Ignatiansk och luthersk andling vägledning likhet och olikhet

15.09.2019
Audun Aase
Bokanmeldelser Erfaringer Ignatius av Loyola Åndelig veiledning Retreat Sjelesorg Katolsk tro Luthersk tro

Heftet er i underkant av 70 sider, inkludert mange sider med notar og nokre bilete. Og det er kvadratisk og dermed ikkje så stort.

Ignatiansk och luthersk andling vägledning

Ignatiansk och luthersk andling vägledning likhet och olikhet
Forfattar: Fredrik Brosché, prest i Svenska Kyrkan.
Utgjevar: Församlingsfakulteten, Göteborg.
Utgjeve 2018.

I føreordet får vi ein kort presentasjon av Ignatius av Loyola og korleis vegleiinga hans i løpet av heile 1900-talet breidde seg stadig vidare utover, både i Europa og USA. Likeins at mange kommentarar har kome både på tysk og engelsk.

I eit opningskapittel vil forfattaren først skildre der det rår semje mellom ignatiansk og luthersk åndeleg vegleiing. Vi får kort omtale av viktige kjernepunkt i ignatiansk vegleiing som skjelning mellom impulsar (eller ånder som Ignatius talar om), og lengt som hjelp til kontakt med det inste i oss. Deretter nokre positive tilbakemeldingar om kva denne vegleiinga har hjelpt ein del med som han har intervjua om deira erfaringar. 

Så kjem «de frågor som vi er oense om», som forfattaren skriv til slutt i føreordet, og som fyller mesteparten av det som vidare kjem. Og dette går hovudsakleg på eitt spørsmål, nemleg om vonde tankar er synd eller ikkje. 

Bakgrunnen er eiga erfaring med ein katolsk vegleiar då han spurde vedkomande kva han skulle gjere med sine vonde tankar. Svaret han fekk, var at dei ikkje var synd så lenge han ikkje samtykte med dei eller dvelte ved dei. Dermed følgjer ei utgreiing om katolsk og luthersk standpunkt her og med Ignatius’ vegleiing om at slike tankar skal ein berre stå i mot. 

Men dette vart til inga hjelp for forfattaren. Den fekk han når han delte det han streva med, med Gud og erfarte korleis Gud løyste han ved Jesu soning av hans synd.

Til slutt kjem eit kapittel om helginga, der både katolikkar og lutheranarar er samde om dei gode gjerningane som skal følgje av det nye livet i trua, men der katolikkar og Ignatius talar om forteneste der lutheranarar ser nesten som mål for dei gode gjerningane. 

Til dette kan det vere mykje å seie. For det første vil nok mange stusse over sjølve tittelen, for på luthersk mark har vi ikkje noko som tilsvarar den ignatianske vegleiinga eller åndeleg vegleiing elles som vi finn på katolsk og ortodoks mark, iallfall ikkje som ei innarbeidd ordning. For slik vegleiing er ei vandring over tid, ja, gjerne over år, hos ein vegleiar med det som mål å fordjupe livet med Gud. Likskapen omtalt i kapittel ein er då at lutheranarar erfarer hjelp av dette dei møter i ignatiansk vegleiing og ikkje at dette er noko som lever i luthersk vegleiing.

Elles får lesaren for lite hjelp til å få tak på kva ignatiansk vegleiing eigentleg er. Og det frå ein som sjølv har teke del på ignatianske retreatar og er utdanna i åndeleg vegleiing, men som no tydelegvis har lagt det bak seg. Og kva er luthersk åndeleg vegleiing? Er det det vi kan få gjennom forkynning og sjelesorg? Hans eiga vandring mot svaret på problemet han sleit med, skjedde utan noka medvandring så langt ein kan forstå. I det heile vert det vel mykje omtale av katolsk og luthersk teologi i staden for innføring i vegleiing.

Tittelen på heftet kan gjere oss nysgjerrige, men det kjem berre litt av det som er lova og gjerne ikkje det som er det viktigaste.