Framtid for bedehuset?

30.12.2019
Ottar Mikael Myrseth
Aktuelt Bedehus Vekkelse Kirkehistorie Folkekirke Evangelisering Lekmannsbevegelse

Fleire har siste tida stilt spørsmål om bedehuset har ei framtid. Eg skal ikkje dra konklusjonane, men gi eit par innspel frå sidelinja.

Bedehusrørsla voks fram av vekkjingar i ein kristen einskapskultur. Vekkjingane slo rot i eit jordsmonn gjennomsyra av kristen kunnskap og med stor appetitt på sosiale fellesskap. Etter det har tidene endra seg. Jordsmonnet idag er multi-kultur. Kristendom er marginalisert og kristen kunnskap i folket har forvitra. Dessutan konkurrerer eit overflod av sosiale medier om folk. Difor nyttar det ikkje lenger å leike 1800-tals leiken.

Men bedehuset har mange fortrinn som kan gje det nytt liv. I sine velmaktsdagar vart bedehuset kritisert for å skape splid i bygdesamfunn mellom innanfor og utanfor. Sjølv om noko av kritikken kunne vere velgrunna, er bedehuset sitt medvit om å vere motkultur, viktig å bygge på. I vår samtid har ikkje tradisjonell kristen tru anna framtid enn som minoritets-miljø.

Eg har tru på bedehuset også fordi det voks fram som folkerørsle nedanfrå utan statsstønad eller med andre puter under armane. Bedehusfolk tok økonomisk ansvar både for arbeidarar, bygningar, aktivitetar og misjonsarbeid til verdsens endar. Slik må det vere i framtida.

Bedehuset innretta seg dei fleste stader som åndeleg supplement til folkekyrkja. «Kyrkja om føremiddagen og bedehuset om kvelden» var eit slagord. I vår generasjon har avstanden til ei stadig meir liberalisert folkekyrkje auka. Bedehus har starta eigen dåps- og konfirmasjonspraksis med tilhøyrande forsamlingstenkjing.

Eg trur bedehuset har ei framtid berre om det i tide innrettar seg som alternativ til folkekyrkja. Vi er i ein akutt evangeliserings-situasjon. Det er ikkje folkekyrkjeleg vedlikehalds-arbeid som trengs, men misjonering for å vinne nordmenn og -kvinner attende til Kristus. Slik sjølvforståing gror best i miljø som har erfaring som motkultur.

For å lukkast treng bedehuset å vende attende til dei fyrste kristne generasjonane. Dei stod som minoritet overfor ein tilsvarande multikultur som vi gjer idag. Deira forkynning og praksis er gull verd. Difor hastar det for bedehusleiarar å omgåast kyrkjefedrene og levandegjere deira teologi og kyrkjeordning, liturgi og diakoni i våre dagar.

For å bli ståande treng bedehuset også å oppdage sine økumeniske slektningar og bygge vegar, bruer og tunnelar til dei. Den norske sandkassa er for provinsiell. Kyrkja er meint for folk til alle tider og til verdsens endar. Og om vi ikkje heng saman, vert vi gjerne hengde kvar for oss.

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidligere på trykk i Dagen)