Å ta del i ulike ting, eller å delta, er noko me gjer heile tida, heile livet. Bibelen har noko å seia om deltaking og korleis det kan ha mykje å seia for vårt liv med Gud.
Etter mi erfaring å dømma er det mange kristne der ute som har høyrt om det greske ordet ‘koinonia’, som betyr fellesskap. Dette ordet er brukt mange stader i Det nye testamentet der det er skrive om kva type fellesskap kristne har med sin frelsar (og kva fellesskap dei ikkje skal ha med vondskap). Rota til dette ordet, ‘koinonia’, blir òg brukt i form av verb og adjektiv.
Litt mindre kjent er kanskje verbet ‘metechå’, som betyr å ta del i eller å delta. Dette ordet finn ein åtte stader i Det nye Testamentet. Av desse åtte gongane kan ein finna fem av dei i første Korintarbrev og tre av dei i Hebrearbrevet.
I 1 Kor blir verbet brukt i kapittel 9 og 10. I kapittel 9 blir ordet brukt i samanheng med at Paulus forsvarar si apostelteneste. Han talar om at han som apostel, som sår det åndelege hos korintarane, òg har rett på å hausta det materielle. 1 Kor 9,10: For den som pløyer, skal pløya med håp, og den som treskjer, skal gjera det med håp om å få sin del. Her er det altså tale om at ein som arbeidar som prest/pastor har rett på løn for arbeidet sitt (sjå òg 1 Tim 5,17-18). Dette blir i kapittel 9 vers 10 og 12 tala om på ein måte som at predikanten får ta del i det gode som han har vore med på å så.
I 1 Kor 10 er det ein heilt annan sak. Her er det nemleg tale om nattverden. I vers 16 talar Paulus om at ein i begeret (vinen) i nattverden har fellesskap (koinonia) med Jesu blod. Lik eins er det med brødet i høve til Jesu kropp. Men i vers 17 brukar Paulus ordet ‘metechå’ når han seier at fordi det er eitt brød, så er me alle éin kropp, for alle er deltakarar av det eine brødet. At det same gjeld med vinen og Jesu blod er underforstått her. Men Paulus talar ikkje om dette utan å adressera noko viktig. Konteksten handlar nemleg om avgudsofring og i vers 21 seier Paulus at ein ikkje kan delta både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder (som i dette tilfellet er offeraltar i heidenske tempel). Her ser ein at ‘metechå’ blir brukt som eit slags synonym til ‘koinonia’. Det er nemleg slik at ved denne deltakinga (metechå) så har ein fellesskap (koinonia) anten med Herren Jesus i nattverden, eller med vonde ånder ved avgudsaltara.
Vidare i 1 Kor 10 går Paulus inn på ei problemstilling som spring ut frå den første: Kan eg eta mat som er ofra til avgudar? Heilt enkelt er svaret at ein kristen kan eta alt utan å lata samvitet bli påverka negativt. For, seier Paulus i vers 30, om eg tar del i dette (maten) med takk, kvifor skal samvitet mitt bli anfekta av å eta noko eg takkar Gud for? Her ser me at å ta del heilt enkelt betyr å eta.
I Hebrearbrevet 2,14 står det om at Jesus – fordi me er av kjøt og blod – òg deltok i dette slik at han kunne frelsa oss. Her er me tilbake på ein mykje djupare og kraftigare bruk av ‘metechå’. For det at Jesus deltok i kjøt og blod betyr ikkje noko mindre enn at han blei kjøt og vart oss like (Joh 1,14; Fil 2,7).
Vidare, i Hebr 5,13, skriv Paulus at den som deltek i mjølk (her åndeleg) ikkje skjønar seg på rettferds ord. Igjen ser me ein enklare bruk av ordet. Her betyr det eigentleg at den som drikk mjølk ikkje skjønar seg på rettferds ord.
Til sist i Hebrearbrevet blir ‘metechå’ brukt for å skildra korleis Jesus, som ikkje var ein levitt, men var deltakar av ein annan stamme (Juda) likevel er vår Øvsteprest.
Me ser altså hovudsakleg to måtar det Nye Testamentet brukar ‘metechå’ på. Anten er det tale om ei heilt ordinær deltaking i til dømes mat, slekt eller pengar. Men på eit djupare plan blir ‘metechå’ brukt om ein deltaking som er så djuptgripande at ein blir eitt med det ein deltek i. Slik var det når Jesus deltok i kjøt og blod, slik er det når me deltek i Herrens kropp og blod. Men så er det òg slik når me ofrar til og går inn i fellesskap med avgudar.
Dette kan vera eit godt perspektiv å bruka når ein skal prøva seg sjølv. Kva deltek eg i, i mitt liv? Kva vedkjenner eg med ei slik deltaking og kva følgjer får det for mitt liv med Jesus?
Gunstein Innvær, sokneprest i Den lutherske kirke i Kautokeino (Kvitkirka)
(Tidlegare publisert i Fast Grunn)