Brorsons liv i Sønderjylland

15.02.2020
Vigdis Berland Øystese
Bokanmeldelser Brorson Salmedikter Dansk kirkeliv Pietisme

Hans Adolph Brorson levde det meste av livet i Sønderjylland, bortsett frå nokre studieår i København, der han i tillegg til teologien og ymse anna han var med på, lærte å spela gitar. Han var fødd i Randerup der faren var prest.

Brorson - sjelens dikter

Som ung arbeidde han som huslærar hjå morbroren som var amtsforvaltar i Løgumkloster. Seinare vende han attende til Randerup som sokneprest etter stefaren. I grensebyen Tønder var kyrkjespråket og administrasjonsspråket tysk. Her vart Brorson tilsett som danskspråkleg tredjeprest for å nå fram til den danske delen av kyrkjelyden som slett ikkje ville møta fram til gudstenestene slik dei var pålagde. I Tønder var den tyske pietisten Johann Hermann Schrader sokneprest og prost, og Brorson var påverka av han. Det var i Tønder salmediktinga til Brorson for alvor tok til, endå han hadde dikta både på latin og dansk også før denne tid. Fleire av våre mest kjende og kjære julesongar vart skrivne her. Seinare kom Brorson til Ribe som stiftsprost og til sist biskop. 

Sønderjylland har si eiga historie, og si eiga salmehistorie. I 2020 feirer denne delen av Danmark 100-årsjubileum for «Genforeningen» då området gjekk frå tysk til dansk styre. Men framleis set det lange fellesskapet med Slesvig Holstein sitt preg på denne regionen. Brorson har vore sungen i Sønderjylland heilt sidan songane hans byrja å koma, medan han i andre delar av Danmark lenge var nesten gløymd. Men då han vart henta fram i det offentlege lyset på nytt, fekk diktinga hans stor merksemd. I Noreg har Brorson lenge hatt ein sentral plass, ikkje minst på grunn av Hans Nielsen Hauge som tidleg tok Brorsons salmar til Noreg. Kjærleiken til Brorsontekstane viser seg ikkje minst gjennom alle folketonane som har vore knytte til salmane hans.

Boka Brorson. Sjælens digter følgjer Hans Adolph rundt i den sønderjyske geografien, frå barneåra fram til alderdomen. Her er slektshistorie og lokalhistorie, samt gløtt frå studietidas København. Jamvel om Danmarks og Noregs hovudstad var ein stor relativt stor by etter den tids målestokk, var han liten nok til at dei som talde innan makt og akademia kjende til kvarandre. Alt gjekk nok ikkje etter boka med Hans Adolphs studium, og han vende attende til heimtraktene utan eksamen, ulikt storebrørne som fullførte på normaltid. Likevel fekk Hans Adolph etter kvart ein framskoten kyrkjeleg posisjon, slik brørne hans også fekk. Pietismen stod høgt i kurs hjå kongen og i hoffet, og dei tre Brorsonbrørne vart føretrekte til framståande embete i den danske kyrkja.

Det kjem i Brammings bok fram andre sider ved Brorsonbiografien enn dei som er best kjende frå oppbyggelege salmeframstillingar. Her er det dei historiske kjeldene som er granska og ikkje samlingane av anekdotar som er vanskelege å stadfesta. Stundom finn eg det likevel problematisk at somme av salmetekstane til Brorson vert dregne direkte inn i det biografiske stoffet som illustrasjonar til dette. Jamvel om pietistane er personlege i sitt fromleiksliv, og salmediktarane flittig nyttar bilete frå eit inderleg kjensleliv, er salmane deira framleis knytte til det biletspråket som finst i Bibelen og den kristne ikonografien og emblematikken. Kopling mellom forfattarars liv og verk har vore vanleg i litteraturhistoria, men er «risikosport». Når det er sagt, finst det fleire gode døme på tolking av Brorsons tekstar, og tilvisingar til biletkunsten elles. Boka er full av gode illustrasjonar, og har jamvel eit siste kapittel som fint viser fram noko av det etterlivet Brorson-salmane har fått.

Bente og Torben Bramming har særs god kjennskap til Brorsons Ribe etter fleire år i Taarnborg, bispebustaden til Hans Adolph Brorson i denne gamle danske byen ved Vadehavet. Begge er teologar; ho har dessutan studert kunsthistorie og har ein phd i kulturformiding frå Syddansk Universitet. Dei har lagt ned eit stort arbeid i formidling av syddansk kultur- og kyrkjeliv; heriblant Brorson som dei har laga fleire bøker om. Brorson. Sjælens digter, kan gi eit godt innblikk både i Brorsons liv, og i den strevsame røyndomen folket i det låge, flate landskapet langs kysten levde i. Jamvel om havet kunne fløyma inn over landet og stå godt oppå veggen i prestegarden i Randerup, kunne diktarpresten på sine gamle dagar løfta eit åndeleg blikk og sjå den store himmelske skaren som «tusen Bjerge fuld af Snee». 

Bramming, Bente og Torben: Brorson. Sjælens digter. 2015. København: Kristeligt Dagblads forlag.