Den katolske kyrkja under okkupasjonen – eit meir nyansert bilete

14.09.2025
Egil Morland
Bokomtale 2. verdenskrig Katolsk kirke Okkupasjon Historie Norgeshistorie Nazisme

Bokanmeldelse

Kirken og okkupanten - den katolske kirke i Norge og andre verdenskrig

Av Else-Britt Nilsen (red), Knut W. Ruyter (red),

400 s., St. Olav Forlag, Oslo 2025.

Det har både ei allmenn, og for den katolske kyrkja ei særleg, interesse å gje ei «sann» framstilling av kyrkja si haldning til den tyske okkupasjonen. Frå ei nærast anspent forsikring då krigen var skutt om at «vi var med» i motstandskampen, føreligg det no ei framstilling som er meir samansett, og som ikkje legg skjul på at den katolske kyrkja fekk mange riper i lakken under okkupasjonen.

Bakgrunnen – konteksten – er viktig:

Før den tyske okkupasjonen av Norge i april 1940, talte den vesle katolske minoriteten i landet ca. 3000 menneske. Med tyske soldatar på norsk jord blei talet mangedobla.  Tyske, katolske feltprestar feira jamnt soldatmesser i katolske kyrkjer og kapell. Det førte med seg at små kyrkjelydar med til saman 45 prestar og 550 ordenssøstre – av desse var svært mange tyskfødde (!) – , opplevde dilemmaet: motstand eller tilpassing. I dette fellesskapet  fanst både motstandsfolk, NS-medlemmer og konverterte jødar.

Det var ikkje beskjedne ord den katolske biskop Mangers brukte då det heile var forbi: «I ord og gjerning har vi stridt for Norges sak mot nasityranniet og dets håndlangere». Det var ein narrativ som ikkje held vatn når den offisielle soga om haldninga til okkupanten skal omtalast. For denne boka viser ei langt meir kompleks forteljing – om motstand og undergrunnsarbeid, men også om lojalitet og underordning til tyske styringsmakter.

*

«Kirken og okkupanten» er ei innhaldsrik bok, men også ujamn. Slik må det bli når perspektivet vekslar frå prinsipielle og historisk viktige tema, som pavekyrkja si historiske og teologiske tilnærming til verdslege styresmakter, til enkeltpersonar sin lagnad og undergang i «Nacht und Nebel», i ein trufastt kamp mot nazismen og okkupasjonen, like til døden.

Boka gjev først ei innleiing, skriven av dominikanarsøster og professor Else-Britt Nilsen (som slik får høve til å justera eigne tidlegare framstillingar) og professor Knyt W. Ruyter ved teologisk fakultet, Oslo. Innleiinga er på sett og vis også ei oppsummering, som tek noko av spenninga i framhaldet bort. Dei har begge andre, viktige bidrag i boka frå grasrotnivået i kyrkja (t.d. om «nonner under okkupasjon, mellom tilpassing og motstand».

Gjermund Høgh teiknar eit levande og sympatisk  bilete av motstandsmannen Erling Eek-Larsen i Bergen.

Her er artiklar om katolske skular, heilt ned på individnivå som i artikkelen: Ett bilde, 55 valg (Høgh og Ruyter).

Werner G. Jeanrond var professor i systematisk teologi ved mange teologiske fakultet i mange land, sist i Oslo. Han skriv om den katolske kyrkjeleiinga i Tyskland og naziregimet.

Vi kan her berre stogga ved eit par av bidraga. Professor ved Teologisk Fakultet i Oslo, Halgeir Elstad, set den katolske kyrkja i relasjon til kampen som Den norske kyrkja førte. Hyrdebrevet i jan. 1941, statsakta 1. febr. 1942 og hendingane i Nidarosdomen, biskopane si embetsnedlegging og Kirkens Grunn påskedag 5. april – alt dette er kjent stoff. Det er likevel både nødvendig og nytting å ha det så utførleg med i ei slik bok. For dermed er det sett opp ein «mal» som den katolske kyrkja si haldning kan målast mot. Drøftinga av biskop Mangers tilslutnad til biskopane i statskyrkja sin protest mot ungdomstenesta (14.2.42) er interessant. Med tilvising til pave Pius XIIs protest mot indoktrineringa av borna , ute av foreldra sin kontroll og ansvar, gjorde det også naturleg å skriva  under.

Derimot er det ikkje særleg kjent at biskopen, under sterkt press frå NS, trekte attende underskrifta si – og vona at dét ikkje skulle bli offentleg kjent! Og det lukkast lenge; heller ikkje biskop Berggrav var kjent med tilbakekallinga.

Dette var verkeleg ei ripe i lakken for den katolske kyrkja, men særleg for biskop Mangers.

Verre var det som hende i samband med deportasjonen av jødane (okt./nov. 1942). «Det yderst eksplosive jøde-moment» kom ikkje med i Kirkens grunn. Men Den norske kyrkja kom med ein kraftfull protest (då det eigentleg var for seint til å påverka utviklinga), og sa m.a. i det såkalla «Hebrearbrevet»: «I kraft det dette vårt kall formaner vi derfor den verdslige myndighet og sier i Jesu Kristi navn: Stans jødeforfølgelsen og stopp det rasehat som gjennom pressen spredes i vårt Land.»

Biskop Mangers ville ikkje skriva under på denne protesten, under den særs veike orsakinga at han venta på svar frå styresmaktene på eit anna viktig spørsmål. Elles skulle han «med glede» ha svara positivt på prof. Hallesby si oppmoding.

Men det svaret som Mangers forgjeves venta på, handla om ei endå styggare sak: Det var ei bøn frå biskopen om at dei jødar som hadde konvertert til katolisismen og blitt døypte, måtte sparast frå deportasjon og forfølging. I dagens forståing av alle menneskes likeverd er det faktisk vanskeleg å ta noko slikt innover seg, enn seie: forstå det.

Men tankegangen er ikkje forankra i første artikkelen, derimot i den andre: Ein døypt jøde er ikkje jøde lenger, han er ein «ny skapning». Om dette skriv også Ruyter i «Figurer på mørk bunn» (om katolskdøpte jøder og jødeloven).

Eit hyrdebrev frå Mangers i 1944 blei seinare kraftig manipulert av styresmaktene og utlagt som eit åtak på biskopane i Den norske kyrkja. Elstad skriv: «Mangers valde å ikkje ta til  motmæle mot misbruket av hyrdebrevet. Dei færraste som las det, var klar over at dette var manipulert, og derfor var det óg ei uheldig sak for omdømmet til Den katolske kyrkja. Men langt verre var biskopens manglande tilslutnad til «hebrearbrevet».».

Slik blei Den katolske kyrkja det einaste større kyrkjesamfunnet som ikkje protesterte mot jødeforfølginga; dessutan gav ein ikkje tilslutnad til Kirkens grunn, eller støtte til prestane si embetsnedlegging.

Boka har elles fleire artiklar og sjangrar med: Forfattaren Sigrun Slapgard skriv om Sigrid Undsets kamp for jødane, idehistorikar og journalist Heidi Marie Lindekleiv skriv om tidsskriftet St. Olav 1938-1946 («En stum tilskuer»). Torbjørn Olsen, med doktorgrad i kanonisk kyrjerett skriv om «Okkupanter og trosfeller» – ei særs grundig framstilling, som venta, om tyske katolske feltprestar og trusfeller i Noreg.

Ein liten digresjon til sist: Lektor Ingvar Kolden forsvarte i 2013 ein doktorgrad om «tyske konfesjoners forhold til høyreradikalisme og nazisme» Han fann at det katolske lekfolket  i langt mindre grad enn dei lutherske og reformerte slutta opp om NS på 1920-1930-talet i Tyskland. Funna hans  «indikerer motsatte mentaliteter, en katolsk, med politisk modernistisk og teologisk antimodernistisk preg, og en protestantisk, med politisk antimodernistisk og teologisk modernistisk preg».

Ein slik konklusjon inviterer til vidare drøfting av korleis kyrkjestrukturar og kyrkjene sin relasjon til høvesvis kyrkjelege og politiske styresmakter taklar utfordringar i krig og krisetider.

 

Egil Morland

Dr philos, professor emeritus