Drop in-dåp i Peterskyrkja?

18.04.2023
Egil Morland
Aktuell kommentar Dåp Dåpspraksis Dåpsopplæring Dåpsteologi Dåpssyn Dåpsforståelse Kirken Læretradisjon Læretilpasning Lære Tradisjon Kirkehistorie Teologi

Aktuelt

Egil Morland

- Når en menighet arrangerer drop-in-dåp, er det mulig å møte opp uten avtale. Du trenger heller ikke gjøre noen praktiske forberedelser.

Slik presenter Den norske kyrkja fenomenet «drop in-dåp» på heimesida si. Det blir også opplyst at den som droppar inn til dåp må ha ein «liten» samtale med forrettande prest.

Fenomenet er ikkje heilt nytt, og det har oppstått som eit kreativt tiltak mot den store nedgangen i dåpstala.

Eg skal innrømma at min eigen ryggmargsrefleks mot tiltaket var svært negativ. Eg blei prest om lag på den tida då ei storsatsing på dåpssamtalen skulle bli svaret på avkristninga i samfunnet. Frå den tida har vi både tankevekkande og litt meir humoristiske vandresoger om foreldra sin iver etter å få barnet døypt, samtidig som dét ikkje automatisk – for deira eigen del – sette tru og livsførsel på dagsordenen.

No er også iveren borte.

Tilbake til drop in-dåp. Tiltaket kan i utgangspunktet ikkje kryssa av på eit einaste sjekkpunkt i det vi forstår med ei forsvarleg sakramentsforvalting. Rett nok heiter det i den latinske teksten til CA VI at sakramenta skal vera «recte administrantur», dvs. retteleg administrert. Men i dette ligg alt det vi forstår med ei rett forvalting av sakramenta. Det høyrde derfor til vår teologiske barnelærdom at dette ikkje var ei sak som var opp og avgjort i og med ei telefonisk melding til kyrkjelydskontoret.

Frå denne tida minnest eg også det alvorlege, ja, hjarteskjerande, eigentleg, vitnemålet biskop Per Juvkam gav Bjørgvinstudentane som fylte kantina på MF: «Eg har ofte lege vaken og tenkt på om eg har døypt mange til fortaping», sa han (etter mitt minne).

Det sokk i oss. Det er ikkje spøk å bli overlaten ansvar for ei rein og retteleg forvalting av frelsa sine middel.

Men ryggmarksrefleksar åleine skal ikkje få styra oss. Kva seier tanken? Vel, min ettertanke er, at på ein gradsskala kan ikkje drop in-dåp scora mykje dårlegare enn det som har utvikla seg til å bli ein heilt vanleg dåpspraksis. Ein praksis som stort sett vert alle prestar og kateketar sin, og som alle derfor vert ansvarlege for.

Tidlegare var dei store dåpstala i folkerike sokn eit argument mot å gjennomføra individuelle dåpssamtaler med foreldra, gjerne i heimen. Felles orienteringssamlingar blei svaret. No er kanskje tida inne til å endra praksis?

Alt dette surra i hovudet mitt då eg såg overføringa av påskenattsmessa i Peterskyrkja. Der var det også dåp. Og her blei alt saman, frå dåpen og livet i dåpen, til salvinga til eit liv i Kristi etterfølging, med stadfestinga i konfirmasjonen og nattverden, halde saman i eit trusunivers som gjorde inntrykk.

Det same gjer midnattsgudstenesta i Den norske kyrkja!

Eg rur svaret på våre diskusjonar av «strategi» ligg her: Ikkje ved å gjera dåpen «liten», men tvert om «stor»; ikkje enkel som eit innfall, men med ei forplikting som viser oss at kyrkja tek folk på alvor. Dåpen er døra inn til fellesskapet i Guds forsamling.

Noko stort ventar nemleg på den andre sida.

Vi vil nok missa nokre på vegen. Men dei vi får, er våre.

Av Egil Morland

(Tidlegare publisert i Dagen)