Friluftsromantikk mot fritidskapitalisme

06.09.2022
Rolf Kjøde
Bokomtale Filosofi Historie Natur Miljøvern Modernitet Kristen arv Kristen tro Abort Kjønnsuttrykk

Bokanmeldelse

Livet er best ute - friluftslivets historie og filosofi - Peder Anker

Peder Anker: Livet er best ute. Friluftslivets historie og filosofi. Kagge forlag. Ib. 256 sider.

Peder Anker var ikkje berre Norges første statsminister. Vår samtids Peder Anker er professor i vitskapshistorie i New York. Han vaks opp på Oslo vest i eit politisk radikalt miljø med sterkt natur- og miljøengasjement. Kanskje er det ikkje så rart at han med Manhattans skyskraparar som dagleg fysisk horisont kjenner dragninga heimover til skogane og fjella, fjordane og havet.

Boktittelen er både treffande og for pretensiøs. Forfattarens store sak er at «livet er best ute», med reservasjonen om at det er best når vi dragast vekselvis ut og inn. Del to av tittelen skulle passe godt på ein historikar. Likevel strider den mot forfattarens uttalte ide med prosjektet. Han presiserer at han ikkje er ute etter å lage ei historieframstilling, og han speler i stor grad ned naturfilosofiens betydning.

Boka er ei løpande fortelling med korte kapittel som han prøver å binde saman. Det lykkast ofte, men bokas ganske utydelege kapittelstruktur gjer den litt uoversiktleg og legg til rette for at han gjentar seg sjølv. No kallast repetisjon kunnskapens mor, så med forfattarens sterke engasjement for å berge friluftslivet frå utrydding, har den si rolle. Vi merkar engasjementet og kjærleiken til det han skriv om, og dette skal vel ikkje tøylast for hardt med struktur og form.

Historikaren Anker tar naturlegvis med seg nettopp historia. Jean Jacques Rousseau, Peter Christen Asbjørnsen, Aasmund Olavsson Vinje og Henrik Ibsen blir løfta fram, Asbjørnsen med mest fascinasjon. I eit mellomspel kjem Fridtjof Nansen før han hentar opp Arne Næss, Sigmund Kvaløy, Peter Wessel Zapffe, Erik Dammann og Jørgen Randers, Zappfe med mest fascinasjon.

Han skriv uhøgtidleg og sjølvironisk. Dei som han i familiemiljø, studiemiljø og politisk miljø hadde mest kontakt med i tidlege år, blir gjerne tatt med i ironien. Ikkje ufint, men slik at lesaren kan lese med litt senka skuldrar og smile med. Om Thor Heyerdal, som var forlovar til Ankers bestefar, seier han at han hadde «en arroganse som lett krenket følsomme professorer i deres søken etter å etablere toleransens store rom». Anker likte dette, sjølv om Heyerdal tok «aldri så feil».

Frå først til sist i boka understrekar forfattaren at han først og fremst er ein romantikar. Han trur at det er det som kan berge friluftslivet frå moderne fritidskapitalisme, demonstrert med landsbyar av digre hytter, som han heller kallar «lodges», der naturen skulle vere fri. Eigentleg er han ganske pessimistisk for friluftslivets framtid, sjølv om tonen i skrivinga er lett og ledig.

For Anker er friluftsliv noko ganske anna enn det han i USA møter som «outdoor activity», som han meiner er «friluftsjalla». Friluftsliv er meir å gjere seg til eitt med det frie livet ute, utan program og målstyring. Både fridomen, lufta og livspulsen spelar viktige roller i tolkinga hans av fri-lufts-liv. Dermed blir han jamvel skeptisk til at friluftsliv er blitt eit fag i høgskole og folkehøgskole. Det «vitner mest om [friluftslivets] fall».

I denne konteksten for ei bokmelding er det rimeleg å spørje om og korleis forfattaren tolkar eit kristent engasjement for friluftsliv. Det første eg legg merke til er at han i det heile tar det med. Han går heller ikkje i den tabloide fella som gjer kyrkje og kristendom til sjølve skurken

i miljøkampen. Tvert om løftar han fram eit kyrkjeleg engasjement som medspelar for å gi rammer for friluftslivet.

Samtidig trer ein gjennomført evolusjonisme fram der menneske blir «menneskedyr», ei nemning som tener til å sette fram billege påstandar om at «fugler også kan være biseksuelle, transseksuelle, skeive, interseksuelle, aseksuelle, panseksuelle, poyamorøse eller også kinky. Seksuelle legninger er ikke naturstridig». Utsegna tener ikkje til noko anna i samanhengen enn å markere ei verdihaldning, utan at den blir meir sann eller gyldig av det. Sjølv meiner han dyrevernarar har eit poeng som meiner at dyr bør «innrømmes samme status som mennesker».

Det naturalistiske synet på mennesket kjem også fram når han kort nemner det ufødde menneskelivet sin status. Her skriv han direkte feil at «[m]otstanden mot abort er et relativt nytt kirkelig anliggende». Vel, då har historieprofessoren klart å hoppe over eit berg av prov på det motsette, heilt frå katekesen Didaches forbod mot dette allereie på 90-talet e.Kr.

I den litt slentrande sakprosaen med ein del antydingar og mindre skarpe påstandar gjer forfattaren seg til tider litt utydeleg og litt mindre angripbar for debatt. Det er nok intendert. I botnen ligg ei dobbel kjensle av naturromantikk og pessimisme på vegner av friluftslivets framtid. Kampen mot nedbygginga av den frie naturen krev mange allierte. Ei slik mobilisering er neppe tent med 70-talets skarpe og litt elitistiske økofilosofi. Om lag slik trur eg han kan ha tenkt.

Rolf Kjøde

Førstelektor NLA Høgskolen