Ei lita perle

29.08.2020
Arve Brunvoll
Bokanmeldelser Grundtvig Brorson Salmer Salmebok

Her er ei lita perle til alle salmevener, ein sjanse til å oppleve meir av det Grundtvig har gjeve kyrkja i si salmedikting.

Jeg kender et land. Forbrugervejledning til 28 Grundtvigsalmer

Det er ikkje nokon biografi, men ei vandring gjennom eit utval av salmar som truleg for danske salmebrukarar er av dei viktigaste frå Grundtvig. Attom ligg den tanken at salmeboka er meir enn ei gudstenestebok, ho har i vår kristne tradisjon vore den viktigaste andaktsboka. Å gje ei hjelp til å skjøne meir av salmane og å sjå djupare inn i kristentrua er føremålet med boka. På dei fire-fem sidene som er brukte på kvar salme, lukkast det forfattaren å gje ei både djup og godt skjønleg innføring i dei utvalde salmane. For ein norsk lesar er det eigentlgeg ikkje noko tap att det berre er eit fåtal av salmane som står i våre salmebøker, det gjev oss berre eit utvida bilete av kva det er Grundtvig har tilført salmesongen. Av salmane er det åtte som står i Landstad reviderte, fem i Norsk salmebok 1985 og fire i Norsk salmebok 2013.

At det er så få av desse salmane som står i våre salmebøker kunne synast å stadfeste den klisjeen at norsk salmesong har hatt lite plass for den ‘glade kristendom’ som Grundtvig representerer, medan den ‘mørke’ pietistiske kristendomen hjå Brorson har fått halde sitt grep om den norske kristensjela. Bortsett frå at dette er ein karikatur av Brorsons salmedikting, gjev det eit heilt faslkt bilete av kva rom Grundtvigs salmar har hatt i norske salmebøker i det siste hundreåret. I L. rev. hadde Brorson omlag 50 salmar, Grundtvig godt og vel 40, i NoS 1985 var det 32 av Brorson og 34 av Grundtvig, medan NoS 2013 har 18 av Brorson og 28 av Grundtvig. 

Det kan vere vel verdt å bruke 28 andaktstunder på å ta til seg meir av det Grundvig syng om, gjennom å meditere over tekstane i denne vesle boka. At ho er skriven på dansk, vil sjølvsagt ingen norsk lesar merke. Den som skulle ynskje å lese meir om Grundtvigs liv, kan finne fram til Egil Elseths kortfatta biografi Grundtvig, Verbum 1986.

 

Niels Thomsen: Jeg kender et land. Forbrugervejledning til 28 Grundtvigsalmer

Forlaget Vartov, København 2015

136 sider.