Dagen på gudsteneste

27.04.2023
Arve Brunvoll
Aktuell kommentar Gudstjenesteliv Gudstjeneste Kirkemusikk Kirke Kirken Salmer Trosbekjennelse Trospraksis Trosforståelse

Aktuelt

Arve Brunvoll

Sidan eg ikkje drikk kaffi først om morgonen, men et havregraut, kan eg ikkje seie at eg fekk kaffien i vrangstrupen. Men eg laut iallfall leggje frå meg grautskeia, då eg såg kva Dagen i leiaren 24.04. seier om gudstenesteordninga i Den norske kyrkja. Frå ein diskusjon om vi skal stå eller ikkje stå under salmesongen, kan det sjå ut som om Dagen kjem fram til ein gudstenesteteologi som eg aldri kan tru at Dagen vil stå for. Føremålet med dette innlegget er å sjå diskusjonen i eit perspektiv som vantar, heller enn å kritisere.

Spørsmålet om vi skal stå under salmesongen, er visseleg eit adiaforon, ein “mellomting”. Men leiaren ser ut til å ville gjere spørsmålet om ei fast ordning for gudstenesta og om liturgien som noko gjenkjenneleg til eit spørsmål om kva ein likar, eller ikkje likar. Om ønsket om det gjenkjennelege har ikkje Dagen noko anna å seie enn at det er ein freistnad frå sentrale kyrkjeleg styresmakter på å halde saman ei kyrkje som har gått i teologisk oppløysing.

Dagen har ikkje eit ord å seie positivt om liturgien som det gjenkjennelege, nettopp som eit feste for trua i oppløysingstider. Satsen Lex orandi lex credendi, lova for bøna er lova for trua, har vore ei grunnleggjande forståing av liturgien si rolle i kyrkja. Og enno kan vi i Den norske kyrkja takke for at vi har ei tradering av trua, som er teken vare på av obligatoriske gudstenesteordningar. Såleis har vi ei gudstenesteordning der det skal vere lesingar frå Skrifta, der truvedkjenninga frå den gamle kyrkja skal lyde, der vi skal be Fadervår, der vi feirar nattverd med Kristi innsetjingsord og med eit teologisk innhald i den tradisjonelle liturgiske innramminga. Og det gjenkjennelege treng også ei form for at det skal kjennast att.

Og så til spørsmålet om vi skal ha faste skikkar for korleis kyrkjelyden skal te seg i det som ikkje er truvedkjenningsspørsmål. Her er det mangt som kan seiast. Er det ikkje godt om vi kan vere samde om geberdar som gjev meining, og sleppe å bli skipla av tanken på korleis vi skal oppføre oss i gudstenesta? Har ikkje Dagen vore i kyrkja og sett dei som ikkje er vanlege kyrkjegjengarar, og som er i ulike kyrkjer til dåp, konfirmasjon og anna? Korleis dei snur seg og tydeleg kjenner seg uvel av di dei ikkje veit korleis dei skal te seg? Di større ulikskap i kyrkjelydane, di større framandgjering. Vi som meiner det er godt at vi er samde om korleis vi skal bruke kroppen i liturgien, er vi eit hinder for ei levande gudsteneste?

Arve Brunvoll

(Tidlegare publisert i Dagen)