Formidabelt prosjekt

17.12.2020
Egil Morland
Bokomtale Lutherdom Luther Lutherske kirkesamfunn Kirkehistorie Statskirke Ortodoksien Reformasjonen Hans Nielsen Hauge Diakoni Vekkelsesforkynner Politiske premisser Grunnloven Lekmannsbevegelse Prest Biskoper Kirkeordning

Lars Inge Magerøy "Da Norge ble luthersk Fra Martin Luther til Hans Nielsen Hauge"

Luther/Lunde Forlag 2020 258 s. Innb.

Lars Inge Magerøy, Da Norge ble luthersk

Når var reformasjonen endeleg – og friviljug – innført i Noreg? Etter suksessen med boka om «Munken som endret Europa» (2016), har den aktive prestevikaren Magerøy gitt seg i kast med eit endå større prosjekt. Resultatet ser vi i ei typografisk tiltalande og svært godt illustrert bok. Det er ei bok som det er godt å halda i.

Eg skriv «eit endå større prosjekt», for Magerøy sin ambisjon er eigentleg å skriva ei kortfatta kyrkjesoge frå Luther til (etter) Hauge. Han skriv om dei ulike periodane frå reformasjonshundreåret, via ortodoksien til (stats)pietismen og rasjonalismen, og gjer det med brei nok pensel til at det bør appellera til dei fleste tenkjande menneske, utan at dei treng inngåande kjennskap til emnet. Magerøy skildrar korleis åndsretningane i desse fem hundre åra sette sitt preg på salmedikting og katekismelæring, og mykje meir.

Det er også modig gjort, for vi veit korleis t.d. tolkinga av reformasjonen (velsigning eller katastrofe for kyrkja i Noreg?) også spelar inn på aktuelle stridsemne og kløyvingar mellom kristne menneske i dag. Men her er først og fremst mykje vi som kyrkje, i brei forstand, kan vera stolte av: Opphavet til skulevesen, diakonalt helsearbeid, fattigkasse og ei begynnande industrialisering, og meir til.

Eg finn det fortenestefullt at forfattaren brukar så vidt mykje plass på dei politiske tilhøva. Det er både lærerikt og beint ut morosamt å lesa om kontroversane omkring unionsdebatten etter at Noreg blei svensk krigsbyte etter Napoleonskrigane. Særleg sette eg pris på sitata frå somme av prestane og biskopane sine taler ved det høvet (val av Eidsvollsmenn). Slik får vi også demonstrert at det var minst like mykje tilhøvet til Sverike som arbeidet med Grunnloven som var tema i fleire av preikene.

I det heile har Magerøy vore svært flink til å henta historier og illustrasjonar frå mange lokalsamfunn i landet, som understrekar kva han vil med den større forteljinga.

Tittelen er programmatisk: Først ved Hans Nielsen Hauge og vårløysinga for lekmannskristendommen er reformasjonen eit faktum som ikkje berre viser seg på overflata i folket. Det er difor både rett og rimeleg at Hauges liv, og arven etter han, får stor plass.

På sett og vis var eg likevel meir imponert over boka om munken som endra Europa. Det kan vera ei ikkje heilt rettferdig vurdering. I Luther-boka var sentrum heile tida gitt, og forfattaren kunne frå ulike tema sin periferi heile tida gå attende til reformatoren. No har han skrive om ei meir lineær utvikling som kulminerer med Hauge. Når eg meiner at det dessutan er modig gjort, skuldast det ikkje minst at slik eg kjenner kyrkjehistorikarar, er dei av dei meir nidkjære til å passa på reviret sitt ….

Men Magerøy står støtt. Det er inga lita bragd, på om lag 200 tekstsider, å visa samanheng så vel som brot i ei fem hundre års kyrkjesoge. Om eg sjølv skal pirka i noko: «Kongen skulle fortsatt ha full styring med kirken» (s. 214), skriv Magerøy, og indikerer dermed at spranget frå Kongen som summus episcopus under eineveldet til Konge i kyrkjestyret etter 1814, er meir kontinuitet enn brot. Etter mitt skjøn går kontinuiteten tilbake til Kyrkjeordinansen 1537, medan eineveldet er brotet, trass i at det er formuleringane i Kongelovens § 6 som «flyttar inn i» § 16 i Grunnlova 1814.

Og så er den rause bruken av ropeteikn somme stader litt sjenerande (!).

Lars Inge Magerøy si bok fortener mange lesarar. Han er ein breidt orientert, og difor trygg turførar gjennom dei mange åra det tok for Noreg å bli luthersk.

Egil Morland