det vera sagt med ein gong: Dette er ei viktig, lærerik og interessant bok om kva betydning Bibelen og kristen tru har hatt å seia for utviklinga i Vesten. Det er samstundes ei utfordrande bok med tanke på dagens sekulariserte oppfatning av samfunnet og historia. Ut frå dagens allmenne oppfatning er framstillinga som ein augneopnar.

Boken som skapte verden

Forfattaren er  fødd og oppvaksen i India. Han har studerte filosofi og driv også hjelpearbeid. Han er omtalt som «Indias fremste kristne intellektuelle figur». Med sin bakgrunn i indisk kultur har Vishal Mangalwadi gjort ei intellektull reise for å sjå kva det er som har forma den vestlege kulturen og sivilisasjonen. Det er denne kulturens sjel eller drivkraft som har vore i fokus. Funna han har gjort, samanliknar han med andre land og kulturarar. 

Gjennom denne reisa med ein ståstad utafor Vesten, har det vorte heilt tydeleg for han at det er Bibelen og kristentrua som har forma denne verdsdelen, og som har gjort at Europa og USA på mange område er leiande på verdsbasis. Bibelens bodskap har vore ei sterk og positiv formande makt, og denne drivkrafta vart fornya ved reformasjonen.

Det vil føra for langt her å visa korleis dette har skjedd, men det gjeld forståinga av mennesket, bruken av fornufta, utviklinga av teknologi, forståinga av språket, innhaldet i litteraturen, synet på utdanning, oppbygginga av universitet, utviklinga av vitskap, utforminga av moral, verdien av familien, praktiseringa av omsorg, ansvaret for forvaltning og verdien av fridom. I tillegg kjem misjon og den framtidsvona kristentrua gjev.

På mange måtar er dette ei annleis kyrkjehistorie. Det er ikkje ei historie som viser livet i og utviklinga av kyrkje og misjon, men ho viser kva Bibelen, teologien, forkynninga og kristentrua har hatt å seia for utviklinga på alle samfunnsområde i Vesten. Til tider er han nokså konkret, særleg når det gjeld England og USA.  Bok gir i tillegg nokre døme frå Austen og Afrika på korleis Bibelen også der har hatt positiv innverknad gjennom misjon eller anna påverknad frå kristen tanke.

Forfattaren har ei imponerande brei oversikt over mange, for ikkje å seia praktisk talt alle samfunnsområde, korleis utviklinga har gått og kva som har vore den formande krafta. Han konkluderer kort slik: «Bibelen var makten som vekket Europa». Han påviser den negative utviklinga som har vore den siste tida, og korleis denne fell saman med at Bibelen har mått vika for sekularismen, og avsluttar med fylgjande spørsmål: «Vil Vesten havne i en ny mørk tidsalder, eller vil den ydmyke seg innfor Den allmektige Guds ord?»

Eg har ikkje kompetanse til å etterprøva framstillinga på alle punkt, og fagfolk vil sikkert finn noko dei kan setja fingeren på. For meg synest likevel totaliteten og retninga å vera så tydeleg og godt dokumentert, at det skal vera vanskeleg å koma bort frå hovudbodskapen i boka – om ein ikkje direkte vil fornekta historia av ideologiske grunnar.

Frå ei side sett er bodskapen i boka ikkje ny, men inn i vår tid er han svært aktuell samstundes som han nok er kontroversiell. Det er ei apologetisk viktig bok med tanke kristendommens plass og funksjon i samfunnet, og for meg har boka gjeve nytt frimod nett på dette området. Perspektivet frå India gjer bok ekstra interessant ved at framstillinga ikkje kan oppfattast som europeisk sjåvinisme. Omfanget kunne med fordel vore litt mindre.

Dette er ei bok for alle tenkande menneske – både kristne og ikkje-kristne. Ho er særleg aktuelle for politikarar, skulefolk og andre som er i posisjon til å form folk og samfunn.

Vishal Mangalwadi
Boken som skapte den verden: Hvordan Bibelen formet den vestlige sivilisasjons sjel
Proklamedia 2018
Ib. 408 sider

(Artikkelen har tidligere stått på trykk i Dagen)