Game over

22.01.2005
Ottar Myrseth
(Ressurser) Homofili

FBB-BAKGRUNNSSTOFF:

Fra Luthersk Kirketidende, 13/2000, s. 305-307.


"Game over"

Ottar S. Myrseth, sokneprest i Spjelkavik


Dei siste vekene har eg i mitt heimearkiv hatt ei mappe med påskrifta «Game Over». Dataspel-brukarar vil gjenkjenne terminologien og vite at når denne meldinga blinkar på skjermen, har ein gjerne to alternativ: Anten «New Game» eller «Exit». I mappa mi har det landa diverse innlegg frå offentleg ordskifte. Her er vitnemål frå prestar som har resig­nert (både i betydninga «gi opp» og «seie opp»). Her er vitnemål som dokumenterer at lærenemnd-medlemar handlar motsett av det dei meiner.

I den kampen som har foregått over lengre tid om Den norske kyrkja, er vi komne til eit vendepunkt. Biskop Per Lønning har brukt biletet «avsporing». Uroa som har prega det kyrkjelege livet siste tiåra av 1900-talet, har handla om kyrkja si sjel. Den eine stridsssaka etter den andre har vore drive fram av spørs­målet: «Kva er sant?» Kva er sant i spørsmålet om fosteret er eit menneske? Er det sant at Gud er Far? Er det sant at Gud ikkje stiller krav til den som kjem til Herrens bord? Er det sant at kjærleiken vert verna av partnarskapslova?

Slike spørsmål etter sanninga er djupast sett spørsmål om lydnad mot evangeliet. Den som talar usant om Gud, mennesket, frelsa, kyrkja eller livet, sviktar evan­geliet.

Med det nye århundret kom også Lærenenmda sin konklusjon. Denne er ty­deleg: Homofilispørsmålet høyrer med til dei menneskelege overleveringar i kyrkja og vedgår ikkje evangeliesanningane. I kyrkja treng ein vere samd om forkyn­ninga av evangeliet, men ikkje om dei menneskelege overleveringane. Difor er usemja om homoseksuell praksis til å leve med. Alt går. Dei som har eit plaga samvit på grunn av dette, kan få hjelp med det. Dei som vil leve i partnarskap, kan få lov til det.

Dette inneber at det må krevast fleksi­bilitet av presteskapet så vi kan ta imot alle. Det må kunne tenkjast at eg ein fredag ettermiddag høyrer skriftemål frå ein homofil og at kollegaen min i same kyrkja laurdag ettermiddag tek imot eit homofilt par til forbøn og eventuelt vel­signing. Denne kyrkja tek mål av seg til både å velsigne og ta imot syndsvedkjen­ning for akkurat same livet.

Det trengs ikkje stor teologisk innsikt til å avsløre at det ikkje er iver for eit ein­tydig evangelium som er drivkrafta bak slike kompromiss. Lærenemnda seier beint fram at ho ikkje kan fylgje Asle Dingstad i at «det er et vilkår for at kirken kan være apostolisk at den taler helt sam­stemmig og klart om at homofilt samliv er synd, og at det må avsluttes og gjøres bot for», Altså må ei viss sjølmotseiing og uklar forkynning tolast.

Det ser ut til at Lærenemnda vil tillate slike intellektuelle og teologiske krum­spring for å sleppe å måtte innrøme at Den norske kyrkja er splitta. Det mest alvorlege Lærenemnda gjer for å unngå og In­nrøme splittinga, er når dei frikoplar Guds bod og skaparvilje frå evangeliet: «Uenig­heten om homofilt samliv trenger ikke forhindre den tilstrekkelige enighet om det som er sentrum i den kristne gudstro: Rettferdiggjørelsen av syndere i Kristus». Det motsette, altså å kreve at homosek­suell praksis vert vedkjent og tilgitt som synd, vert kalla «en lovisk forståelse av grunnlaget for kirkens enhet». Ein truande som les slike tekstar får problem. Her er liten samstemming med apos­telorda om at kyrkja er utvald til å vere «heilag og lytelaus» (sjå til dømes Efes 5,27 og 1Pet 2,9) og med CA VI om at trua «lyt gjera gode gjerningar som er pålagde av Gud, av di Gud vil det». Evangeliesanningane er gitt oss for å øve oss i lydnad - ikkje i forhandlingsevne.

For å vere konsekvent tek Lærenemnda fatt i skriftemålspraksisen. Dei innrømer at deira forsøk på å femne begge syn på homofili, skaffar dei ei utfordring her. Dei skriv at «Lærenemnda samlet finner det imidlertid problematisk å stille de krav om enhetlig skriftemålspraksis som Ding­stad har gjort». Nettopp. Når homoseksuelle handlingar både er synd og ikkje er synd, kan kyrkja heller ikkje vere i samsvar med seg sjøl i skriftemålet. Luther plasserte skriftemålet i si vesle katekisme mellom dåpen og nattverden, som om det skulle vere eit sakrament. No seier lærenemnda at det ikkje er nød­vendig å vere einig om forvaltninga av dette sakramentet. Ein tvilar som spør denne kyrkja, vil få to svar. Men det er vel løgnaren som talar med to tunger?

For å råde bot på dilemmaet, går Lærenemnda til ei devaluering av sjølve skriftemålet. Det stemmer ikkje, skriv dei, «(...) at det der foregår en domshandling utført av den som tar imot skriftemålet». Her er ikkje mykje att av Jesu ord til apos­tlane: «Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne» (Joh 20,23).

Luther kalla artikkelen om rettferdig­gjering ved tru for «artikkelen kyrkja står og fell med». På dette punktet har no dei svikta kyrkja som skulle verne henne. Til samanlikning vert det som blåbær å rekne at biskopar fristiller seg frå forplikting på kyrkjemøtevedtak. Vegen er i praksis opna heilt fram til at praktiserande ho­mofile kan bli både prestar og biskopar. Når deira vitnemål og liv likevel ikkje tru­gar korkje kyrkja eller evangeliet, vert det utillateleg diskriminering å halde dei borte frå tenesta for dette evangeliet på alle plan i denne kyrkja. Det er berre eit tidsspørsmål. Lærenemnda har opna vegen, det er berre å gå han.

Presten Jan Bygstad har vist i ein avisartikkel (VL 8. mai) at Lærenemnda sitt votum bryt med alle Nicenum sine kjen­nemerke for den sanne kyrkja: Krev ein falsk einskap, tillet vanheilagt liv, innfører ukatolske ordningar og sviktar overlev­eringa frå apostlane. Rettnok kan det hev­dast at lærenemnda sitt dokument ikkje er imponerande stringent og tydeleg korkje i tanke- eller språkføring. Men lærenemnda si virkningshistorie kan vanskeleg bli noko anna enn ei døropning for teologien som legitimerer homoseksuell praksis. Det spelar liten rolle kva løynde intensjonar dei sokalla konservative biskopar og lekfolk i nemnda hadde. Dei må reknast som tilreknelege i gjerningsøyeblikket.

Dermed er dei med eller imot sin vilje blitt garantistar for at denne kyrkja ikkje reknar som synd det Guds ord kallar synd. Ei slik kyrkje er ikkje sann.

Difor er kampen om denne kyrkja si sjel over. Det er tid for kvar enkelt å berge si eiga sjel. Den kyrkja eg i forrige århun­dre vart ordinert til presteteneste i, er blitt ei anna. I ekte postmoderne ånd er både skrifta og tradisjonen sette til side som forpliktande. Mennesket som har ete av kunnskapens tre, har gjort si eiga fornuft til einaste norm. Spørsmålet blir til sjuande og sist om det er nødvendig å tru på Gud? Er han berre eit ord på tre bok­stavar, g-u-d? Eller er han Den levande som mitt liv ligg ope for, Herren som både skal døme meg og som kan frelse meg?

Tida er ute for å setje si lit til at Den norske kyrkja fører oss på Vegen. Det er tid for at kvar enkelt må finne seg veg­leiarar. Tida er ute for å fylle institusjo­nane. Det er tid for å bygge andre institusjonar. Tida er ute for folkekyrkja. Det er tid for å be for folket. For meg som prest er det ikkje lenger tid for å represen­tere denne kyrkja. Eg må rekne med å tale imot like gjerne som tale med. Eg kan ikkje lenger trygt føre folk inn i kyrkja si famn. Så lenge eg er prest her, må mi om­sorg vere for den einskilde som Gud sender i min veg. Kyrkja som sette meg til presteteneste, har tapt si sjel.

Difor er det «Game Over» for Den norske kyrkja. Det er opp til kvar einskild av oss om neste tastetrykk skal vere «Exit» eller «New Game».

Kyrie eleison!