Går klimaengasjement ut over misjonen, eller heng det saman?

31.03.2023
Rolf Kjøde
Undervisning Misjon Misjonsbefaling Klima Miljøvern Jesus Lausanne-pakten Kirken Gudstro Gud Den Hellige Ånd Forkynnelse

Seminar

Førstelektor ved NLA Høgskolen, Rolf Kjøde

Konferanse om klimakrisa i lys av kristen tru

24. mars 2023, Salem Bergen

Førstelektor ved NLA Høgskolen, Rolf Kjøde

«Går klimaengasjement ut over misjonen, eller heng det saman?»

1. Kor stor er Guds plan?

Kristen misjon står i teneste for evangeliet. Misjon er svaret på den treeine Gud kall. Han som sendte Sonen og som sendte Anden, sender no si kyrkje ut i verda med eit oppdrag og ein bodskap om det Riket som skal kome.

I misjon kjem dei store orda opp. Misjon er noko som tilhøyrer den treeine Gud. Misjon peikar fram mot Guds rike. Midt i dette deltar vi i Guds misjon med å kalle inn i Riket, inn i tru og etterfølging, kallet til ei frelse som gjeld den enkelte, men og ei frelse som gjennom Kristi forsoning vil gjelde heile skaparverket. Skaparverket sjølv sukkar og stønner som i fødselsrier og i forventing til den dagen då Guds born skal bli endeleg frigjort frå synd og død, seier Rom 8,22, og Kol 1,20 vitnar om Gud som forsona alt det skapte med seg ved Kristi blod på korset.

Kyrkja og den misjon ho er til for, har ikkje same oppdrag som politikarar og andre samfunnsaktørar på Guds skapte jord. Det finns ei fordeling av mandat. Samtidig har vi et forkynnande og profetisk oppdrag overfor styresmakter og andre om at dei må forvalte i samsvar med si rolle som Guds tenarar til beste for menneska og resten av skaparverket. Rettferd, miskunn og fred er aldri irrelevant for kyrkja sitt oppdrag, men noko vi skal forkynne og leve ut.

I tillegg er det Guds ståande kall til oss at vi skal leve det ut i eigne liv og sjå til at Guds kyrkje utfordrar dei allmenne samfunnsverdiane av forbruk ved at vi tenker, lever og prioriterer i samsvar med Guds rikes verdiar. Når misjonsbefalinga kallar til å danne disiplar i alle folkeslag, teiknar Jesus samtidig bildet av eit folk som prioriterer med global bevissthet også når vi lever som etterfølgarar lokalt.

2. Røyster frå den verdsvide kyrkja

Blir vi nærsynte nok, kunne vi falle i tankar om at klimaet så langt har endra seg til vår fordel. Varme somrar i nord. Kven gleder seg ikkje over det? Her er vi likevel ikkje kalla til nærsyn. Som representantar for Jesu globale kropp har vi fått ein unik tilgang til å sjå utover oss sjølve. Kva situasjon finn vi då vår neste i? Røystene frå den store verda, ikkje minst den sørlege der fleirtalet av kristne lever, er klare: Klimakrise, øydelegging av artsmangfald, utbytting av naturen og av menneska som del av skaparverket råkar hardast dei som opplever mest urett og fattigdom frå før. Det ironiske er at dei har desidert minst ansvar for at vi er der vi er no. Dersom Jesus meinte alvor då han bad si kyrkje om å elske nesten sin og gjere mot vår neste det vi vil at dei skal gjere mot oss, er kallet til handling ikkje til å kome frå.

I Lausannerørsla er det arbeidd mykje med dette. Av alle kjærleikserklæringane (til Gud, til hans ord, til evangeliet osv.) tar kjærleiken til verda desidert mest plass i Cape Town Commitment sin første del, den som kallast «vedkjenning av trua». Dokumentet er ikkje blind for det som er galt med og i verda. Tvert om. Når vi blir kalla til ein misjon som integrerer verda sin nød, både menneska, samfunnet og verda er «skada og lir på grunn av synd; alle tre er inneslutta i Guds forløysande kjærleik og misjon; alle tre må vere del av Guds folks altomfattande misjon.» Strategidelen av dokumentet frå Cape Town kallar klimaendringane for «den mest alvorlege og presserande utfordringa som den fysiske verda står overfor». Det krev handling, og vi som kristne må gå fremst.

Desse sidene ved missiologien frå Cape Town var arbeidd godt med i forkant av kongressen i 2010 i tett samarbeid med World Evangelical Alliance under tittelen «The Whole World». I heile dette arbeidet blir koplinga mellom forbruk og avgudsdyrking særleg påpeikt. Slik misjon alltid har kalla til omvending frå avgudane og tru på den eine sanne Gud, må kyrkja i dag kalle – særleg vestlege – kristne til å vende om frå forbrukets avgudar. Det er ein nøkkel for å kome til rette med dei pustevanskane som klima, jord, hav og luft slit med.

Etter Cape Town blei sakene ført vidare med tydelege røyster frå den sørlege verda. Ikkje minst har Jamaica og Karibia, der utslaga av klimaendring allereie er tydelege, gått tungt inn i diskusjonen. I boka «Creation Care and the Gospel» frå 2012 møter vi ei rekke viktige refleksjonar om kvifor og korleis vi kan føre dette vidare. Er klimaperspektivet i misjon vår tids «helsemisjon» for å møte den store krisa? Er det tid for misjon å formidle meir klimabistand slik vi alltid har lagt vekt på helsebistand? Kva er samanhengen mellom vern om skaparverket og etterfølginga av Jesus? Korleis kan ein misjonal livsstil påverke det større samfunnet ved å leve ut andre og høgare verdiar enn konsum?

Sjølv har eg sett utfordringa i Sør-Asia og i Vest-Afrika på nært hald. Når Himalayas is smeltar, blir dei enorme elvene ustyrlege så heimar og jordbruk går tapt. Lengre fram i vegen vil dei store elvane slutte å levere nok livgivande vatn. Jorda eroderer i aukande tempo. Havet stig, og det skal lite til før 20 million menneske i Bangladesh permanent må trekke innover i landet. Ørkenen breier seg, og forverra næringsvilkår som følgje av dette, saman med auka intern og ekstern migrasjon, er noko av grunnen til den sosiale uroa som destabiliserer Mali. Misjon kan ikkje med sine avgrensa ressursar bøte på dei store systemiske problema, men vi kan hjelpe til å handle lokalt for å avgrense skadane og dyrke fram ein kultur av endring.

3. Kyrkja sin profetiske dimensjon: å forkynne omvending i lys av Riket som kjem

Spørsmålet om forståing av Guds rike har dels vore spenningsfylt i teologien, frå rein her-og-no-realisering av Riket i politiske eller framgangsteologiske termar, til rein spiritualisering av Riket fram til Jesu gjenkomst. Mange av oss samlar forståinga av dette Riket, som ikkje er av denne verda, i det klassiske «allereie, men ennå ikkje». Vi skal verken etablere eller manifestere det. Det har Gud gjort i Jesus Kristus og det vil Gud gjere endeleg i nyskapinga. Her og no er det nærverande ved forkynninga av evangeliet, i eit sant disippelliv, og ved Andens nyskapande kraft. Guds kall til misjon her og no er at vi skal vere vitne om det, vere teikn på det, og la Gud foregripe det der og når han vil.

Det er denne tanken som har gjort at norsk misjon frå dag ein har lagt vekt på skole, helsestell, forsvar for minoritetar, bevaring av språk og kultur, landsbyutvikling, brønnboring og mykje anna av arbeid for nestekjærleik og rettferd. I norsk misjon står dette ikkje «berre» som døropnarar for evangeliet, men som reell hjelp til menneske ut frå tanken om mennesket som ein heilskap av kropp, sjel, ånd og sosial tilhørighet. Vi møter aldri menneske berre med det spissa evangeliet om Jesus. Samtidig kjem Jesus til oss alle i både ord og gjerning. Dei to kan ikkje skiljast. Vi møter alle menneske på vegner av den treeine Gud, han som både har skapt oss, har forsont den falne verda med seg, og kallar oss inn i nyskapinga.

Det er mykje kyrkja ikkje skal utføre som deltakar i Guds misjon. Kyrkja skal ikkje utøve politikk, men halde seg til tenesta med evangeliet, eller «heile evangeliet», som vi seier i Lausannerørsla for ikkje å gjere akkurat det for lite. Samtidig er vi aldri «ikkje skapt», aldri «ikkje forvaltarar». Dersom Riket er ein viktig del av dette evangeliet, må kyrkja i det minste forkynne kva Guds store plan og vilje er, minne oss alle på at jorda ikkje er vår, men er gitt oss å forvalte i samsvar med skaparen og eigaren sine ord om at det han skapte, var godt. Då kan ikkje bidraget vårt vere å tyne livet og kvele artsmangfaldet. Det er djupast sett synd, fordi det er eit utslag av grådighet og manglande respekt for han som skapte i balanse og til beste for alle. Vi treng alle å minnast om Mahatma Gandhis ord om at «The world has enough for everyone’s needs, but not everyone’s greed».

Derfor må kyrkja både tale klart i samfunnet – og til sine eigne, og ho må handle i samsvar med det ho seier. Det er misjonens profetiske oppdrag. Fordi vi er så innkrøkt i oss sjølve, må vi minne kvarandre på å vende om og re-starte vandringa i retning Riket og dei verdiane som Guds rike forpliktar oss på. Aldri kjem dette så klart fram som i Jesu Bergpreike.

«Tal til mammons mange små pirater, tal om livets aller største skatt. Avslør dette overflodsteater før det går mot kveld og det blir natt,» skriv Tore Thomassen i bøna «Jesus i byen». Det gjeld vår forvalting som enkeltmenneske, som kyrkje og som misjonsrørsle, men det har også ei adresse til dei som styrer. Klimakrisa slik den artar seg no, kan bøtast litt på av enkeltmenneske sin personlege livsstil. Her er disippelfellesskapet kalla til å fremst for å skape og vise berekraftige alternativ. Samtidig er krisa av ein slik art at den ikkje kan møtast utan radikale endringar i lokal, nasjonal og global forvalting. Det er ei sak for nasjonar og næringsliv. Med dagens sakte tempo trengs ikkje kritiske røyster berre frå sekulære eller nyreligiøse aktivistar. Vi treng profetisk kristen tale som stiller nasjonens og jordas mektige til ansvar overfor den Gud som dei forvaltar – og misbrukar – på vegner av.

4. Kallet til ein enkel livsstil: to fluge i eitt smekk

Evangelisk misjon slik den sprang ut av dei ulike vekkingane og åndelege rørslene til fornying på 16- og 1700-talet har lagt vekt på å leve og forvalte slik at fleire skulle få del i godane, enten det gjaldt sjølve evangeliets kjerne, eller det gjaldt å løfte menneske frå sosial og økonomisk nød. Misjonskvinnene var ikkje kjent for å leve ekstravagant, og givartenesta har stått sentralt både i lav- og frikyrkjeleg kontekst. Over tid og med aukande velstand har dette vore i endring. Ein del evangelisk kristne vegra seg allereie i 1974 å signere Lausannepakta, fordi den forplikta underskrivarane til å velje ein enkel livsstil. Denne forpliktinga er ikkje blitt mindre aktuell, og den utfordrar oss så mykje meir, fordi vi med den rike bonden har låst inn avlinga og slått oss til ro for å nyte dei gode dagane. Men, «i denne natta blir sjela di kravd tilbake».

Disippelskap inneber ei heilt anna forvalting. Når vi velger den, blir det i alle fall klart at klimaengasjement ikkje går utover misjon. Når vi forbrukar mindre, blir det mindre belastning for klimaet. Samtidig sit vi då igjen med meir midlar som kan brukast for å tene vår neste og gjenreise norsk misjon. Oppdraget med å gå vidare med evangeliet, både til dei ennå ikkje nådde og til eit etterkristent Europa, er langt frå fullført, men i Norge på sitt rikaste prioriterer mange kristne det vekk til fordel for eit forbruk som dreper klimaet. Velger vi samsvar med kallet til disippelskap, går klimaengasjement og misjonsengasjement svært godt saman.