Homofili – bibeltruskap og erfaring

01.01.2016
Dagen
Carissimi

Homofilisaka har mange aspekt ved seg. Difor er det ein brei debatt som no går i Den norske kyrkja (Dnk). Mange av spørsmåla er av djup og fundamental teologisk karakter. Difor må vi ta oss tid til å drøfta desse spørsmåla, sjølv om det kan gje inntrykk av ei overfokusering på homofilisaka.

To av dei viktige tema som har vorte reiste med tyngde, gjeld kva bibeltruskap er og korleis vi skal tenkja om erfaringsaspektet i læremessige spørsmål. Poenget må vera at Guds ords openberring i Bibelen er avgjerande og absolutt norm, og at erfaringa må tolkast i lys av det.

I Luthersk Kirketidende nr. 18/2007 er det to svært interessante og lærerike artiklar om desse spørsmåla. Begge er frå den teologisk konservative sida. Skribentane fortener honnør for sitt grundige arbeid og for at dei på denne måten går høgt på banen i den aktuelle debatten.

Knut Alfsvåg går gjennom den utviklinga som har vore i Dnk i homofilispørsmålet. Han ser på argumentasjonsmåten og korleis biskopane har tenkt om einskap og splitting i denne saka, og korleis ein tolkar dei aktuelle bibeltekstane. Med tanke på det siste påviser han – kanskje overraskande for nokre – at det er «helt klart en utvikling i retning av mer enhetlig forståelse av bibeltekstene».

Dei tidlegare freistnadane på å tolka bibeltekstane slik at dei seier noko anna enn den direkte ordlyden, er forlate. Ein har gjeve opp å «gjøre Paulus-tekstene irrelevante for diskusjonen». Oppfatninga no er at «når de nytestamentlige tekstene avviser samkjønnet samliv, avviser de noe som er svært nær det moderne fenomenet homofili».

For å koma fram til eit liberalteologisk standpunkt, slik fleirtalet av biskopane no gjer, må ein altså «tolke Bibelens etiske prinsipper i åpenbar motsetning til deres ulike konkretiseringer», skriv Alfsvåg. I staden for å utfordra kyrkja sitt klassiske homofilisyn med bibelsk argumentasjon «er det erfaringsmomentet som må bære hovedvekten av endringsargumentasjonen».

Dette er ei svært nyttig påpeiking. Alfsvåg viser til at det er homofiles oppleving av undertrykking og ønskje om forpliktande rammer for seksuallivet det vert vist til. Saka er at erfaringsmomentet i sterkare grad kan brukast motsett veg, fordi undersøkingar viser at det blant folk som praktiserer ein homofil livsstil er større rusmisbruk, fleire sjølvmord og større utruskap enn blant andre. Dessutan er det langt færre homofile enn ein vil ha det til, og dei kan – som alle veit – ved ein homofil livsstil ikkje få born.

Konklusjonen på dette er at det heterofile ektskaps- og familieidealet ikkje er ein eigna modell for homofilt samliv. Erfaringsmomentet talar heller ikkje for å framelska ein homofil livsstil og legitimera denne gjennom ei ekteskapslovgjeving som for heterofile. Dette burde i det minste biskopar, prestar og andre kyrkjelege leiarar sjå.

Ole Fredrik Kullerud går i den første av ein dobbeltartikkel inn på skriftforpliktinga i Lærenemnda sin uttale. Tesen hans er at «Lærenemnda forstår skriftforpliktelsen som en rent subjektiv erkjennelse». Det er ei fatal sanning.

Denne subjektive bibelforpliktinga gjer ein så til kriterium på kyrkjefellesskap, og opptrer som om kyrkja ikkje er splitta sjølv om det er diamentralt motsette lærestandpunkt ute og går. «Kirkefellesskap blir i sin konsekvens fellesskap av alle som påberoper seg Skriften,» skriv Kullerud. Det har han rett i, og det gjer heile diskusjonen om bibeltruskap og kyrkjefellesskap, kontra bibelkritikk og kyrkjesplitting, utflytande og meiningslaus. Vi endar i eit åndeleg tåkelandskap.

Nils Tore Andersen seier han kan leva med det vedtaket Kyrkerådet har gjort, «fordi det presiseres at Bibelen er høyeste autoritet». Då har han akseptert den subjektive skriftforpliktinga som gjer bibeltruskapen innhaldslaus. Det ville faktisk vore betre om vedtaket ikkje hadde sagt dette, fordi då hadde ikke vedtaket i same grad undergrave bibelforpliktinga ut frå sitt faktiske innhald.

 

Dagen 13. oktober 2007