Evangeliet lyrisk presentert

24.07.2012
Bokanmeldelser Bokomtale

Hans Johan Sagrusten har etablert seg som ein habil nynorsk lyriker. Han skriv ei markant og sikkert nynorsk, og det er substans i dikta. Nokre gonger får vi inntrykk av at lyrikk i første rekkje er ordkunst og estetikk, men her er bodskapen minst like viktig som det skjønne i lyrikken.

Hans Johan Sagrusten har etablert seg som ein habil nynorsk lyriker. Han skriv ei markant og sikkert nynorsk, og det er substans i dikta. Nokre gonger får vi inntrykk av at lyrikk i første rekkje er ordkunst og estetikk, men her er bodskapen minst like viktig som det skjønne i lyrikken.

Alle dikta i denne samlinga er skrivne som sonettar. Det inneber at alle dikta er på 14 versliner, og at dei er skrivne etter eit fast rim- og rytmeskjema. Det er jo ein prestasjon i seg sjølv. Det er vistnok William Shakespeare som er den store sonett-lyrikaren.

Innhaldsmessig er det slik at alle dikta er skrivne ut frå tekstar i dei fire evangelia, og dikta har vorte til over fleire år. Boka er inndelt i bolkar som startar med Jesu fødsel i Betlehem og fylgjer Jesus gjennom livet og vandringa i Israel til døden og den tom grava, og sluttar med eit ”Etterpå”. Kvart avsnitt vert innleia med eit bibelvers om den aktuelle perioden i Jesu liv. Med det er det altså ein klar indre samanheng i dikta og ei line gjennom boka, noko som ikkje vanlegvis er så tydeleg i ei diktsamling. Dikta kan lesat kvar for seg, men dei kan like gjerne lesast som ei samanhengande fortelling.

Dikta er alle om Jesu person og Jesu liv her på jorda, men ved måten dei fylgjer Jesus på i livsvandringa hans, vert dei nokså jordnære og kvardagslege midt i det opphøgde. Diktsamlinga er nesten om ein kort dogmatikk i lyrisk form, med vekt på Jesus som sant menneske og sann Gud, og hans død som forsonargjerning. Det er med andre ord ei oppbyggeleg diktsamling i ordets rette meining.

Om eg skal få framheva ein bok av dei ti, må det verta ”Golgata”. Her er det nesten som vi står på Golgata og fylgjer med på det som skjer reint praktisk, samstundes som det vert openberra for oss at alt som her skjedde med Jesus, var i vår stad – det var ei forsonargjerning. Krossen var ein konsekvens av at Jesus ved dåpen i Jordan gjekk inn under verda si synd.

Den som vil ha evangelia i kortversjon og i lyrisk form, har boka her. Ved å fylgja Hans Johan Sagrusten gjennom dei fire evangelia på denne måten får vi ei oppbyggeleg reise.

Johannes Kleppa

(Anmeldelsen sto først på trykk i Dagen)

Hans Johan Sagrusten

Evangeliesonettar

Lunde forlag 2012

Ib. 120 sider