Helsing til eit kyrkjejubileum

22.06.2014
Kåre Svebak
Bekjennelse

Til Guds kyrkjelyd i Hylestad.

 

Til Guds kyrkjelyd i Hylestad: Nåde og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.  Med takk til Gud som kalla meg, vil eg nytta høve til å minne om kyrkja si vedkjenning og Guds vitnemål.  Fyrst vedkjenninga.

Ein samantreff taler for seg.  Hylestad kyrkje i Setesdal vart vigsla på Augustana-dagen 1839.  Den 25. juni 1530 vart Den augsburgske truvedkjenninga – Confessio Augustana – lagt fram for riksdagen i Augsburg.  Femti år seinare vart Konkordieboka utgjeve på same dagen.  Konkordieboka inneheld vedkjenningane frå oldkyrkja og reformasjonstida.  Dei samlar kyrkja på apostelordet si lære frå Jesus Kristus, den levande hjørnesteinen.  Til denne vedkjenninga vart Hylestad kyrkje vigsla. 

I Augsburg var keisaren og fyrstane samla for å rette opp att den kyrkjelege einskapen under pavedømet.  Dei «evangeliske» hadde allereie set i verk reformer i samsvar med den nytestamentlege trua.  Difor kalla dei seg for «evangeliske».  Resultatet kjenner vi.  Dei evangeliske ville ikkje vera med på Filip Melanchton si diplomati-verksemd.  Då utforma han Confessio Augustana - varsam i forma, men tung i sak og lojal mot den wittenbergske reformasjon under Luther si leiing. 

Dei første orda lyder slik: «Kyrkjelydane våre lærer sameint» osv (art 1).  Einskapen er ikkje tufta på ei ny lære, vedteken av menneske.  Einskapen fylgjer vedkjenninga til apostelordet si lære frå Kristus Jesus, Skrifta sin Herre.  Einskap i læra først.  Kyrkjefellesskap deretter.

Merk ordbruken.  Truvedkjenning i bibelsk meining stadfester Guds ord.  Gud har talt på mange vis til fedrane gjennom profetane, men til oss har han talt gjennom Sonen, som han har satt til arving over alle ting (Heb 1:1f).  Kyrkja stadfester Guds ord og vitnemål.  Guds endegyldige vitnemål er Jesu oppstode frå dei døde.  Det var han som opna Skriftene for apostlane sine.  Utrusta med Andens gåver – meir enn andre kristne, ga dei vidare til kyrkja den rett utlagde Skrifta.  Med vårt «ja» til apostelordet fylgjer et «nei» til vrang lære, då som no.  Denne samanheng mellom Augustana-dagen og vigslingsdagen står fast.  Difor samlar kristne seg om trufaste prestar og predikantar for å høyre Kristi ord og verte oppbygde med Ord og Sakrament på grunnvollen.  Utan Guds ord, er ingenting. 

Sett utanfrå, er kontrasten stor mellom riksdagen i Augsburg og forsamlinga i Hylestad på vigslingsdagen.  Men sett med vedkjenninga, er det ingen skilnad.  Guds kyrkje på jorda er Guds eine, heilage kyrkje.  Ho let seg lokalisere kor forsamlinga held fast på evangeliet si lære og ei sakramentforvaltning i samsvar med Kristi ord og befaling.  Lat meg nemne to døme.  Fyrst artikkel 4 om rettferdiggjeringa (el frifinninga):

«- menneskja vert ikkje rettferdiggjorte for Gud med eigne krefter, fortenester eller gjerningar, men /…/ rettferdiggjorde utan vederlag for Kristi skuld ved trua, når dei trur at dei blir tatt til nåde, og at syndene vert forlatne for Kristi skuld, han som med sin død har godtgjort for syndene våre…»  

Og dinest artikkel 5 om det kyrkjelege embete:

«- for at vi skal kome til denne tru, er det oppretta eit preikeembete til å lære evangeliet og gje del i sakramenta.  For med Ordet og sakramenta som medel, vert Den Heilage Ande gjeven, han som verker trua, kor og når Gud vil i dei som høyrer evangeliet…»

Så er ikkje vår kyrkjeidentitet ei ny kyrkje.  Vi er den gamle kyrkja i den skriftbundne tradisjonen frå byrjinga.  Utan atterhald held med fast på Kristi ord frå Faderen, og let oss rettleie av apostelordet frå han.  Gjer vi det?  Utan atterhald?  Regelen kjenner vi, Åp 3:11Hald fast på det du har, så ingen tek ifrå deg krona di! 

Så til Guds vitnemål om Jesu person og verk.  Guds endegyldige vitnemål er Jesu oppstode frå dei døde på Påskemorgonen.  Gud har vitna: Jesus Kristus er sann Gud og sant menneske – den Eine syndebæraren for alle, for alle har vi nagla den Eine til krossen med syndene våre.  Så kan alle seie om den krossfeste: Sjå, der er min død! – og seie om den oppstadne: Sjå, der er mi oppstode!  Vår vedkjenning til Guds vitnemål kan vel vera skrøpeleg, lik kyrkjelyden i Filadelfia.  Eller kanskje kyrkjelyden lever i namnet, lik han i Sardes?  Gud veit, han som ser i hjarto.  (Åp 2-3)

Læretilpassing til verda slepp fri den gamle adam, utan frykt for Gud og tillit til han.  Læretilpassing gjer døypte menneske til stumme hundar.  Dei bjeffar ikkje, men  lograr for den som stryk med håra.  Kristi marsjordre høyrer dei ikkje, Lk 24:47 – i Jesu namn skal omvending og forlating for syndene verte forkynt for alle folkeslaga...  Kvifor ikkje gje lyd frå seg?  «Vi kan ikkje teie med det vi har sett og høyrd», sa apostlane Peter og Johannes (Apg 4:20).  Anna legitimering leier vill. 

Fornminne, tradisjon og treverk frå gamal tid har sin verdi, men kyrkjelyden si verksemd har ein annan legitimitet: Jesu lekamlege oppstode frå dei døde.  Han vart sett og høyrd ved fleire høve og er ikkje langt borte.  Difor må steinane tale når han opnar Skriftene for oss.  Det gjer han ikkje utan vidare.  Vi kan gå vår eigen veg – den breie, eller arbeide for kyrkja si velferd og take vare på Guds ord.

Mange har stelt med Hylestad-kyrkja og hennar omgivnad på ymse vis, i smått og stort.  Det er grunn til takksemd.  Huset – ein vakker oktogon, enkel og stilrein, gjev rom for gudstenesta, kor Gud tener oss og vi tener han.  Difor har gåvebruken fyrste prioritet.  Grunngjevinga er ikkje våre behov, men Guds vitnemål om vår frelse.  Kyrkjelyden ber Guds vitnemål med seg frå den oppstadne Jesus Kristus. 

Vi stig inn i kyrkjerommet.  Straks vert me minna om det unike ved kyrkja si tru.  Vi ser preikestolen, døypefonten og Herrens bord der framme.  Bruken har den oppstadne Jesus befalt med unntak av Nattverden.  Den innstifta han i den natta han vart forrådt, og då gledde han seg til å være hjå venene sine etter Pinsedagen, uavhengig av tid og rom. 

Utan oppstoda, ikkje noko apostolat og preikeembete, ingen dåp i den trieine Guds namn, inga forlating for syndene, ingen Herrens Nattverd og kyrkjesamfunn.  Utan oppstoda, ville evangeliet ha vore ukjend i verda, og ingen lært Gud å kjenne og ha evig liv i han som er ein forsona Gud.  Kort sagt: Ingenting å jubilera for. 

Framand for Guds unike vitnemål, rår uvissa og vonløysa.  Inga erstatning duger, korkje spekulasjon, lovreligion eller sjølvdyrking.  Eg ber for Guds kyrkje i Hylestad, at Guds vitnemål frå Påskedagen må verke takkseiing av hjarto.  Han er verdig all takk alle vegne. 

«Vår heilage tru» er Guds tru og gåve til oss.  Gud gje at hylstringane toger til Herrens bord, og går frå messa med Kristus til gåve, utsende til gode gjerningar med Kristus til føredøme, ein kvar til sin daglege dont, Gud til ære.  Til denne kyrkjebruken vart Hylestad kyrkje vigsla på Augustana-dagen.

Vår Far i himmelen!  Høyr i nåde kva folket ditt ber: Lat namnet ditt helgast, rike ditt koma og viljen din skje - også her hjå oss. 

 

I takksemd, dykkar prest 1974-77,

 

Kåre Svebak