Guds rike og politikk

16.05.2023
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Kirke og stat Kirkelig situasjon Kirkefellesskap Kirken Politikk Gudstjenesteliv Guds misjon Gudstro Gudsforståelse Evangeliet Guds redskap

Aktuelt

Rolf Kjøde

Jesus forkynte mykje om Guds rike. Det gjorde han til eit folk som såg på seg sjølv om styrt av Gud, men okkupert av heidenske romarar. Forventinga til Gud synes å ha retta seg særleg mot å bli messiansk frigjort frå det framande politiske åket.

Då Jesus forkynte Guds rike, peikte han i ei heilt anna retning. Han understreka at hans rike ikkje er av denne veda. Han teikna bilde av noko som dei rett nok kunne lengte etter, men som sprengte seg ut av politiske rammer for teologisk tenking.

Kristne menneske treng å finne hjartet i Jesu forkynning om Riket. Då finn vi også hjartet i kallet til å bli med i Guds misjon.

Spørsmålet om forståing av Guds rike har dels vore spenningsfylt i teologien, frå rein her-og-no-realisering av Riket i politiske eller framgangsteologiske termar, til rein spiritualisering av Riket fram til Jesu gjenkomst.

Mange av oss samlar forståinga av dette Riket i det klassiske «allereie, men ennå ikkje». Det er midt mellom oss ved evangeliet, men det er ennå ikkje kome i kraft og fullending.

Vi skal verken etablere eller manifestere det. Det har Gud gjort i Jesus Kristus og det vil Gud gjere endeleg i nyskapinga. Her og no er det nærverande ved forkynninga av evangeliet, i eit sant disippelliv, og ved Andens nyskapande kraft.

Guds rike må ikkje gjerast til politikk. Kyrkja og den misjon ho er til for, har ikkje same oppdrag som politikarar og andre samfunnsaktørar på Guds skapte jord. Her slår to svært ulike avvik frå den bibelske gudsrikeforståinga overraskande likt ut.

Då Kyrkjeverdsrådet på 60- og 70-talet langt på veg gjorde Guds misjon til eit venstrepolitisk prosjekt, var det ein sentral tanke å realisere Guds rike her og no.

Då trusteologien, med motsett kyrkjeleg tyngdepunkt, på 80- og 90-talet lova framgang og langt meir himmel på jord, var idealet også å realisere Riket her og no. Politikk var skifta ut med teikn og under.

På sett og vis ligg noko av den same tenkinga bak ønsket om å sikre kristen tru i samfunnet ved å vakte politiske privilegium. At kristne står opp for gode kristne verdiar i samfunnet ut frå tanken at dei er dei beste for alle, er høgst legitimt, men noko må leggast til.

For det første må vi skilje mellom kristne samfunnverdiar og kyrkjelege privilegium. Det siste blir fort ei krykke som evangeliet ikkje treng. Sjølvsagt skal vi kjempe for likebehandling av kristne skolar, trussamfunn og anna når det gjeld statsstøtte utan at tru skal diskriminerast, men då tar vi eit utgangspunkt for argumentasjonen som også vil gjelde ikkje-kristne.

For det andre må vi ha eit realistisk forhold til kva vi kan oppnå politisk i eit etter-kristent samfunn. Interesseorganisasjonar skal naturlegvis presse på for sine særlege område. Politiske parti må også utfordrast til å stå støtt i si prinsipielle overtyding i viktige verdispørsmål, men kristne menneske må tole at jamvel «kristelege» parti legg realistiske handlingsplanar for dei ulike fireårsperiodane der ikkje alt som ein har tapt, skal takast omkamp på.

Då vedtaket blei gjort i Stortinget om den delvise oppløysinga av Den norske kyrkja (Dnk) som statskyrkje i 2011, var eg med på ei feiring i regi av Norges kristne råd. Mange frikyrkjeleiarar og representantar frå Dnk var euforiske og meinte at no måtte vi få eit livssynsdepartement og ein meir aktiv og samla religions- og livssynspolitikk i Norge.

Då tok representanten frå Den katolske kyrkja ordet og minna om at dei hadde vore rundt i eit par tusen år og var i alle verdas land. Ut frå dette slo ho fast at dei hadde lært seg til ikkje å stole på politiske styresmakter og derfor helst ville vere under justisdepartementet. «Vi skal operere etter norsk lov. Noe annet behøver vi ikke ha med staten å gjøre.»

Truleg var det samlinga sine viktigaste ord. Guds rike er fullstendig ulikt det vi kan oppnå politisk. Det har kraft til å forvandle både menneskeliv og samfunnsliv, men ikkje ved politisk makt; berre ved evangeliet om Jesus Messias som verda sin sanne Frelsar og Herre.

Rolf Kjøde

(Tidlegare publisert i Dagen)