FBB – i kamp for klassisk kristen tru

11.02.2020
Johannes Kleppa og Bård Hauge
Bokanmeldelser FBB Kirkehistorie Lutherdom Bibelsyn Kirkesyn Klima Menneskeverd

For Bibel og Bekjennelse (FBB) passerte 100 år i fjor, og markerte det med ei jubileumsbok. Det er ei bok som kombinerer det å presentera FBB si historie med ulike teologiske og kyrkjehistoriske artiklar, som er aktuelle med tanke på det FBB har stått for og har arbeidd med – og som foreininga framleis står for.

Klassisk tro - kirke i endring

Sidan det er skrivne historiske framstillinga av FBB tidlegare, er dette i denne boka avgrensa til ein relativt omfattande artikkel av Ole Fredrik Kullerud, der han kronologisk går gjennom dei ulike periodane i historia. Det er påfallande korleis det frå starten var samanfall mellom FBB og Menighetsfakultetet (MF), medan det no er to ulike verdenar. Skismaet starta på 1970-talet då fleirtalet av professorane på MF opna for kvinnelege prestar, ut frå ein argumentasjon som var i strid med den apostoliske framstillinga av skaparordningane og forholdet mellom mann og kvinne.

I det historiske oversynet samanliknar Kullerud FBB med andre vedkjenningsrørsler, særleg i Sverige. Han utvidar det handlingsorienterte og organisatoriske ved å løfta fram ulike saksforhold som har vore viktige for FBB, slik som bibelsyn, kyrkjesyn, liturgikk og forholdet til lekfolket. Totalt sett får vi på denne måten ein etter måten kort, men grei gjennomgang av FBBs historie.

Fleire av artiklane framstiller teologiske spørsmål i bibelsk og historisk lys, og då gjerne sett opp mot det som har skjedd i FBB. Nokre av artiklane er uavhengige av FBBs historie, men forsvarar likevel sin plass i ei slik jubileumsbok, fordi dei er innafor for tematikken for FBBs engasjement.

Av den siste typen artiklar er nok Tove Rustan Skaar sin om «klimakrise og bekjennelsestroskap» den mest framtredande. Det er ein tematikk som teologisk sett er av heller nyare dato, og som FBB med det i tidlegare tider ikkje har vore oppteken med, og det ligg også litt utafor synsfeltet til foreininga sitt tradisjonelle engasjement. Det er difor litt overraskande at det er ein slik artikkel i boka, men det løfter samstundes fram at det stadig kjem opp nye spørsmål som ein må arbeida med ut frå ein bibelforplikta ståstad, og denne artikkelen gjev god hjelp slik sett.

Det er to artiklar som løfter blikk ut over landet vårt. Den eine går på lutherdommens stilling i verda i dag, og presenterer seg som ein statusrapport ved 500-årsjubileumet for reformasjonen. Denne gjev ei interessant oversikt, men framstillinga er litt for sterkt prega av at ståstaden for forfattaren er Missourisynoden. Forholdet til Det lutherske verdensforbund får også uforholdsmessig stor plass. Artikkelen er så kyrkjeorientert at det som går på luthersk misjonsarbeid ved misjonsorganisasjonar, ikkje kjem til sin rett. Dette vert ekstra tydeleg om ein ser på lutherdommen i Noreg, og berre orienterer seg ut frå lutherske kyrkjer og ser bort frå bedehuset og dei kristne organisasjonane. I den andre av denne typen artiklar gir Alf Danbolt ei historisk oversikt over «Bibel og bekjennelse i USA for 100 år siden». Dette er i stor grad ukjent stoff for dei fleste av oss.

To artiklar tek opp sentrale teologiske spørsmål som gjeld skriftprinsippet og bibelsynet, utan at det direkte er knytt til FBBs historie. Derimot er det midt i hjarta av det FBB har vore oppteken med. Knut Alfsvåg skrive interessant og lærerikt om «den teologiske og økumeniske betydningen av det lutherske prinsippet Sola Scriptura», altså det reformatoriske læreprinsippet «Skrifta åleine». Han gir både ei historisk og økumenisk framstilling av dette, og aktualiserer det til ei viss grad for vår tid. Han framhevar at dette ikkje berre dreier seg om eit teoretisk læreprinsipp, men at det også går på erkjenning, bibeltolking og trusposisjon: «Luther gjenoppretter tanken om at det er Guds ord slik det er gjengitt i Bibelen, som skaper verdens og de troendes virkelighet.» 

Alfsvåg problematiserer tanken om at Bibelen er «en ufeilbarlig og motsigelsesfri dogmatikk-lærebok». Han meiner at ein ved eit slikt bibelsyn har «omgjort» Luthers forståing av Skrifta åleine, at Skrifta er klar og at Ordet har overtydingsmakt. Han omtalar læra om at Bibelen er ufeilbarleg som teori. På dette punktet er eg usamd i Knut Alfsvåg sin analyse. Etter mi vurdering framstiller han tanken om «Bibelens ufeilbarlighet» på ein misvisande måte, og eg kan ikkje sjå at han i framstillinga fører prov for sine påstandar. I det heile synest eg det er uheldig og unødvendig med slike markeringar om ein vil samla om FBBs engasjement for bibel- og vedkjenningstruskap.

I den andre artikkelen av denne typen går Odd Sverre Hove gjennom «Skriftprinsippet og skriftsynene». Det er ein svært klargjerande artikkel både med tanke på utgangspunktet i Guds ord, ein historisk gjennomgang, særleg når det gjeld forholdet mellom luthersk og katolsk, og ei aktualisering på norske forhold. Artikkelen er kanskje spesielt aktuell med tanke på teologistudentar og vitskapleg arbeid med Bibelen. 

To artiklar tek opp spørsmål som har vore sentrale for FBB, og samstundes kontroversielle i andre samanhengar. Ragnar Andersen har ein solid og omfattande gjennomgang av FBBs rolle i kampen for det ufødde livet, eller kampen mot fri abort. Eg skal ikkje referera frå artikkelen, men den som vil ha ei oversiktleg framtilling av denne saka med utgangspunkt i ei bibelsk vurdering, får god hjelp.

Den andre av denne typen artiklar går på spørsmålet av kvinnelege prestar, skriven av Knut Alfsvåg. Det viser ei utvikling frå at «alle» var mot kvinnelege prestar, via opninga for dette på MF tidleg på 1970-talet til at noe er «alle» for kvinnelege prestar. Det som før var ei samlande sak for FBB, er no ei sak som gjer at mange ikkje vil vera medlemmar der. Rett nok er det feil at «alle» no er for kvinner som prestar, og at debatten er avslutta. Det er når ein ser det innafor vår norske andedam, og særleg innafor Den norske kyrkja, at det ser slik ut. Dei største kyrkjesamfunna globalt avviser framleis kvinnelege prestar, slik det samrøystes har vorte gjort opp gjennom kyrkjehistoria. Noko av det mest interessante i denne artikkelen, er at Knut Alfsvåg sjølv stig fram som tydeleg motstandar av kvinnelege prestar, etter at han tidlegare nokså sjølvsagt hadde meint det som kom frå MF på 70-talet. Argumentasjonen hans er prinsipiell og tankevekkande. 

Når det gjeld spørsmålet om kvinna si tenste, vert framstillinga både her og i boka «Skal kvinnene tie» for snever, ved at berre kvinnelege prestar er i fokus. Det som gjeld dei kristne organisasjonane sitt arbeid med saka, og det som er kalla tenestedelingsprinsippet, er totalt fråverande. Etter oppgjeret på MF på 1970-talet har det kome lite nytt frå fagteologane og FBB, men det er etter den tida organisasjonane har arbeidd med saka, og det relativt grundig frå 1980-talet. Eg synest nesten det er godt gjort å ikkje visa til dette så mykje som i ei note ein gong. Ved å ha teke dette inn, ville ein fått fram at saka langt frå er død, og det ville gitt fleire perspektiv til framtillinga.

Boka inneheld eit hyggeleg intervju med «FBB personleg», Boe Johannes Hermansen – eller BoJo, som «alle» kjenner han som. Han har tent FBB som sekretær, påminnar og sakspapirberar i over 40 år. Det er det grunn til «å bøya seg i hatten» for, for å seia det med Heidi Weng. Det er også intervju med tidlegare formenn, men det er heller overflatisk.

Til sist i boka prøver Jan Bygstad å svara på om «FBB og de luthersk-konfesjonelle» har noko framtid, og då særleg her i landet. Bygstad svarar på spørsmålet ved å sjå på utviklinga i FBB, Den norske kyrkja og Kristen-Noreg meir generelt. Her er mange tankevekkande observasjonar og refleksjonar. Han gir nokre synspunkt på korleis vi bør tenkja framover. Han hevdar at norsk lutherdom «i stor grad har vært introvert». Det er rett om ein tenkjer kyrkjesamfunna, men det er feil om ein tenkjer misjon. Det er vel knapt noko eller nokon her i landet som vore meir utadretta og ført fleire impulsar til landet og kyrkjelivet enn dei lutherske misjonsorganisasjonane. 

Det er ein gjengangar i boka at ein ikkje får med seg det som er utafor det «kyrkjelege», altså knytt til bedehuset og dei kristne organisasjonane. Frå ei side sett er det naturleg fordi FBB har vore ei «presteforeining», men det er unaturleg om ein tenkjer lutherdommen i landet totalt sett og at foreininga no også er for lekfolk.

Boka har eit svært mørkt omslag, og svarte omslagssider, så vittige tunger kan enkelt klassifisera henne som ei bok for «mørkemenn», og at det må vera «mørkemenn» som presenterer seg på denne måten! Saka er likevel at det er ei estetisk fin bok!

I ein sum: Dette er ei interessant og lærerik bok om FBB sine hundre år, og det er ei bok med mange og tankevekkande artiklar. Det er ei bok for kyrkjehistorisk interesserte, ved at ho viser utviklinga som har vore på mange av teologiens område dei siste hundre åra. Det er samstundes ei bok til hjelp for den som vil forstå og fremja den sanne og sunne læra i Bibelen.

Eirik-Kornelius Garnes-Lunde & Boe Johannes Hermansen (red.)

Klassisk tro – kirke i endring

FBB ved 100-årsjubileet

Efrem/FBB 2019

Ib. 303 sider

 

Johannes Kleppa

 

 

Frimodig og offensiv tjeneste for Kristi kirke

FBB, eller For Bibel og Bekjennelse, ble stiftet under navnet Bekjennelsestro Presters Broderkrets (BPB) i oktober 1919, noen få måneder før det store kristne bekjennelsesmøtet i Calmeyergatens Misjonshus. Det var spenning i kristen-Norge, og kampen mot den liberale teologien var på sitt mest intense. Bibeltro prester i Den norske kirke hadde behov for å organisere seg og stå samlet i vernet om Bibelen og den lutherske bekjennelsen. BPB var fra begynnelsen av en «broderkrets» for ordinerte prester i Den norske kirke. Dette endret seg etter hvert som kirkelandskapet ble endret. Enkelte andre sider ved FBBs virke har endret seg lite gjennom 100 år. 

Festskrift

Den foreliggende boka, som er et festskrift i anledning 100-årsjubileet, tar for seg noen av de spørsmålene som foreningen har vært opptatt av gjennom disse årene. Den består av frittstående artikler, som både i form og innhold er ganske varierte. Her er mye interessant, og noe som ikke engasjerer i like stor grad. Ikke alle artiklene er like gjennomarbeidede eller tilpasset norske forhold.

Skriftprinsippet

Når man kaller seg For Bibel og Bekjennelse, markerer det at man primært er for noe, ikke imot noe, og det man vil fremme er troskap mot Bibelen og den lutherske bekjennelsen. FBBs standpunkt har alltid vært at Bibelen er Guds ord og den eneste kilde og norm for tro og liv i den kristne kirke, og at den lutherske bekjennelsen gir den rette forståelsen av Bibelen. To av artiklene i boka dreier seg spesifikt om forståelsen av dette lutherske skriftprinsippet, det som Martin Luther formulerte som «Sola Scriptura». FBBs nåværende formann (ja, det heter formann i FBB), Knut Alfsvåg, skriver i en lærd teologisk artikkel om den teologiske og økumeniske betydning av «Sola Scriptura», mens Odd Sverre Hove skriver om skriftprinsippet og skriftsynene. Begge drar linjer fra oldkirken gjennom reformasjonen til dagens situasjon, men de har litt ulik vinkling, og jeg er ikke sikker på om de samstemmer i alle ting. Det lever de sikkert godt med. For den vanlige leser er Hoves artikkel lettere å forstå enn Alfsvågs.

Stridsspørsmål

I tillegg til spørsmålet om Bibelens autoritet i kirken har FBB blant annet engasjert seg i kvinneprestspørsmålet, homofilispørsmålet og abortsaken. I alle disse sakene har foreningen kommet på avstand fra Den norske kirke, som notorisk har tilpasset seg den alminnelige folkemeningen. Ragnar Andersen redegjør i en klar og meget lesverdig artikkel om abortspørsmålet i samfunnet og kirken, og Knut Alfsvåg skriver både personlig og engasjert om kvinneprestspørsmålet, som for mange, særlig for FBBs motstandere, har definert organisasjonen. Jan Bygstad skriver innsiktsfullt om FBB og de luthersk-konfesjonelles fremtid. Alle disse artiklene blir noe defensive i sin tilnærming, selv om de intenderer det motsatte. Det sier det meste om åndsklimaet bibeltro kristendom beveger seg innenfor i Norge i dag.

Klima og amerikanske perspektiver

Den artikkelen som engasjerte og gledet meg mest var Tove Rustan Skaars klargjørende behandling av klimaspørsmålet fra et bibelsk og luthersk perspektiv. Den bør bli retningsgivende for bibeltro lutheranere i klimasaken. Velskrevet og god.

Et par andre artikler beskriver lutherdommens stilling i verden i dag og enhetsbestrebelser i amerikansk lutherdom for 100 år siden. 

FBBs historie

Det er naturlig at et 100-årsskrift drar opp noen historiske linjer. Siden FBB har utgitt historiske oversikter med jevne mellomrom, er det i denne boka et hovedfokus på de siste 25 årene. Ole Fredrik Kullerud har en lettlest og fin oversikt over hele perioden fra 1919 under overskriften «Forankring og fornyelse», og tidligere formenn får komme til orde med sine tilbakeblikk. Spesielt interessant er intervjuet med foreningens sekretær fra 1978 til i dag, Boe Johannes Hermansen, som er et stjerneeksempel på trofast kristen tjeneste. Jeg bøyer meg i hatten! Uten ham er det ikke godt å si hva FBB hadde vært i dag. Ønsket er at både forankringen og fornyelsen tydeliggjøres, til frimodig og offensiv tjeneste for Kristi kirke i Norge og verden.

 

Bård Hauge

(Tidligere på trykk i Dagen 05.02.20)