Hunger

17.08.2022
Ottar Mikael Myrseth
Refleksjon Andakter Fadervår Nattverd Kropp Verdigrunnlag Åndelig

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Berre ein tynn membran skil gudsdyrking frå avgudsdyrking. Jesus har hjartevarm medkjensle med dei svoltne tilhøyrarane i øydemarka. Han set bøna om dagleg brød midt i Fadervår og gjer eit måltid til sjølve sentralpunktet i det kristne livet. Likevel har menneska igjen og igjen dyrka skapningen istadenfor Skaparen.

Både dyr og menneske må ete for å leve. Ein filosof har definert mennesket som ’hunger’. Hamsun skapte eit europeisk storverk med si skildring av ’sult’.

I menneskelivet er hungeren meir enn det kroppslege. Der er ein lengt i mennesket etter meining og samanheng, etter kjærleik og å høyre til.

Jesus er høgst kroppsleg og materiell når han innstiftar sakramenta. Han brukar vatn og brød, olje og vin, ord og handspåleggjing. Utan slike livsmiddel og lækjemiddel døyr mennesket.

Vi lever i ei materielt superfiksert og åndeleg sveltefora tid. Menneske er fanga i ei immanent forbrukar-transe. Horisonten handlar om pengar i lønningsposen og brød på frukostbordet i eit liv som endar med døden.

I Nidarosdomen under olsokfeiringa fylte ei gedigen jordklode heile luftromet under kyrkjekvelven. Symbolikken i dette kan tolkast i fleire retningar, men i katedralen talte det sterkast om ei dyrking med jorda som horisont.

Guds frelsesveg går gjennom det skapte. Men den gudsdyrking som endar med jorda, vert avgudsdyrking. Då lever menneska som om Gud ikkje fanst. Når dei lyftar opp materien istadenfor Meisteren, har dei skaffa seg andre gudar. Og sjølve tek dei Guds plass.

I Kristus er Gud blitt kjøt og blod, mat og drikke. For å kunne frelse oss, vart han som oss. Han tente sitt brød som oss, i sveitten frå sitt andlet. Han vart eit menneskefoster og han let kroppen sin spikre til eit tre. Om Gud hadde stilt seg likegyldig til kroppane våre, ville dette vore heilt unødvendig. Og martyrane sine offer ville vore utan innhald og meining.

I Galilea vart ein nistepakke til brød frå himmelen. Slik heng kroppen og livet her på jorda ihop med det himmelske livet vi vonar å nå. Gud som kan forvandle ein matpakke og ei vinflaske, kan også herleggjere min døyelege kropp så han vert kvalifisert for evig liv.

Min kropp, nedbroten av synd og forgjengelegdom, er stadig eit tempel for Den Heilage Ande. Men dyrking av det jordiske kan ikkje verte anna enn forfengelegdom og forgjengelegdom. Det kan ikkje fylle hungeren som ligg i oss menneske og i heile skaparverket.

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidligere publisert i Dagen)