Her vil ties, her vil bies

15.02.2020
Vigdis Berland Øystese
Bokanmeldelser Salmer Brorson Oppbyggelig Dansk kirkeliv

Eldre salmar kan vera vanskelege å forstå slik utan vidare. Særleg gjeld dette origialtekstane dersom ein finn fram til dei. Dét er definitivt noko som bør prøvast.

Her vil ties, her vil bies

Særleg fordi mange salmar er mykje endra frå dei vart skrivne til dei no har fått moderniserte former i salmebøkene. For danske salmars vedkomande, kan originalteksten finnast på nettet. I Arkiv for Dansk Litteratur, http://adl.dk/, ligg alle dei eldre forfattarskapa både i faksimile og trykt versjon. For Noregs del må ein anten gå til Nasjonalbiblioteket, https://www.nb.no/, og leita der, eller slå opp i Nytt norsk salmeleksikon (2011-18) som har originaltekstar til alle salmane i Norsk salmebok 2013.

Stundom er orda gamaldagse og ikkje utan vidare enkle å forstå. Andre gonger viser tekstane til den rike kristne symbolikken som vi kanskje ikkje kjenner lenger. Mange salmar krev også svært god bibelkjennskap for å opna seg heilt, eller analyse sidan dei diktarlege verkemidla og tekstkomposisjonen kan vera vanskeleg.

I nyare salmebøker er mange av desse hindringane rydda av vegen. Strofer er fjerna, ord og linjer er skifta ut. Men med det er også verdfull poesi og rike djupner i forståinga, blitt borte. Likevel kan det framleis vera nyttig med ei «forbrugervejledning», slik Niels Thomsen presenterer i boka Her vil ties, her vil bies, ei linje som er henta frå ein av Hans Adolph Brorsons salmar. Han tar utgangspunkt i 17 salmar av Brorson slik dei står i Den danske salmebog (2002). I denne salmeboka (med totalt 791 nummer) er Brorsons namn knytt til 116; 60 er omsetjingar, 56 er Brorsons eigne. Thomsen deler dei 17 salmane inn i tre grupper. Den første er «Højtider» der ein t.d. vil finna nokre av dei kjende julesalmane. Men også døme på salmar til nyår, påske og Kristi himmelfartsdag. Den andre gruppa er «Kristenliv». Her finn vi lovsongar og bønesalmar, mange prega av Brorsons pietisme. 

Den siste kategorien er «Svane-Sang». Brorson skreiv dei fleste av salmane sine for at den danske kyrkjelyden skulle ha eit rikt tilbod av salmar til høgtidene og andakta i heimen. Men Brorson skreiv også tekstar for sitt eige og familiens andaktsliv, tekstar han ikkje sjølv publiserte. Dei vart til i hans siste år, og samla og utgitt etter hans død. Her finn vi inderlege og særs vakre tekstar, mellom anna den som har gitt namn til Thomsens bok: «Her vil ties, her vil bies» som er ein kviskrande samtale mellom Jesus og brura, m.a. med bakgrunn i Høgsongen. Salmens årstid er seinvinteren då «Dagene længes, vinteren strenges / vinteren strenges. Og det er svart». Likevel skal ikkje den elska missa motet, men bli med og kika inn i hagen der våren ligg på lur:

Turteldue, kom at skue,

Kom at skue! Bak gærdet hist

Dér skal du finde forsommers minde,

Forsommers minde, alt grøn på kvist. 

Turteldue, kom at skue,

Kom at skue bag gærdet hist!

Thomsen går gjennom salmane, strofe for strofe. Og sidan, som han sjølv seier, Brorsons salmar ikkje er «dunkle» og vanskelege å forstå, får «forbrugervejledningen» ein viss karakter av oppbyggeleg litteratur. 

Det er tekstane i den danske salmeboka som vert kommenterte. For ein norsk lesar kan det vera interessant å merka seg at danske og norske salmeboksredaksjonar gjer ulike val, både når det gjeld kva for tekstar som får leva vidare i stadig nye salmebøker, og korleis dei vert endra. Men Thomsens bok hadde vakse i verdi om ho hadde teke utgangspunkt i Brorsons originaltekstar og kommentert dei med sideblikk på revisjonshistorien.

Niels Thomsen (f.1938) er dansk teolog. Han var fleire år frikyrkjelydsprest i Ryslinge og mangeårig rektor ved Præstehøjskolen i Løgumkloster.

Thomsen, Niels. Her vil ties, her vil bies. Forbrugervejledning til 17 Brorsonsalmer. København 2016