Knut Kåre Kirkholm/Egil Sjaastad
PÅ vei til talerstolen
En ressursbok for forkynnere og andaktsholdere
FIH-forlaget 2025
Hft. 171 sider
Denne boka presenterer seg litt beskjedent ved å definera seg som «en ressursbok for forkynnere og andaktsholdere». Det er altså ikkje meint å vera ei fullstendig eller ordinær preikelære eller homiletikk. Det skal vera ei hjelp «på vei til talerstolen». Slik stig boka også fram når vi les. Det er ei bok som vil vera nyttig for alle som skal forkynna Guds ord på ein eller annan måte, men kanskje særleg for nye forkynnarar og for slike som held andaktar ved visse høve.
Boka har to forfattarar, Knut Kåre Kirkholm og Egil Sjaastad. Det fungerer slik at dei har skrive kvar sine kapittel, som nesten er å forstå som relativt store artiklar om dei emna dei tek opp. Dette fungerer rimeleg bra, men det gjer samstundes at framstillinga ikkje er heilt systematisk i tydinga å dekka alle naturleg tema med tanke på forkynning på ein systematisk måte, slik ein homiletikk ville ha gjort. Dette er likevel ikkje noko vesentleg problem, fordi alle hovudtema er dekka på ein grei og rimeleg omfattande måte etter opplegget for og omfanget av boka. Det er lite overlapping
Den eine av forfattarane, Egil Sjaastad, har tidlegare skrive ei etter måten systematisk og omfattande preikelære, «Vi forkynner Kristus». Rett nok har han ikkje definert boka som preikelære, men som «en ressursbok for predikanter». Ho utfyller likevel denne boka på ein god måte. Det kan nokre gonger vera nyttig å samanlikna bøker av denne typen med andre i omtrent same kategorien.
I ei forholdsvis omfattande preikelære frå 1922 av Peder Dreyer, krinssekretær i NMS og bibelskulelærar i Bergen, har forkynnaren og hans liv stor plass. Over halve bok har søkelys på forkynnaren. I Carl Fr. Wisløff si klassiske preikelære, «Ordet fra Guds munn», er det nesten ingen ting om forkynnaren. I den boka vi her omtalar, er det ein del, og då med forkynnaren si utrustning og utvikling i fokus.
Nokre preikelærer har nokså mykje om det å overføra bibelteksten til vår tid, om tekstarbeid og oppbygging av preika. Det gjeld ikkje minst Olav Skjevesland og hans bok «Broen over 2000 år», men også Halvor Nordhaug og hans preikelære «… så mitt hus skal bli fullt». Vi finn ein del av dette også i denne ressursboka, men litt annleis enn i dei nemnde bøkene. Det går mest på prinsippspørsmål med tanke på forkynninga og forholdet mellom GT og NT. Det er også litt historisk stoff til hjelp i dagen situasjon. Dette er nyttig og viktig.
Det er også preikelærer som legg stor vekt på den tida og den kulturen vi skal forkynna inn i, og korleis tida pregar tilhøyrarane. Eit tydeleg døme på dette er den danske teologen Leif Andersen sitt tobindsverk, «Teksten og tiden». Etter mitt skjønn brukar han kunst og kultur i meste laget, sjølv om det kan vera nyttig og tankevekkande. Det er noko av dette også i denne boka, men ikkje påfallande mykje. Det er tema som går på trendar som påverkar forkynninga og eit kapittel om retorikk. Eg stussar litt på at det siste er prioritert, men framstillinga er grei både med tanke på nytten av og avgrensinga når det gjeld retorikk.
Carl Fr. Wisløff er kjent for at han i si preikelære legg stor vekt på lov og evangelium i forkynninga generelt, og med tanke på dei ulike delane av forkynning. Denne boka står på mange måtar i denne tradisjonen, og det synest eg er den store styrken. Med det kjem innhaldet i forkynninga i sentrum, og ein får den rette tilrettelegginga av dei ulike delane av forkynninga, både med tanke på frelse og rettferdiggjering, helging og teneste, sjelesorg og frelsesvisse.
Det er lett for at ein legg det meste av vekta på ytre forhold og aktualitet, oppbygging og pedagogikk når ein tek føre seg spørsmålet om forkynning. Det er viktig nok, men det viktigaste er innhaldet i forkynninga, både den bibelske substansen og at Guds ord vert rett delt som lov og evangelium. Det treng alle vi som forkynner, påminning om og hjelp til. Her vert vi aldri utlærte. Samstundes er det slik at nye forkynnarar treng ekstra innføring i dette. Det er også viktig at dei som meir «tilfeldig» held andaktar eller som forkynner for barn og unge, får innføring på dette området, og er seg bevisst forkynninga sin karakter – slik at det vert forkynning, og ikkje berre tale. Boka har eit eige kapittel om forkynning for barn.
Eg har ein merknad til framstillinga på eitt punkt. Det gjeld karakteriseringa av forkynninga på bedehuset, altså på tradisjonelle bedehusmøte. Her heiter det: «Forkynnelsen er vanligvis det vi kaller «vekkelsesforkynnelse», og kommer med en sterk appell og kall til omvendelse.» Det trur eg i dagens situasjon er direkte feil. Det var nok slik min barndom og ungdom. Eg er no godt over 70 år. Eg forkynner mykje sjølv og eg høyrer på ein god del forkynning på bedehuset, men det er sjeldan eller aldri eg høyrer vekkingsforkynning på vanlege møte, i så fall er det med tanke vekking av Guds folk til heilagt liv og teneste. Etter mitt skjønn er det faktisk for lite vekkingsforkynning på bedehuset no, og vi har for få evangelistar.
Eg synest denne boka gir god hjelp til å arbeida med forkynninga ut frå sentrum i Guds ord og i forkynninga, og så er her ei relativt omfattande litteraturliste for dei som vil arbeida vidare med ulike spørsmål. Stoffet er lett tilgjengeleg og omfanget gjer boka overkommeleg. Det vil vera ein god idé å gje denne boka til nye forkynnarar.
Johannes Kleppa