Gløymte kristne samfunnsbyggarar

11.08.2026
Johannes Kleppa
Bokomtale Samfunnsbygger Samfunnsutvikling Historie Kirken Kristen arv Kristen tro Kristendom

Bokanmeldelse

Lars Inge Magerøy/Rolf Olsen/Reidar Magnus Stang

Samfunnsbyggerne

Glemte pionerer fra 1700- og 1800-tallet

Ventura 2026

Ib. 279 sider

Politikarar, kulturpersonlegdommar og andre viser ofte til opplysningstida og utviklinga av moderne vitskap når dei skal forklara den positive utviklinga i landet vårt dei siste hundre åra. Kristendommen vert helst framstilt som eit hinder for utviklinga. Vi skal ikkje så langt tilbake i tid før dette var svært annleis. Då vart kristninga av landet og kristendommens innverknad i folket tillagt stor vekt.

Denne boka er meint å bøta litt på denne skeive framstillinga. Det gjer boka primært ved å løfta fram ein del personar med kristen ståstad, særleg prestar, og kva dei har betydd for samfunnsbygginga. Det er konsentrert om folk på 1700- og 1800-talet, altså på den tida opplysningstida og naturvitskapen braut inn.

Den som har lese ein del historie, og særleg kyrkjehistorie, vil nikka attkjennande til ein del av namna, men nokre er nokså ukjente eller har gått heilt i gløymeboka, i alle fall i generell historieframstilling. Det var jo slik på den tida desse personane levde, at det stort sett var prestar som hadde høgare utdanning, og prestane var på mange måter sentrale i samfunnet – langt ut over det som gjaldt kyrkja og forkynninga. Dette var dessutan i den perioden pietismen gjorde seg sterkt gjeldande, og fleire av dei aktuelle personane var pietistar – med Erik Pontoppidan som den fremste. Andre var nok meir rasjonalistisk orienterte, men dei to gruppene stod ofte saman om å hjelpa folket fram til meir velstand. Frå denne tida har vi omgrepet «potetprestar», og dei tenkjer vi ofte på som liberale, men det stemmer langt frå alltid. Ein kunne svært gjerne hjelpa folket fram på det samfunnsmessige området og med tanke på velstand, samstundes som ein forkynt eit sant Guds ord til frelse.

Eg skal ikkje nemna alle på namn, som er løfta fram i denne boka, men fleire av dei var reine geni, og dei hadde ein kolossal arbeidskapasitet og energi. Dei hjelpte fram jordbruk og fruktdyrking, næringsliv av ulike karakter, skule og vitskap, og til sist eit norsk universitet – og fleire var politisk aktive. Den fremste av dei var kanskje Johan E. Gunnerus (1718-1773). Det er ufatteleg kva nokre av dei vann over.

Det er også løfta fram fleire personar, særleg prestar, som var viktige for samane og kvenane og for deira språk og kultur. Det same gjeld for skogfinnane. Det var nok ein del innan kyrkje og misjon som medverka i den fornorskinga som norske styresmakter sette i gang overfor desse gruppene, men det var også mange som stod imot denne. Dette er truleg ikkje kome godt nok fram i den «forsoningskommisjonen» som arbeidde med denne saka, og som leverte ein omfattande rapport.

Naturleg nok har Hans Nielsen Hauge og andre haugianarar fått stor plass, men her er det kanskje ikkje så myke nytt. Det er likevel ein svært god artikkel om Hauge i denne samanhengen, med tittelen «Et liv som integrator og forsoner». Her kjem totaliteten i Hauge sitt engasjement godt fram, og då særleg korleis alt sprang fram av gudstrua hans, forståinga hans av Guds ord og forkynninga hans til vekking og nytt liv. Det er kanskje det beste eg har lese om nettopp dette. Det litt sjeldne ordet «integrator» er svært talande og nyttig i denne samanhengen ut frå hans åndsposisjon.

Når ein held seg til denne tidsperioden, er det sjølvsagt mest menn vi møter, men det er også løfta fram fleire kvinner som gjorde ein viktig samfunnsinnsats, særleg prestekoner og haugianske kvinner.

For min del har det vore både lærerikt og inspirerande å lesa denne boka – faktisk langt meir enn eg tenkte då eg byrja på henne. Boka er på mange måtar eit nyttig korrektiv til den kristendomsnegative ideologien som historia vert forstått i lys av for tida. Boka held både språkleg og fagleg godt mål, og her er litteraturlister for vidare lesing om dei ulike personane.

Johannes Kleppa

(Tidlegare publisert i Dagen)