Gjer som avisene: Lag ei real rangering over det som formar livet

18.01.2024
Sofie Braut
Aktuell kommentar Bibelen Bibelbruk Kanoniske bøker Kanon Samfunn Samfunnsutvikling Politikk

Aktuelt

Sofie Braut

Blant dei meir interessante forsøka frå kultur-året 2023 er etableringa av ein såkalla kanon, ei liste over viktige litterære verk både for venstresida og høgresida.

Tidsskriftet Minerva lanserte nyleg «Høyresidens kanon», og før nokon byrjar å tenkje altfor militært: her snakkar vi om ei liste over dei bøkene og verka som har bidrege til å forma «høyresidens tanker og politikk». Lista var eit svar på Klassekampens liste over «100 verk som har formet venstresidas politikk og ideer», som vart lansert i haust.

Slikt noko resulterer raskt i ein avklarings-bonanza, der det må forklarast og spesifiserast frå a til å. For kva meiner vi eigentleg med kanon? Kva legg vi i høgresida? Kven har stått for utvalet av bøker til ei slik liste? Og sjølvsagt: Kva fortener plass på ei rangering av topp 100?

Men nettopp etterarbeidet er kanskje det mest interessante med eit slikt prosjekt. Når nokon legg fram ei liste, nærast same kva dei listar opp, tvingar det oss rundt til å ta stilling. Det gjer oss meir klar over kva vi sjølv synest er viktig og mindre viktig. Vi burde truleg alle ha som nyttårsforsett å laga fleire topp-10- lister, kåringar og rangeringar.

I eit «medieflimmer-samfunn» som vårt, har kanskje dette blitt viktigare enn nokon gong. På nett ser ting besnærande likestilt ut. Annonsar frå sjarlatanar som skal sikra oss evig ungdom vert pakka inn med andakt og alvor, og jamstilte med nyhende, nekrologar og næringspolitikk.

Vi veit det frå før, men treng stadige påminningar om at dette krev mykje av oss. Tida, denne dyrebare tida vår, løyser seg opp og forsvinn i flimmeret. Kva er verd merksemda og tida vår?

Kunsten å skjelna har alltid vore viktig for kristne. Også i kristne krinsar er det likevel fort gjort å ubevisst falla ned på ubevisst aksept av ideen om at «du har di sanning og eg har mi». Gjerne med fromme ønskje om å stå fram rause og inkluderande. Men alt kan sjølvsagt ikkje vera like sant og verdifullt på ein gong. Vi er ikkje skapte for slik slapp likesæle. Vi er skapte til å velja.

Etter årevis med dekonstruksjon og postmoderne kritikk av heile kanon-omgrepet, er det på denne bakgrunn i seg sjølv både befriande, men også overraskande at både Klassekampen og Minerva dette året har lansert kvar sin kanon. Poenget er ikkje at dei gir ein fasit for kva som «bør» lesast. Det grunnleggjande er snarare strevet for å skjøna kva tradisjon ein auser frå og kva som har forma oss. Vi treng å sjå tankane og ideane våre i samanheng. Her er det inspirasjon å henta, også rundt om i heile Kristen-Noreg.

I kristne miljø bør dessutan ikkje kanon (uttale: ka'non) vera eit framandord. Omgrepet kjem frå gresk og tyder rettesnor eller førebilete. Den som er oppteken av Bibelen, vil kjenna til den Bibelske kanon, altså dei 66 bøkene som utgjer Bibelen vår, både når det gjeld innhaldet, men også den svært grundig prosessen bak og prinsippa som styrte utvalet. Bibelen er den ultimate kanon.

Eit nedslåande trekk ved «høyresidens kanon», er kanskje dermed at det ikkje er funne plass for ein einaste av Bibelens tekstar. Med tanke på den formative krafta som Bibelen representerer, burde ein gammaltestamentleg tekst, slik som Jobs bok, eller eit nytestamentleg skrift, til dømes Lukasevangeliet, ha vore inkludert. Få tekstar har som dei bibelske bidrege til krafta i litteraturen opp gjennom hundreåra.

Bibelsk språk, biletbruk og brokete persongalleri har inspirert alle slags forfattarar og er på mange vis mønsterlitteratur som all seinare litteratur relaterer til. Venstresida har sjølvsagt eit anstrengt og framandgjort forhold til denne delen av litteraturens opphav. Deira framlegg til kanon, startar talande nok med revolusjonens inntog, mot slutten av 1700-talet. Dei om det.

At «høyresidens kanon» hadde hatt ei sjølvforståing romsleg nok til å inkludera eit bibelsk skrift utan at dette automatisk skulle tilseia at ein blir «belemra med religiøsitet», burde ikkje vore for mykje å håpa på. Bibelen treng kanskje ikkje noko vidare kanonisering, vil sikkert nokon innvenda. Dei har kanskje eit poeng.

For mange er Bibelen Guds ord, og Guds kraft til frelse. Men Bibelen er også litteratur i særklasse. Til liks med filosofen Sokrates, skreiv heller ikkje Jesus noko sjølv, men filosofien hans, slik hans fire biografar skildrar han, er i ein klasse for seg når det gjeld påverknadskraft og evne til å setja varig avtrykk.

Sjølv om eg altså kunne ønska meg eit bibelskrift i ein konservativ litteraturkanon, dukkar det også opp eit anna nyttårs-håp i møte med desse ulike listene over litteratur som har forma oss. Det er at vi vert oss endå meir bevisste på kva som formar oss, barna våre og barnebarna.

Særleg det å vera konservativ, tradisjonell og heilt alminneleg kristen ser ut til å ha blitt meir krevjande fordi det så lett blir assossierert med å vera «satt», treig og tilbakeskodande. Det trengst derimot ei oppvakning for frimodig konservativ rørsle dette landet, og der er faktisk dei nemnde forslaga til kanon viktige bidrag. Å utarbeida ein kanon, er i seg sjølv eit uttrykk for eit sunt, konservativt instinkt, anten det kjem frå høgre eller venstre.

Det minner oss nemleg om at det finst noko å ta vare på. Noko å vera takksam for. Noko som er verdt å foredla vidare. Vi treng audmjukskapen som ligg i det å sjå at våre eventuelle bidrag til utvikling berre er ei lita brikke festa på tallause måtar i tallause andre. Vi treng å rista av oss fåfengde tankar om det «progressive» at det nye er bra berre fordi det er nytt.

Å ta vare på den Bibelske kanon i si fulle breidde, dreier seg først og fremst om den doble kunsten å lesa Bibelen; det å både vera «ordets hørere og ordets gjørere». Må ulikt arbeid for å ta vare på det beste i kulturen vår gi fornya iver etter å halda i hevd denne kulturens hjørnestein.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen)