Kan ein kalle seg for ein kristen teolog utan å tru at Jesus verkeleg er oppstanden?

23.05.2020
Daniel Kydland
Jesu oppstandelse Historisitet Oppstandelse Troverdighet Teologi Myter Trosbekjennelse Tro Økumenikk

Det har dei siste åra stått fram fleire teologar, også profilerte, som meinar at ein ikkje skal forstå oppståda til Jesus som historisk, konkret, fysisk og verkeleg.

Daniel Kydland (Foto: Gjermund Øystese)

Bjørn Eidsvåg til dømes skreiv 1. april 2018 på Twitter: «Plasserer vi oppstandelsen i logos - rasjonaliteten, sliter vi, men plasserer vi den i mythos kan den være, vakker, viktig og livgivende selv i logos.» (twitter.com/eidsvag 1.Apr 2018). Her ymtar Eidsvåg at den konkrete trua på oppstoda ikkje er rasjonell (logos), men at om ein plasserer den i mythos (dvs. myte, fortelling etc.) så kan den gje meining. Mange tenkjer kanskje dette er ein dårleg aprilsnarr, men det er det diverre ikkje.

I sjølvbiografien Tro og trass (Eidsvåg, 2019) seier Eidsvåg rett ut at han ikkje kan tru på oppstoda. Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, seier at «…hans alternative kristendomsforståelse strider med det som praktisk talt hele den kristne kirke har stått og står for.» (Vårt Land 26.09.19).

Eit anna døme er professor Marcus Borg, med boka Gjenoppdag kristendommen (Borg, 2017). I den kjem det fram at Borg ikkje trur på oppstoda som fysisk eller kroppsleg. Men sidan Kristus fortsatte å bli opplevd også etter oppstoda, så er den Jesus som blei opplevd etter påske også verkeleg i dag. Slik eg forstår det tenkjer han at Kristus er oppstått og lever i dag som ein karakter ein kan oppleve, men ikkje som ein ekte og konkret person. 

Om den kristne kyrkja skulle forkynt dette, hadde den mista truverda si. Hadde apostlane forkynt oppstoda som ein filosofisk idé, ville det kanskje ikkje eksistert kristne kyrkjer i dag. Evangeliet må forståast konkret om det skal ha truverd, ikkje minst gjelder dette oppstoda.

I ein samtale med biskop Halvor på litteraturhuset i Bergen i november 2019, spelar Eidsvåg den historiske hendinga, og fortellinga om oppstoda ut mot kvarandre. Han grunngjev det med at den historiske hendinga ikkje lar seg prove. Vidare i samtalen avskriver han den historiske oppstoda, og seier den er uinteressant sidan ingen kan vite om den verkeleg har skjedd. Det viktigste seier han er kjærleiken, håpet og å gje seg hen. 

Eg er heilt einig med at dette er sentrale delar av den kristne trua. Men nøyer ein seg med berre dette, utan å og inkludere overbevisninga om at den konkrete oppstoda faktisk skjedde, har ein og fjerna grunnlaget for kjærleiken, håpet og hengjevnaden, då dei alle spring ut ifrå trua på den konkrete oppstoda - og livet i den oppstandne.

Problemet med Eidsvåg og Borg sin teologi er at dersom ein berre kan tru det ein kan forstå i det logiske, så har ein forlatt det mest elimentære premisset til teologien - nemleg trua. Ergo blir det inga tru men kunnskap. Om tru seier Johannesevangeliet: «…han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» For oss kristne handlar det altså primært om tru, ikkje om kva ein kan vite eller ikkje.

Då blir spørsmålet, kan ein kalla seg for ein kristen teolog med ei slik forståing? Når ein har forlatt premisset om den faktiske, konkrete oppstoda, då avviker ein ikkje berre ifrå premisset om tru men og frå dei økumeniske truvedkjenningane, som har sitt grunnlag i Bibelen. Då har ein altså gått ifrå forståinga det økumeniske felleskapet har av kva ei kristen lære må innehalde. Det er plass for alle i kyrkja, men det er ikkje plass for ei lære som avviker frå dei økumeniske vedkjenningane - her må ein skilje mellom person og lære. Det skal vere rom for personen, men ikkje for læra.

Premissa for den kyrkjelege teologien er som sagt forlatt av både Eidsvåg og Borg. Men må ein halde fast på dei kyrkjelege premissa for å vere teolog? Ikkje nødvendigvis, samstundes må ein nesten då setje opp eit skilje mellom kristne og ikkje-kristne teologar. Når tilfelle er at heile den økumeniske og verdsvide kyrkja er einige om at den ortodokse forståelsa av oppstoda er å forstå den som konkret, fysisk, kroppslig, historisk, ekte og verkeleg, og dette er det mest grunnleggjande premisset for eksistensen til kyrkja, då er det iallfall kunstig at mennesker som ikkje godtar desse premissene skal kunne kalla seg for kristne teologar. Eg meinar sjølvsagt at ein skal ha lov til det. Men det kyrkjelege premisset om oppstoda er så grunnleggjande at om ein ikkje godtar det, ja, så står ein nesten for ein annan religion. Som Paulus seier det i 1 Kor 15, 14-15:  Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar. Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp.

Poenget mitt er ikkje at ein ikkje skal vere raus, men med teologar må ein ha visse ting avklart. Eit av problema her er skilje mellom den kyrkjelege og den akademiske teologien. Medan kyrkjeleg teologi må ta utgangspunkt i kyrkjelege premissar, stiller ein ikkje same krav til akademia. At røyster som dette får innpass i den kristne, akademiske teologien er ikkje det noko problem, ihvertfall ikkje det primære problemet. Sidan den heller ikkje er like bunden som kyrkja er av kyrkjelege premissar og kan difor romma meir enn kyrkja si teologi. Det som blir problematisk er om slike røyster får innpass i den kyrkjelege teologien. For er ikkje Jesus oppstanden så er kyrkja berre ein samfunnsinstitusjon. Men er han oppstanden så er kyrkja ein stad der ein kan få møte den verkeleg levande og verkeleg oppstandne Jesus Kristus, igjennom ord og sakrament. Og kyrkja er også eit åndeleg felleskap bortanfor tid, rom og vår forståing. 

Difor vil eg påstå Eidsvåg og Borg er teologar, og også gjerne gode teologar, men då som akademikarar. Dei er ikkje nokon kristne teologar, iallfall ikkje om ein tar utgangspunkt i den økumeniske, kyrkjelege og ortodokse forståinga. Difor bør dei heller ikkje få noko å seie i kyrkja, noko dei heldigvis i liten grad har. Eg seier ikkje med det at ein ikkje skal samtale med slike teologar som kyrkje, men då er det som dialog mellom to ulike livssyn, ikkje som forkynning. 

Når Eidsvåg seier at oppstoda må plasserast i Mythos for så i Logos, bommar han grovt. Oppstoda må plasserast i mysteriet, den kan ikkje forståes, den kan først og fremst bli trudd på. Forlater ein premissa om tru og mysterie til fordel for logikken, så kan ein etter mi meining ikkje kalla seg for ein kristen teolog, fordi den kyrkjelege teologien er bunden av økumeniske, ortodokse og historiske rammer. 

Lat oss difor feira påska si bodskap om Jesu` verkelege, historiske, konkrete og kroppslege oppstode med jubel og glede over han som var død men som lever. Kristus er oppstanden, ja, han er verkeleg oppstanden. Ære vere kjærleiken som er sterkare enn døden!