Ein frittalande kristen-leiar lokka nyleg fram indignasjon i kyrkje-eliten. Det overraskar.
I ein gjestekommentar i Vårt Land sist veke tok nasjonal leiar i Alpha Noreg, Karl-Johan Kjøde, for seg ulike særdrag ved kristenliv og forkynning rundt i landet. Sjølv skriv han at han gjer det «til skrekk og advarsel, men også som et kall til omvendelse».
Her får både idealistar og pastordyrkarar, det konservative vest og det liberale aust eit knippe råkande observasjonar å bryna seg på.
Sjølve tittelen «Menigheter som blir seg selv nok», bør vera ei god påminning. Den faren står vi overfor, både i aust og vest. Når det gjeld konservative, meiner Kjøde til dømes at det som ein gong var inderleg, kan ha «kjølig rettroenhet» som slagside.
Heilt ærleg vil eg heller grunna over Kjødes korrektiv enn å gå i forsvar.
Skråblikk
Ein utprega sans for skråblikk skin gjennom i teksten. Med det følgjer gjerne brei penselføring. Eg trur fleire enn underteikna humra litt over karakteristikkane, og eg tykte alt i alt han tok ein del på kornet.
Slikt er ei påminning om at vi har altfor få kristenleiarar som vågar seg utpå med analysar og observasjonar. Retorisk driv av dette slaget er dessutan forfriskande.
Som alle gode karikaturar, avslører dei noko som er heilt sant og påkallar både lått og ettertanke. At dei baserer seg på overdrivingar, er ein del av pakka. Det er vel poenget med å leggja ei sak under lupa og forstørra opp.
Responsen Kjøde fekk, gir også eit interessant innblikk.
Skred av indignasjon
Kommentaren hans utløyste nemleg eit skred av indignasjon frå folk trygt plasserte i Den norske kyrkja sitt establishment. Etter det eg kunne sjå, var dei alle plasserte austpå.
Her får både idealistar og pastordyrkarar, det konservative vest og det liberale aust eit knippe råkande observasjonar å bryna seg på.
Valgerd Svarstad Haugland prøvde neppe å pusta med magen: «Dette er noko av det frekkaste og [mest] kunnskapslause eg har lese på lenge.» small det frå den tidlegare statsforvaltaren og KrF-toppen i kommentarfeltet på Facebook.
Haugland må ei heilt eiga evne til å skjerma seg om Kjøde hamnar på verstinglista.
Mini
Noko av det minst overraskande var tidlegare prost, forfattar og kommentator Trond Bakkevigs respons.
Forsvarstalen for eige virke blir ei litt småflau skryteliste av heilt alminneleg kyrkjeleg aktivitet.
Kjødes analyse dreidde seg neppe om å diskvalifisera den enkeltes innsats, men vi får ta til etterretning at det er slik det blir forstått og fortolka av Bakkevig. Det underlege er at den sjølvransakinga som Kjøde etterspør, ser ut til å vera heilt uinteressant.
Midi
Middels overraska blei eg over å sjå tidlegare Lags-general og tidlegare bispekandidat Kåre Rune Hauge øste seg opp over Kjødes freidige fråspark.
Som Bakkevig, kvitterer også han med å dokumentera fortreffelege forhold i lokalkyrkja. Til sitt vekselvis begeistra og indignerte kommentarfelt på Facebook gir han innblikk i alt arbeidet han legg ned med å gjera det prestar gjer, attpåtil med «en liten stab».
«Vi trenger alle å ta et kritisk blikk på det vi er og gjør som menigheter! Da trenger vi ikke det jeg opplever som et harselerende blikk på DNK!» Hauge avviser Kjødes refleksjonar som unødvendige, feilaktige og harselerande.
Maxi
Mest overraska vart eg over den joviale og høgprofilerte Nordre Follo-prosten Espen Andreas Hasle. Som kandidat til å bli biskop i Oslo ved sist bispeval, framsto Hasle som ein «nedpå» og medievant kandidat, dyktig på formidling og raus i innsteget, uansett kva spørsmålet var.
I møte med Karl-Johan Kjødes kristenlivs-refleksjonar kom likevel rausheten til bråstopp. Den profilerte Oslo-prosten avrundar sin kommentar med eit «Her vil det være klokt å rydde opp»(!)
Hasle åtvarar: «(...)det er særdeles uklokt hvis Alpha Norge har tanker om å samarbeide med menigheter andre steder enn i bibelbeltet».
Til slutt tek han den åtvarande tonen over i det eksplisitte: «Frister ikke å anbefale Alpha Norge hvis det er sånn du ser på oss, Kalle.»
Nok gravalvor
Alpha-leiaren fekk folkekyrkja på sitt mest lett-krenkte og hårsåre. Det er nesten så ein får lyst å minna om Chestertons «Englar kan fly fordi dei tek så lett på seg sjølve».
I eit mangfaldig kyrkjelandskap har vi andre ideal. Vi er i den velsigna situasjonen at vi held noko for heilagt. Då kan vi sleppa å ta oss sjølv så høgtidleg. Vi har nok gravalvor, særleg i kyrkjeleg samanheng, så om vi kan le litt av oss sjølve, er det slett ikkje så dumt. Ofte gjer det oss klokare.
På dette punktet gjer Hasle sin kommentar meg ørlite nedslått.
Kviler samarbeid mellom ulike organisasjonar og aktørar på at ein avstår frå kritiske merknader, er grei og stryk medhårs? Det er jo ikkje til å stikka under ein stol av Den norske kyrkja har mykje makt vis-a-vis ein relativt liten (men sentral) aktør som Alpha Norge.
Rydde-krav?
Eg blir faktisk nysgjerrig på om Hasle meiner det han skriv.
Er det krav om å «rydde opp» kvar gong samarbeidspartnarar har ei anna meining og ei anna framstilling av saker enn kyrkja sine offisielle dokument?
Dessutan: Er vi ikkje i dag langt forbi dei høgttravande prestars æra?
I dag har den slitne dongeribukseprestens, tattis-prestens og insta-prestens avslappa atmosfære for lengst teke over. Idealet er å vera nedpå og brubyggjande i sitt laussnippa prestelege virke.
Tåler tull
For tida har det blitt litt slik: Vi tåler (altfor) greitt tull med evangeliet, kyrkjerommet eller Gud. Kristne prøver å ta ein det i beste meining, ein prøver å forstå. Det kan jo vera uttrykk for åndeleg interesse eller skjult tru!
Saker om bruk av heilage rom, til dømes i VGTV sin tvilsame produksjon, gir innblikk i sjonglering og grenseoppgang.
Kyrkja sin bodskap synest vera fleksibel nok til å tåla det meste.
Men, som denne saka viser, ikkje tull med innsatsen til hennar jordiske tenarar. Unngå også å lokka fram tilløp til sjølvironi, erkjenning av slagsider eller kall til omvending.
Då rullar eit nær avlatsoppkrevjande alvor ut ein stad nær deg. Men mest viss du bur austpå.
(Tidlegare publisert i Dagen)