Godt frå Johannesevangeliet

28.07.2019
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser

Det er heller sjeldan det no for tida vert utgjeve kommentarlitteratur til dei bibelske bøkene, eller anna grundig innføring i Bibelens tekstar. Dette er heller ikkje ein vanleg bibelkommentar, men det er ei innføring i ein god del sentrale tekstar i Johannesevangeliet – og det er ei solid innføring.

Den gode hyrden

Boka er skriva av Asbjørn Nordgård. Han har ein akademisk bakgrunn som dosent ved Universitetet i Oslo, men så gjekk han over i kristent arbeid. Først var han knytt til Indremisjonselskapet og så til Misjonssambandet. Han har vore bibelskulelærar og rektor på ein kristen skule. Han er mykje brukt som føredragshaldar og forkynnar, og han har etter kvart etablert seg som oppbyggingsforfattar.

Det er tydeleg at det ligg sterkt på Nordgård sitt hjarta å få fram substansen i bibelske tekstar. Han vil la Ordet få tala med sin eigen tyngde til hjelp for tru og liv. Han legg vekt på det sentrale ved Jesu person og frelsesverk, og orienterer alt bibelske materialet ut frå dette. Det er uttrykk for sunn teologi, og det gir ei sunn tru.

I føreordet opplyser han at hans «utgangspunkt er prekenforberedelse». Dette betyr likevel ikkje at dette er ei bok berre for forkynnarar, sjølv om slike vil få god hjelp til førebuing og forkynning – både over dei aktuelle tekstane og med tanke på måten å arbeida med bibeltekstar på. Boka er slik at alle som les Bibelen sin, og som ønskjer hjelp til å trengja inn i tekstane på ein slik måte at det vert til personleg oppbygging, vil få hjelp. Nordgård maktar kombinera substans med ein svært enkel skrivemåte. Tekstane vert tolka, men dei vert også personleg adresserte ved hjelp av erfaring og praktiske døme. Opplegget er slik at det vert litt oppattaking, men det gjer ikkje noko.

Boka er altså ikkje ein gjennomgang av Johannesevangeliet vers for vers. Det er ein gjennomgang av over 20 sentrale tekstar på ein forkynnande måte. Det vil truleg vera klokt å lesa boka litt over langs med eitt kapittel om gongen, til dømes kvar søndag.

Boka er utgjeva på forlaget ebmedia. Dette er eit lite forlag som truleg er ukjent for mange. Det er likevel grunn til å merka seg ebmedia for dei som er ute etter solid bibelsk orientert litteratur. Det er grunn til å seia både forfattar og forlag takk for ei bok av denne typen. Det trengst meir av same sorten!

 

Asbjørn Nordgård
Den gode hyrden: Sentrale tekster fra Johannesevangeliet
Ebmedia 2019
Hft. 284 sider

 

(Artikkelen har tidligere stått på trykk i Dagen)