Jesus utan kyrkje

17.03.2026
Ottar Myrseth
Aktuell kommentar Kristi kirke Kristenliv Kristen tro Kirken Tro og liv

Aktuelt

Kyrkjene er i tilbakegong. Indre strid, skandalar, liberalisering og fornekting har skada omdømet. Tilliten til kyrkjene visnar i same grad. Men nye generasjonar stiller nye spørsmål. I sekulariseringa sin tidsalder har slagordet «Ja til Jesus, nei til Kyrkja» fått fornya interesse. Unge menneske sluttar seg til slagordet «Jesus vil ha etterfylgjarar, ikkje kyrkjer».

Det noko sjølvmotseiande her. For det fyrste: Til eitkvart innhald, svarer ei form. Fotballsupporterar treng fotballklubb, truande treng kyrkje. 

Jesus gav oppdrag ikkje til tolv enkeltpersonar, men til kollektivet apostlar. Mange av dei hadde feila og vist seg som nærast ueigna. Dei hadde vandra ilag, delt mat og samtalar, dagar og år. Dei hadde svikta han, til og med svike han. Men han reiste dei opp og satsa på dei.

Når kyrkjer feilar, rettar kritikken seg lett mot menneskeleg svikt. Kyrkja er eit altfor menneskeleg prosjekt, vert det hevda. Tenk om det vart brukt imot Gud at han feila i å satse på menneske og ikkje kunne ha blitt menneske. Men Gud valde å bli ein av oss i mennesket frå Nasaret. Og han etterlet seg ein fellesskap der kvart truande menneske er lem på hans kropp.

Kyrkja er ein sakramental fellesskap av menneske halden saman av Kristus sjølv. Mystisk og samstundes synleg og konkret. Ein organisert fellesskap. 

Dei som vil ha Jesus, men avviser Kyrkja, gjer seg klokare enn Jesus. Det var på eit menneske sitt vitnemål Jesus erklærte at han vil byggje si Kyrkje. Og Jesus gir autoritet til menneske. «Den som høyrer dykk, høyrer meg», var hans attest til apostlane. «Det de tilgjev på jorda, er tilgjeve i himmelen, og det de fastheld på jorda, er fasthalde i himmelen», erklærte han.

Ein av dei fyrste etterfylgjarane, Ignatius av Antiokia, skreiv at «der biskopen er, der er Kyrkja». Dette sa han for å halde saman denne fellesskapen, denne Kristus-kroppen på jorda. Kyrkja var for dei fyrste kristne ikkje eit påfunn, men Guds eige framhald av Jesu gjerning. Kyrkja er synleg, fysisk og mystisk som Jesus var det og er det.

Like konkret kjem Guds nåde i ordet og sakramenta. Som konkrete, fysiske, synlege og mystiske teikn. 

Det som gjennom heile historia har truga den kristne Kyrkja, er gnostiske førestillingar om ånd utan kropp. Men kristendom har kropp, nåde og nådemiddel, mysterium og organisasjon. Sjølv om kyrkjeleiarar både i aposteltida og seinare har svikta, fornekta og flykta. Kyrkja har alltid vore menneskeleg, av tilgitte menneske.

 

Ottar Myrseth, biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

 

(Tidlegare publisert i Dagen)