Gravferd utan Gud

29.02.2024
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Kirkelige handlinger Kirkelig situasjon Kirker Jesus Jesu lære Døden Folkekirke

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth - biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Både gravferdsagentar og prestar krev ny gravferdsliturgi. Det starta med misnøye med Joh 3,16 som fast innslag. Men no vil ein gå lenger.

I ei tid då oppslutnaden om gudstenester og kyrkjelege handlingar er i generell tilbakegong, brer panikken seg på vegne av den breie kontaktflata.

Gravferder har vore rekna som sikraste skanse for folkekyrkjeleg oppslutnad. Som ein engelsk organist formulerte det: «Funerals are popular.» Men heller ikkje det ser no ut til å vere sikkert.

Gravferdsbyrå har sett sitt snitt til å ta ’marknadsandelar’ med å tilby full pakke medrekna seremonirom og tilpassa liturgi. Det same har Human-Etisk Forbund gjort med lågterskeltilbod og stor brukarmedverknad. Stadig fleire har ytra ynskje om mindre kristent preg i gravferder. Som ein skreiv: Folk kjem i gravferd for å ta farvel, ikkje å høyre ei andakt.

Er kyrkjeleg gravferd relevant når folk vender henne ryggen? Slike prøver testar kyrkja si sjølvforståing. Ei kyrkje med ei trygg tru, vil kunne stå for det ho forkynner uansett om det styrkjer eller svekkjer hennar omdøme. For der er samanheng mellom tru og truskap.

Jesus opplevde fleire gongar at folk forlet han fordi hans tale var tung: «Kven kan høyra på slikt?» Jesu strategi var ikkje å vinne disiplar med å snakke dei etter munnen. Han gav ikkje etter for politisk eller populært press. Hans vegar var ikkje godtfolks. Han teia ikkje om det kontroversielle og fornekta ikkje det heilage.

I slike konfrontasjonar møtte Jesus den folkelege reaksjonen stilt og roleg. Han let dei som støytte seg på han, gå. Istaden for å springe etter dei for å fortelje at han eigentleg meinte å vere mjuk. Han gret over dei han miste, men han korkje lokka eller manipulerte.

Kven står i sentrum i ei gravferd? Sjølvsagt den døde. Sjølvsagt dei syrgjande. Like sjølvsagt burde det vere Han som gav liv til alt som lever, og Han som åleine er sigerherre over døden.

Det er lett å tenkje seg at folk kan oppleve både tekstlesing og forkynning i gravferd som utfordrande, nærgåande og påtrengande. Spørsmålet er om det er Gud eller folket som skal kome til orde gjennom kyrkja si formidling når liv skal levast og minnast.

Det burde blinke mange varsellampar når folket sine endra haldningar er motivet for å forandre opplegget kring kyrkjeleg gravferd. Gud les ikkje gallup. Det er det ingen grunn til at kyrkjeleg liturgi og forkynning heller skulle gjere.

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidlegarer publisert i Dagen)