Danmark får ikkje nok av Ingemann

02.12.2020
Vigdis Berland Øystese
Bokomtale Salmedikter Salmer Danmark Kristen tro Kristen arv Bibelen Kirkeåret Teologi

Niels Thomsen:

Frelseren er mig en hyrde god. Forbrugervejledning til 30 Ingemannsalmer.

Frelseren er mig en hyrde god, Niels Thomsen (Books on Demand; København, Danmark)

Dette er den fjerde boka der Niels Thomsen gir introduksjonar til salmar og forfattarskap i den danske salmeboka. Tidlegare har han skrive om 28 Grundtvig-salmar, 17 av Brorson og 21 av Kingo. Denne gongen er det Bernhard Severin Ingemann (1789-1862) og heile 30 Ingemann-salmar som får si bok. Tanken bak bøkene er å bidra til større forståing av dei eldre tekstane ein møter i kyrkja. Danskane har vore meir varsame med tekstrevisjonen enn norske «salmevølarar» har, og dei har teke vare på fleire strofer. Den kristne symbolbruken kan vera vanskeleg for mange som ikkje er fortrulege med Den heilage skrifta og Bibelens verknadshistorie. Slik kan Thomsens bøker nok vera nyttige, kanskje særleg for dei som skal formidla den eldre salmeskatten.

Kingo, Brorson og Grundtvig vert kalla dei tre store blant salmediktarane i Danmark, og ikkje utan grunn. Dei har sett varig preg på salmesongen i landet, og somme meiner at den rike arven frå desse gamle kjempene lenge har gjort plassen trong for nyare salmedikting. Niels Thomsen meiner Ingemann høyrer med blant dei store. Tekstane til Ingemann er nok likevel lettare å forstå enn mange av salmane til dei tre andre.

Den siste salmeboka i Danmark som kom i 2002, auka talet på Ingemann-salmar. Det er elles uvanleg å ta inn fleire nummer av eldre diktarar som alt er godt representerte. I tillegg kan ein spørja kor mange fleire morgon- og kveldssalmar frå "mark og enge" ein treng i ei salmebok frå 2000-talet. I Norsk Salmebok 1985 hadde vi den danske salmediktaren K.L. Aastrups «Nå siver dagningens første strime om denne by» (nr. 785). Danskane har ikkje hatt med den urbane morgonsalmen til Aastrup. I Norsk salmebok 2013 mista vi den vakre salmen hans.

Det skal likevel nemnast at også Ingemann har ein morgonsalme med utgangspunkt i byen, endå biletbruken ikkje er særleg urban. "Gud ske tak og lov" (frå Morgensange for børn) var skriven "med særegent hensyn til børnene i Asylerne". Asyla var stader born frå fattige familiar kunne vera på dagtid når alle dei vaksne i familien måtte arbeida; ein forløpar for dagens barnehagar, drivne på veldedig basis. Men jamvel om "by" er nemnt, er bileta naturens; sol, fugl, fisk og hane og mus.

Thomsen peikar på at Ingemann, til skilnad frå teologane Kingo, Brorson og Grundtvig, ikkje var prest, men diktar. Han har mellom anna skrive fleire historiske romanar. Ingemanns utgangspunkt er romantikken, ikkje dogmatikken. Thomsen karakteriserer Ingemann som folkekristen heller enn folkereligiøs. For diktinga hans er forankra i ei kristen gudsforståing. Men salmane hans inneheld lite om "synd og nåde, om retfærdiggørelse af tro, om Kristus som forsoner, og treenigheden og meget mere", skriv Thomsen i innleiinga (s.12).

Ingemanns morgon- og kveldssalmar bind dagleglivet og kristentrua saman, seier Thomsen. Ingemann nyttar ofte "sjel" som nemning på mennesket; sjela ferdast som eit barn i Guds skaparverk og møter ein nådig Gud. Seint i livet utvikla Ingemann ein eigen teologi der han tok avstand frå "kødets opstandelse" (s.14), men heller tala om "legemets opstandelse", ei slags reetablering av åndeleg individualitet og personlegdom. Han meinte ein "mellomtilstand" ville gi alle som ville, høve til å blir reine så dei kunne gå inn i Guds rike. Slike tankar kan finnast i kyrkjehistoria, og jamvel finna støttepunkt i Bibelen, meiner Thomsen, men slett ikkje i ortodoks lutherdom, endå Ingemann slutta seg til den evangeliske lutherske kyrkjelæra i den danske kyrkja. Ingemanns syn på desse spørsmåla førte til at Grundtvig braut venskapen med han.

Dette er likevel ikkje til hinder, meiner Thomsen, for at vi kan gle oss over og syngja Ingemanns salmar.

Dei første salmane Ingemann gav ut, var morgonsalmar til elevane ved Sorø Akademi der han var lektor i dansk litteratur (1822). Seinare gav han ut Højmessesalmer til kirkeårets helligdage med 74 nummer (1825). Han skreiv også Morgensange for børn (1837) og Syv aftensange (1838). I kategorien «andre salmer» skriv Thomsen mellom anna om vintersongen «I sne står urt og busk i skjul» som er henta frå ein eventyrroman frå 1831. Denne har ikkje plass i salmeboka, endå Thomsen meiner han godt kunne vore med. Men jamfører ein med Brorsons «februar»-salme «Her vil ties, her vil bies» oppdagar ein skilnaden mellom den romantiske diktaren og den teologisk funderte diktaren.

Thomsen seier også at salmen "Igennem nat og trængsel» er lite brukt i Danmark, men betre kjend i Noreg og Sverige og omsett til engelsk, hollandsk og japansk. Eg finn ikkje songen i dei norske salmebøkene og P.E. Rynning (Norsk salmeleksikon) finn denne berre i Wexels Cristelige Psalmer (1859). Så denne salmen er neppe utbreidd i Noreg. Eg har heller ikkje, med enkle søk, funne dokumentert bruk av songen i Sverige. Den svenske salmeboka frå 1986 har berre tre Ingemann-salmar, «Igennem nat og trængsel» er ikkje mellom dei.

Morgon- og kveldssalmane var ikkje skrivne til gudstenestebruk, men har likevel etter kvart funne veg inn i dei offisielle salmebøkene og er høgt skatta, først og fremst i Danmark, men somme av dei også i Noreg. Hjå oss er nok hans versjon av julesongen "Glade jul, hellige jul", og "Deilig er jorden" det aller best kjende og omtykte. Men også salmar som "Til himlene rekker din miskunnhet Gud", "Lover Herren! han er nær" og "I østen stiger solen opp" er velkjende og omtykte. Ingemann hadde sju salmar i NoS 1985 og alle er blitt med vidare til 2013-boka.

Stundom synest eg gjennomgangen kunne gått meir i djupna. Når det til dømes gjeld første strofe i «Glade jul» dveler Thomsen ved stemninga i stova julekvelden, der englane er usynleg med rundt juletreet, vårt bilete på det «paradisgrønne». Vi ser dei ikkje, men anar dei likevel. Men han går ikkje inn på den linja i førstestrofa eg meiner er den mest sentrale: «hvor de se, hvad for Gud er kønt». Kva er det englane ser her blant oss, som Gud tykkjer er skjønt? Ingemann grip her tilbake både til skapingssoga og til englesongen på Betlehemsmarkene. Her er Ingemann teologisk så det held! Å la førstestrofa i Glade jul handla primært om engledeltaking rundt juletreet, er å gjera Ingemann urett.

Thomsen tolkar altså 30 Ingemann-salmar. Han introduserer dei kvar for seg og går så gjennom salmen strofe for strofe. Ingemanns tekstar er ikkje så lange, så det lar seg gjera utan at det blir for repeterande og monotont. Thomsen bidrar med realopplysningar og litterære tolkingar, men tekstane hans er i kanskje like stor grad oppbyggelege. Til fleire av høgmessesalmane gjengir han bibelteksten for dagen dei er skrivne til.

Ingemann har gitt mange av tekstane sine overskrifta "sange". Thomsen går ikkje inn i diskusjonen om kva som er salme og kva som er song; det er ein debatt vi også kjenner frå Noreg der dei skarpe skilja mellom kva ein kan syngja i kyrkja, og kva som kan gå på bedehuset eller i ei meir allmenn samling, på fleire område er viska ut. "Som udviklingen har været, er det svært at finde andre kriterier for, hvad en salme er, end det, at den har fundet vej ind i salmebogen og viser sig egnet til gudstjenestebrug" (s. 42). Slik vert det også plass til så pass mykje Ingemann i dansk kyrkjesong. Så kan ein diskutera om dei har salme-tyngd, om no det er noko å trakta etter. Men folkekjære, det er dei.

Forlag: Books on Demand; København, Danmark

Niels Thomsen er teolog og tidlegare rektor for Præstehøjskolen i Løgumkloster.

Vigdis Berland Øystese