Klokt om den gode konfronteringa

05.07.2019
Sofie Braut
Bokanmeldelser Forkynnelse Respekt Påvirkning Formidling Nøytralitet Pedagogikk Unnvikelse Konfrontasjon

I 2007 gav Carsten Hjort Pedersen ut boka «Påvirkning med respekt», og no var tida komen for ei nødvendig og etterspurt revidering.

Påvirkning med respekt

I den oppdaterte utgåva som vart utgjeven i Danmark tidlegare i år, er tematikken den same, men målgruppa er utvida, slik at årets utgjeving «Påvirk med respekt» har ei lettare tilgjengeleg framstilling og vender seg til alle som er i ei rolle der dei påverkar andre. Siktemålet er dermed svært vidt og boka er, i følgje forfattaren sjølv, både for foreldre, pedagogar, frivillige leiarar, prestar og forkynnarar. 

Alt ut frå den lett justerte tittelen, anar vi at Pedersen gjennom imperativsforma ikkje berre vil skildra korleis påverknad føregår, men også vil oppmuntra og utfordra oss til å påverka gjennom dei rollene vi måtte ha. Det i seg sjølv er ein spennande innfallsvinkel i ei tid der vi kan seia at det eksplisitte ønsket om å påverka andre, som til dømes ligg til grunn for kristen misjon, evangelisering og apologetikk, fort vert mistenkeleggjort. Skulen vert gjerne framstilt som ein «nøytral» arena og visse framstillingar får gjerne innpass som objektive endå dei fleste er klar over at rein objektivitet korkje er mogleg eller ønskjeleg. Som forfattaren sjølv formulerer det: «ikke-påvirkning, det finnes ikke». 

Dermed vert tematikken til Hjort Pedersen ikkje i kva grad ein skal påverka, men å hjelpa lesaren til å verta medviten om kva som er den gode påverknaden. Dette i seg sjølv gjer at mange vil kunna lesa boka med stort utbytte berre gjennom å ha ei praktisk tilnærming der ein søkjer råd og tips for å bli bevisst dei ulike mekanismane som er i spel når vi står framfor andre med noko på hjartet. 

Kapittel 2 i boka presenterer det forfattaren kallar «en tænke- og handlemodel», som på ein både lettfatteleg og ryddig måte gir ei framstilling av dynamikken mellom den som vert påverka og den som påverkar. Modellen har Hjort Pedersen utvikla med utgangspunkt i kvalitative intervju, faglitteratur, film og romanar og er såleis godt underbygd med varierte døme og innfallsvinklar. I 2007-utgjevinga var dette ein modell som var avgrensa til lærar-elevrelasjonen, men denne er no fortenestefullt allmenngjort slik at han no passar til alle typar situasjonar der ei viss type «pædagogisk magt» er i spel. Gjennom heile framstillinga av denne modellen vert omgrep godt forklarte, det er på eitt vis nødvendig med tanke på den vide målgruppa boka har, men ein kan kjenna på at det vert i overkant omstendeleg - om aldri så matnyttig. At modellen er gjort greie for både med ord og litt monotone illustrasjonar, bidreg til å forsterka det overforklarande inntrykket. Men matnytting er dette så absolutt og Hjort Pedersen slepper ikkje sitt praktiske siktemål av syne. Døma han trekkjer inn, er både livsnære og varierte, og mange vil kunna kjenna seg att. Kort fortalt viser forfattaren gjennom framstillinga si at det som «kan gå galt i påvirkningens rum» dreier seg om at den som skal påverka, anten går for tett på eller vert for unnvikande. For desse fallgruvene nyttar han omgrepa intimisering og desertering. Mellom desse to omgrepa opnar modellen rommet for den konstruktive påverknaden, uttrykt gjennom omgrepsparet konfrontering og tilbaketrekking. Desse to uttrykkjer både det faktum at mange menneske ønskjer påverkarar som faktisk vil dei noko, men der tillit er heilt avgjerande, og likeins forståinga av at det å trekka seg attende og gje plass til den andre er nødvendig. 

Modellen vert nokså utførleg utforska og drøfta i ulike kontekstar, og også dei svake sidene ved framstillinga vert tekne opp, og igjen står det utførlege og grundige preget og vippar litt mot det pedantiske. Men både eit tilgjengeleg språk og det aktuelle innhaldet bidreg til at Hjort Pedersen landar framstillinga på ein god måte alt i alt. Det bør understrekast at boka gir ei god innføring i både makta og ansvaret, men også moglegheitene og håpet som knyter seg til det privilegiet det i grunnen er å få vera i ei påverkarrolle. For den urøynde er det lærerikt og for den erfarne er her mange punkt som er verde å verta minna om. 

Det verkeleg engasjerande ved denne boka, og som står som ein motsetnad til det eg har sagt om ei til tider noko seig framdrift, er forfattarens resolutte oppgjer med ideen om den «nøytrale» påverknaden. Denne tanken gjennomsyrer heile boka, utan på noko punkt å bli påtrengande. La meg ta med eit sitat for å illustrera: 

«Nogle vil måske hævde, at vi kan unngå den religiøse intimisering ganske enkelt ved at undlade at med det religiøse eller ved at gøre det på en neutral måde. Det kan lyde som en besnærende vej til at undgå påvirkningens farer. Men denne vej er ufarbar, for også manglende eller såkaldt neutral påvirkning er påvirkning” (s. 97).

Det vi anar i tittelen vert tydeleg i lesinga: Hjort Pedersen vil at vi skal vera medvitne påverkarar, men han vil at vi skal villa noko, og sjølv om boka har eit allment siktemål, er det tydeleg at han utfordrar alle kristne påverkarar til å våga seg høgare på banen. For sjølv i ei tid, ja særleg i den tida som ofte framstiller nøytraliteten som eit moderne nirvana, trengst den medvitne påverknaden (som står langt frå usunn indoktrinering). Som forfattaren treffande seier det: «Det er også naivt, hvis man hævder, at mainstream-kulturens agnosticisme og religions-relativisme er neutrale positioner, som i sig selv hindrer indoktrinering, social kontrol og tvang.» Dette er berre meir aktuelt enn nokon gong, og vi treng den offensive påverkaren overalt i kristne samanhengar som, gjerne påverka av Carsten Hjort Pedersens modell, verkeleg vågar den tydelege konfronteringa, men som skapar rom rundt dei han vil påverka ved å trekka seg tilbake når det trengst.

 

Carsten Hjort Pedersen

Logosmedia og Credo

175 sider

2019